Pho (vietnamesisk phở, uttalt anten cfʌ, , fər eller fəʊ;[1] Høyr Høyr) er ei vietnamesisk suppe av kraft, nudlar, grøne grønsaker og/eller urter og ulike typar kjøt.[2][3] Mest vanleg er storfe (pho bo) eller kylling (pho ga).[4]

Ei skål med pho i Ho Chi Minh-byen.
Pho med kylling.

Retten er utbreidd som snøggmat og finare restaurantmat i Vietnam,[5] og blir ofte kalla den vietnamesiske nasjonalretten.[6] Pho kan etast alle tider på døgeret. Det er vanleg å eta suppa med etepinnar og suppeskei.

Suppa kan førast tilbake til Nord-Vietnam tidleg på 1900-talet. Opphavet er dårleg dokumentert,[7][8] og både dei kulinariske påverknadane på retten og ordsoga til sjølve ordet er omstridde.[9] Pho blei spreidd til resten av verda takka vera flyktningar etter Vietnamkrigen.[10]

Ingrediensar og tillagingEndra

 
Ein typisk krydderpakke for pho med kokepose.

Kjøt og kraftEndra

 
Pho servert med lime og chili.

Tradisjonell pho-kraft tek fleire timar å laga.[11] For pho med storfekjøt koker ein storfebein og magert kjøt som oksehale, bryst eller flankesteik/slagside. I Sør-Vietnam kan ein også bruka sener, mage eller kjøttbollar. Høns eller kylling kan brukast på liknande vis, eventuelt med nok innvolar som hjarte, uutvikla egg og krås.[12][11]

Kjøtet blir kokt saman med lauk og ingefær og laukt som er blitt steikt på sterk varme, i blant over open eld, og ulike krydder. Vanlege krydder er vietnamesisk kanel (Cinnamomum loureiroi) eller andre kaneltypar, stjerneanis, svart kardemomme, koriander, fennikel og nellikspiker. Dersom dei blir brukt heile koker ein dei ofte oppi ein pose slik at dei ikkje flyt laust i suppa. Det går også an å bruka krydder i pulverform. Mot slutten av koketida kan ein tilsetja fiskesaus (Nước mắm).

For å halda krafta klar er det vanleg å ta ut skum og liknande som flyt til toppen av suppa.

NudlarEndra

Nudlane brukte i pho er flate risnudlar, som regel av typen bánh phở eller kuy teav (hủ tiếu).[13] Nordlege variantar er gjerne litt breiare enn dei frå Sør-Vietnam. Pho-nudlar blir laga av ris av god kvalitet. Dei er svært kvite, litt klisset og smaker litt syrleg.[6]

Grønsaker, urter og sausarEndra

 
Bord i ein pho-restaurant med vanlege sausar, som sriracha, og bestikk.

Vietnamesiske rettar blir typisk servert med mange grønsaker og urter som garnityr eller ved sida av. Det er vanleg å servera pho med vårlauk, laukskiver, bønnespirer, thaibasilikum (O. basilicum var. thyrsiflora), korianderblad eller meksikansk koriander, fersk chilipepar, sitron- eller limebåtar. Ulike sausar kan tilsetjast etter smak, til dømes hoisinsaus, sriracha eller fiskesaus.[11][14]

VariantarEndra

 
Pho ga servert på gata i Hanoi i typisk nordleg stil utan tilbehøyr ved.

Det finst fleire ulike regionale variantar av pho i Vietnam, med eit særleg skilje mellom «nordleg pho» (phở bắc) og «sørleg pho» eller «Saigon-pho» (phở Sài Gòn). Nordleg pho hargjerne litt vidare nudlar og meir vårlauk, og blir typisk berre servert med eddik, fiskesaus og chilisaus. Sørleg pho har gjerne ei litt søtare kraft og blir servert med bønnespirer og fleire ferske urter. Også anna tilbehøyr ser ut til å ha oppstått i sør.[7]

Pho med ekstra feit kraft (nước béo) blir servert med vårlauk som mildnar smaken. Hành dấm, ein lauk i eddik, er ein populær siderett

Internasjonale pho-variantar kan vera vegetariske (phở chay), med tofu og grønsakkraft, og kan ha andre typar grønsaker, som gulrot og brokkoli. Andre nudeltypar kan brukast der pho-nudlar ikkje er å få tak i.

Etestader og auksjonarEndra

Ei av dei største serveringskjedene i Vietnam er Pho 24, med rundt 60 serveringsstader i Vietnam og 20 i utlandet.[15] Ei USA-amerikansk verksemd er Phở Hòa, som har over 70 serveringsstader i sju land.[16][17][18]

Verdas dyraste pho-rett blei laga i 2011, då Tiato i Santa Monica i California auksjonerte bort skåler med AnQi Phở, laga av wagyukjøt type A5, kvit trøffel, gåselverkraft og nudlar laga av den uvanlege blåe varianten av amerikansk hummar. Boda starta på 5000 dollar, og auksjonen var til inntekt for ulike barnesjukehus.[19][20]

Liknande rettarEndra

Pho-nudlar blir også brukt i fleire andre vietnamesiske rettar, som wok-steikt pho (phở xào), sautert pho (phở áp chảo), pho-vårrull (phở cuốn) og sur pho (phở chua).[21] Andre populære vietnamesiske nudelrettar er bún riêu, bún bò Huế (ei anna storfe-nudelsuppe), bún chả, hủ tiếu, bún thịt nướng, og mì Quảng.[22]

KjelderEndra

  1. «pho, n.», Oxford English Dictionary (3. utg.) (Oxford University Press), mars 2006 

    «pho (British & World English)», Oxford Dictionaries (Oxford University Press), henta 23. august 2013, a type of Vietnamese soup, typically made from beef stock and spices to which noodles and thinly sliced beef or chicken are added. Origin: Vietnamese, perhaps from French feu (in pot-au-feu) 

    «pho (American English)», Oxford Dictionaries (Oxford University Press), henta 13. juli 2012 

    «pho», The American Heritage Dictionary of the English Language (5 utg.) (Houghton Mifflin Harcourt Publishing Company), 2011, A soup of Vietnamese origin typically consisting of rice noodles, onions, herbs, seasonings, and thinly sliced beef or chicken in a clear broth. 

    «pho», Random House Dictionary (Random House), 2013, henta 23. august 2013 

    «pho», Collins English Dictionary (HarperCollins), henta 23. august 2013 

  2. Scripter, Sami; Yang, Sheng (2009). Cooking from the Heart: The Hmong Kitchen in America. University of Minnesota Press. s. 25. ISBN 1452914516. Phở is made with small (1/16-inch-wide) linguine-shaped rice noodles labeled ‘bánh phở’. 
  3. «Pho», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  4. «World's 50 most delicious foods». CNN Go. 21. juli 2011. Henta 9. september 2012. 
  5. Thanh Nien staff (3 February 2012). «Vietnamese street food a gourmet’s delight». Thanh Nien News. Henta 15. oktober 2012. A visit to Vietnam would never be complete, Lister said, without the taste of food on the street, including phở - beef noodle soup,... 
  6. 6,0 6,1 Marybeth Bond (July 10, 2015), «Local Flavor: Pho in Hanoi», Taste of Travel 
  7. 7,0 7,1 Nguyen, Andrea Q. «History of Pho Noodle Soup». San Jose Mercury News, reprinted at Viet World Kitchen. Henta 22. oktober 2011. 
  8. Greeley, Alexandra (Winter 2002). «Phở: The Vietnamese Addiction». Gastronomica (Oakland, California: University of California Press) 2 (1): 80–83. ISSN 1529-3262. doi:10.1525/gfc.2002.2.1.80 – via JSTOR. (subscription required (help)). 
  9. Vương Trung Hiếu (17. juli 2012). «Nguồn Gốc Của Phở» [The Origins of Phở]. Văn Chương Việt (på vietnamesisk). Henta 16. mai 2013. 
  10. Warwicker, Michelle; Taylor, Anna-Louise (27. september 2013). «What is Vietnamese pho?». BBC. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Diana My Tran (2003). The Vietnamese Cookbook. Capital Lifestyles (illustrated utg.). Capital Books. s. 53–54. ISBN 1-931868-38-7. Henta 22. oktober 2011. 
  12. Johnathon Gold Pho Town; Noodle stories from South El Monte Dec. 12-18 2008 LA Weekly
  13. «Vietnamese Noodles 101: Banh Pho Flat Rice Noodles - Viet World Kitchen». Viet World Kitchen. Henta 12. november 2015. 
  14. Gross, Matt (6. mars 2014). «The Annoying Food Snob's Guide to Eating Pho With Sriracha». Bon Appétit (Condé Nast). Henta 2. januar 2015. 
  15. Nguyen, Lan Anh (14. februar 2011). «Starting From Scratch». Forbes Asia (Forbes). Henta 27. mai 2013. 
  16. Loh, Laura (13. mai 2002). «The Next Ethnic Dish of the Day: Vietnamese Pho». Los Angeles Times (Tribune Company). Henta 27 May 2013. 
  17. Hsu, Tiffany (21. mars 2008). «Cooking up a growth plan». Los Angeles Times (Tribune Company). Henta 27. mai 2013. 
  18. «Company Information». Phở Hòa. 3. juli 2012. Henta 27. mai 2013. 
  19. Shatkin, Elina (11. mai 2011). «World's Most Expensive Pho Goes on Auction Block». LA Weekly (Voice Media Group). Henta 30. mars 2015. 
  20. William-Ross, Lindsay (18. mai 2011). «Is There Such a Thing in L.A. as a $5,000 Bowl of Pho?». LAist. Gothamist. Henta 30. mars 2015. 
  21. Vũ Thế Long (18. september 2009). «Phát hiện mới về phở (Bài 2): 'Giải phẫu' một bát phở bò» [New discoveries about pho (2nd article): 'Dissecting' a bowl of beef pho]. Báo Thể thao & Văn hóa (på vietnamesisk) (Vietnam News Agency). Henta 26. mai 2013. 
  22. «40 delicious Vietnamese dishes». CNN Travel. CNN. Henta 12. november 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Phở
  Wikibooks Cookbook har oppskrifter for: Pho