Raudstjert

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Phoenicurus phoenicurus)
Raudstjert
Raudstjert
Raudstjert
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av raudstjert
Utbreiinga av raudstjert
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Phoenicurus
Art: Raudstjert P. phoenicurus
Vitskapleg namn
Phoenicurus phoenicurus

Raudstjert (Phoenicurus phoenicurus) er ein insektetande fugl som høyrer til slekta Phoenicurus i gruppa raudstjertar. Han er trekkfugl og hekkar i store delar av Europa og Sentralasia, og i det aller nordlegaste Afrika, og overvintrar i det sentrale Afrika.

Taksonomi endre

Raudstjertane er ein distinkt klade av fleire fugleartar.[1] Det rår ikkje konsensus om kva familie gruppa høyrer til. Før vart gruppa plassert i trastefamilien, men i dag vil mange plassere gruppa i familien flugesnapparar (Muscicapidae) i underfamilien Saxicolinae saman med mellom andre buskskvettar i slekta Saxicola og slekta Oenanthe, steinskvettar.[1] Arten raudstjert vert oftast delt opp i to underartar:

  • P. p. phoenicurus - nominatforma hekkar i Europa, Kasakhstan og Sibir. Denne underarten overvintrar i tropisk Afrika
  • P. p. samamisicus – hekkar lengre sør, frå Krimhalvøya og Tyrkia i vest til Afghanistan i aust. Denne underarten overvintrar i det nordaustre Afrika.

Utsjånad endre

 
Vaksen hann av nominatforma i sommardrakt.
 
Vaksa ho i sommardrakt.

Raudstjerten er ein slank fugl på 13-14,5 cm, og veg 12-20 gram. Han sit ofte på låge greiner eller små buskar og vibrerer med stjerten. Fuglen har svart kvasst nebb, typisk for insektetande fuglar, og svarte bein. Han sit ofte oppreist og dirrar på den rustraude stjerten. Den vaksne hannen har om sommaren ei iaugefallande farga fjørdrakt med djupsvart ansikt og hals, kvit panne, grått hovud, nakke og rygg og brunaktige vengar. Brystet, buken og stjerten er skarpt teglraude, der dei mellomste stjertpennane er mørkebrune til svarte. Hoa er meir anonym i fargen, brunaktig med lyst beige bryst og kvit buk og undergump, medan stjerten er som på hannen. Seint på sommaren får raudstjerten ei drakt med lyse fjørbremmar, noko som gir fuglen ein utvaska utsjånad. Dei lyse bremmane vert slitne vekk gjennom vinteren. Dette resulterer i hannen si kraftfullt farga praktdrakt om våren.

Læte endre

Hannen byrjar synge i den første lysninga om morgonen. Songen, som varer 2-3 sekund, byrjar med eit høgt hiii følgd av 5-6 djupe og rullande dy-dy-dy-dy-dy. Han hermar også etter andre fuglar. Lokkelåten minner om lauvsongaren si mjuke tostava huit, men vert ofte avslutta med eit hardt tikkande læte, tick-tick-tick.

Utbreiing endre

Raudstjerten er ein trekkfugl som hekkar i det nordvestre Afrika, over store delar av Europa og i Sentralasia, vidare austover gjennom Sibir så langt som til Bajkal. Fuglen overvintrar i det sentrale og vestlege Afrika, samt lokalt på Den arabiske halvøya.[2]

Førekomst i Noreg og trekktilhøve endre

Raudstjerten hekkar i det meste av landet, til langt opp i bjørkebeltet, men er lite talrik langs vestkysten. Fuglen likar opne skogar, og er ein karakterart for dei turre og fattige furuskogane. I august-september flyg raudstjertane sørover til savannebeltet nord for ekvator. Dei kjem attende i slutten av april og i mai.

Hekking endre

 
Vaksen hann som fangar insekt i flukt.

Raudstjerten plasserer reiret først og fremst i holrom i tre, men også i bygningar, hol på marka, steinrøyser og rugekasser. Hoa bygg eit reir av turre strå. Ho legg 5-7, sjeldan 3-10, einsfarga lyst blågrøne egg som ho rugar i 11-15 døgn. Ungane vert i reiret i 12-15 døgn og vert fora av begge foreldra. Denne fôringa held fram ei tid etter at ungane er ute. Raudstjertane har gjerne to kull gjennom ein sesong.

Gauken legg ofte egget sitt i raudstjertreiret.

Føde endre

Raudstjerten lever av insekt, både larver og vaksne, og av edderkoppar. Hannane fangar mange insekt i flukta og driv matleiting oppe i trekronene, medan hoene søker etter mat i buskar og undervegetasjon, og ned på marka. Dette skiljet gjer at raudstjertane utnyttar territoriet betre. Seint på sommaren og om hausten et raudstjertane også bær.

Kjelder endre

  • Svensk Wikipedia.
  • Engelsk Wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. (editors). (2006). Handbook of the Birds of the World, Band 11: Old World Flycatchers to Old World Warblers. Lynx Edicions. ISBN 84-96553-06-X.
  2. Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudstjert