Pigs (Three Different Ones)

Pigs (Three Different Ones)
Song av Pink Floyd
frå albumet Animals
Utgjeve 23. januar 1977 (Storbritannia)
2. februar 1977 (USA)
Innspelt April – mai 1976
Sjanger Progressiv rock, bluesrock, hardrock
Lengd 11:28
4:05 (promoversjon)[1]
Selskap Harvest (Storbritannia)
Columbia/CBS (USA)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd

«Pigs (Three Different Ones)» er ein song frå Pink Floyd-albumet Animals frå 1977. I dei tre partane av albumet, «Dogs», «Pigs» og «Sheep», representerer grisane folka som Roger Waters reknar sit på toppen av samfunnet, dei rike og mektige, som manipulerer resten av samfunnet og oppfordrar til å vere vondskapsfull konkurrerande og harde, slik at grisane kan forbli mektige. Det vart gjeve ut promoeksemplar av songen i Brasil, men ikkje for vanleg sal, der songen var korta ned til like over fire minuttar.[1]

Oppsummmering endre

Dei tre versa i songen representerer forskjellige «grisar», og kven desse er har vore gjenstand for spekulasjonar[2] og berre i tredje verset er personen klart identifisert som moralforkjemparen Mary Whitehouse, som vert skildra som «house proud town mouse» som må «keep it all on the inside.»[3] I 1992 fortalte Roger Waters i eit intervju med Jim Ladd at «Whitehouse» ikkje hadde noko å gjere med Det kvite huset til den amerikanske presidenten.

Halvvegs gjennom songen brukar David Gilmour ein Heil talk boxgitarsoloen, for å etterlikne lyden av grisar. Dette var første gongen Pink Floyd brukte talk box.[4] Gilmour spelar òg ein bandlaus bassgitar, med plekter, og spelar to korte, synkoperte bassoloar - ein før det første verset og ein før det tredje. Når det siste verset endar og gitarsoloen byrjar, går basslinja over til ein drivande rytme med åttandedelsnote, som glir opp og ned i e-moll-skala i oktavar, under akkordane Em og C7.[5] Roger Waters, som vanlegvis var bassisten i bandet, spelar rytmegitar på songen i staden for.

På somme kassettversjonar av albumet er denne songen delt i to etter det første verset, og tonar ut på side ein og inn att på side to for at heile albumet skulle få plass på begge sidene av lydbandet.

Konsertversjonar endre

Den normale lengda av songen på konsertane deira var kring 17 minuttar, men vart stundom dradd ut til 20 minuttar, samanlikna med lengda på albumversjonen som er litt over 11 minuttar. På konsertutgåvene var det fleire endringar: det vart spelt ein ekstra gitarsolo etter det andre verset, talkbox-soloen vart bytta ut med ein Minimoog-solo og over avslutninga vart det lagt til ein roleg, hammondorgel basert del og ein reprise av gitarsoloen som eit crescendo med aggressiv tromming. Waters, som song på både studio- og konsertversjonen, la til signaturskriket sitt då songen vart framført på konsertane i 1977.

Under turneen i 1977 ropte Waters ut forskjellige tal på kvar konsert. Dette var visstnok for å kunne identifisere piratkopiinnspelingar.[6] Snowy White spelte bassgitar medan Waters spelte elektrisk rytmegitar.

Då songen vart framført i Montreal den 6. juli 1977, skal ein fan ha kasta ei ølflaske opp på scenen og gjort Waters rasande. Då bandet spelte klimakset av songen, ropte Waters at personen kunne få komme opp på scenen, men i staden for å hjelpe han opp, spytta Waters han i trynet. Denne konserten og hendinga, som det finst piratkopiopptak av, skal ha vore medverkande til å danne grunnlaget for det neste albumet til Pink Floyd, The Wall.[7]

Under Radio K.A.O.S.-turneen i 1987 framførte Waters ein kortare versjon av songen med berre dei to første versa og ei kortare gitarsolo mellom dei, som ein del av ein lengre Pink Floyd-medley.

Songen vart òg framført av Waters i 2017 på Us + Them-turneen med anti-Trump-bilete («Fuck Trump» vart endra til «Trump Is a Pig» etter kvart). Waters spelte her bass sjølv. I USA Skal anti-Trump-meldingane har vore stort sett positivt motteke, men somme bua og forlet til og med konserten då desse bileta vart vist. Waters svarte desse anti-Trump-kritikarane at «eg syns det er overraskande at nokon kan ha lytta til songane mine i 50 år utan å forstå det» og sa til desse at om dei ikkje likte kva han gjorde så kunne dei «gå å sjå Katy Perry eller Kardashians. Eg bryr meg ikkje.» Waters sa òg at på grunn av anti-Trump-bileta så mista han sponsorar som American Express, som nekta å ha selskapet sitt knytt til konsertane hans.[8]

Medverkande endre

Innspelingsdatoar: April og mai 1976 i bandet sitt Britannia Row Studios i Islington i London.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Pigs (Three Different Ones)». Pink Floyd. CBS Records. 1977. GP-923. 
  2. DeGagne, Mike. Pigs (Three Different Ones)Allmusic
  3. Blake 2008, s. 243–244
  4. «Animals: Trivia and Quotes». BWP. Arkivert frå originalen 11. oktober 2010. Henta 4. juli 2019. 
  5. Guitar World, Issue #22
  6. Tarquini, Stefano. «The Roger Numbers Game». Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 4. juli 2019. «The drummer [Nick Mason], through his agent and friend, Ben Sutton, has answered me that the numbers shouted from Waters in 'Pigs' were to identify the bootlegs recordings (literally in the letter: 'The numbers in Pigs that you mentioned were ... to identify bootleg recordings!').» 
  7. Ellis, Wray (13. september 2008). «Pink Floyd - Olympic Stadium, Montreal, Canada, July 6th 1977». Brain Damage. Henta 4. juli 2019. 
  8. Maine, Samantha (5. august 2017). «Roger Waters tells anti-Trump tour critics to 'go see Katy Perry' instead». NME.com. NME. Henta 5. august 2017. 
  9. Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8

Bakgrunnsstoff endre