RaumaRock er ein musikkfestival som blir arrangert årleg, første helga i august, i Åndalsnes i Møre og Romsdal. Frode Nakken har vore festivalsjef sidan festivalen starta i 2002. I 2008 mottok RaumaRock kulturprisen frå Rauma kommune.

Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra på RaumaRock 2008
Foto: Joar Rødhammer

Historikk endre

Festivalen vart arrangert første gong 24. august i 2002 med Kaizers Orchestra som det store trekkplasteret. Krace frå Hamar og Tantra frå Molde spela også, i tillegg til Mortal Fate frå Rauma. 2002 var det einaste året festivalen som heile gjekk føre seg på Troa-området som ligg litt utanfor Åndalsnes sentrum.

I 2003 vart festivalen utvida til to dagar og arrangert 15.-16. august. Ein dag med inne-konsertar på Grand Hotel Bellevue på Åndalsnes, og ein dag med utekonsertar på Troa-området. Dette året var det tolv artistar som deltok. Briskeby, Gåte, og Gluecifer var på toppen av lista. Av lokale band stod Mortal Fate og Bilsjuk på scenen.

I 2004 bestemte festivalen seg for å flytte frå Troa og inn til Åndalsnes sentrum, heilt nede ved sjøkanten, og der har festivalen vore verande sidan. Festivalen vart arrangert 6. til 7 august. Formatet med ein dag inne og ein dag ute vart vidareført. Øvst på plakaten i 2004 var Savoy og Ralph Myerz & The Jack Herren Band, etterfølgt av Black Debbath, Ravi & DJ Løv, Silver og Sivert Høyem. Datsun med Kristopher Schau i spissen hadde sin avskjedskonsert på RaumaRock 2004.

I 2005 tok RaumaRock eit steg opp. Med band som Madrugada og Bigbang på plakaten var det klart for ein skikkeleg folkefest. Gåte hadde også, etter kraftige ønskje frå publikum, tatt turen tilbake, i tillegg til artistar som Audrey Horne, Christer Knutsen og Jo Nesbø. 2005 var også første året Øresus vart arrangert, og har etter dette vore ein årleg konkurranse der "ukjente" band kan få ein sjanse til å få spele på ein større scene. Oslobandet Pork Flavor stakk av med sigeren dette første året.

I 2006 gjekk RaumaRock bort frå konseptet med ein dag inne og ein dag ute og endra til to fulle dagar med utekonsertar midt i Åndalsnes sentrum. Øvst på plakaten stod Dum Dum Boys og Turboneger. Andre artistar inkludert var Mira Craig, Hurra Torpedo, My Midnight Creeps og Stonegard. I tillegg spelte også Ricochets sin aller siste konsert på RaumaRock dette året.

I 2007 var både Bigbang og Ralph Myerz tilbake. Denne gongen saman med DeLillos i 1985 utgåve, Bo Kaspers Orkester frå Sverige, og dei store black-metal stjernene i Satyricon. I tillegg kunne ein også høyre kritikerfavorittane 120 Days, i tillegg til Heroes & Zeros, Hopalong Knut og Skambankt. For 6. år på rad sette RaumaRock ny publikumsrekord, og hadde festa seg som ein av dei store norske festivalane.

Festivalen utvida også i 2008, no til eit 3-dagars format. Første dag med innandørskonsertar i det nye Rauma Kulturhus, andre og tredje dag med utandørs konsertar i Åndalsnes sentrum. Dette året kom Kaizers Orchestra tilbake til Åndalsnes. Bandet som hadde vore med på å starte det heile i 2002 var eitt av dei store namna dette året. I tillegg var Madrugada og dei irske 90-talsheltane Ash på lista. Av andre kan nemnast The Cumshots, The Disciplines, Moving Oos, Katzenjammer, Stalingrad Cowgirls og Amalee.

I det 8. året til festivalen stod band som Motorpsycho, Bigbang, Kaizers Orchestra, Enslaved og CC Cowboys på scenen på RaumaRock. Rundt 7000 personar møtte opp. Festivalen kunne konstatere at det å sette opp overskrifter som BigBang og CC Cowboys tidleg på dagen kom heldig ut. Årets store "snakkis" vart noko så spenstig som å halde ein av overskriftene, Kaizers Orchestra, hemmeleg heilt til dei gjekk på scenen.

Tal på oppmøtte endre

  • 2002: ca 500
  • 2003: ca 1500
  • 2007: ca 6000
  • 2008: 7000 (På kaia: 6300, Klubbdagen: 700) [1]
  • 2009: 7000 [2]
  • 2010: 6000-6500 [3]

Fotnotar endre

  1. Tidenes RaumaRock
  2. Rundt 7000 på Raumarock[daud lenkje]
  3. Fornøyd dagen derpå, arkivert frå originalen 22. august 2010, henta 24. september 2010 

Bakgrunnsstoff endre