Rave On
Singel av Buddy Holly
frå albumet Buddy Holly
B-side

«Take Your Time»

Utgjeve 20. april 1958
6. juni 1958 (Storbritannia)
Innspelt 25. januar 1958, Bell Sound Studios, New York City
Sjanger Rock and roll
Lengd 1:47
Selskap Coral 9-61985
Coral Q 72325 (UK)
Låtskrivar(ar) West-Tilghman-Petty
Produsent Milton DeLugg
Buddy Holly-kronologi 
«I'm Gonna Love You Too»
(1957)
Rave On «Early in the Morning»
(1958)


«Rave On» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty i 1958. Han vart først spelt inn av West for Atlantic Records, som gav ut sin versjon i februar 1958.[1] Buddy Holly spelte inn songen seinare det same året, og hans versjon vart ein hit. Det er ein av dei seks innspelingane hans som gjekk inn på salslista i 1958.

Bakgrunn endre

Dei fleste av Holly sine innspelingar var produserte av Norman Petty, som òg var manager for Holly, og dei spelte inn musikken i studioet til Petty i Clovis i New Mexico. «Rave On» vart derimot produsert av Milton DeLugg og spelt inn i New York City. Tittelen var inspirert av Sun Records-innspelinga «Dixie Fried» av Carl Perkins frå 1956, der «rave on» vert nytta i refrenget. B-sida til Holly-singelen var «Take Your Time».

Holly si utgåve av «Rave On» er rangert på 155. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]

Innhald endre

Første utgåve endre

  1. «Rave On»
  2. «Take Your Time»

Tysk utgåve endre

Som Buddy Holly and the Crickets

  1. «Rave On»
  2. «Ready Teddy»

EP (britisk) endre

  1. «Rave On»
  2. «Take Your Time»
  3. «Early in the Morning»
  4. «Now We're One»

Andre versjonar endre

Coverversjonar av «Rave On» har blitt spelt av Bruce Springsteen and The E Street Band, Commander Cody, Status Quo, M. Ward og folkrockbandet Steeleye Span. Han vart ein hit for The Delta Cross Band i Danmark i 1980.

Kjelder endre

  1. «RHOF Inductee: Sonny West». Rockabillyhall.com. 21. mars 1997. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 10. februar 2018. 
  2. «Rock List Music». Henta 10. februar 2018.