Reaktiv straum
Reaktiv straum er den komponenten av ein tidsvarierande straum som er faseforskyvd 90° i forhold til spenninga. Faseforskyninga kan vera positiv (+90°) eller negativ (-90°). Omgrepet er mykje nytta i samband med vekselstraum med fast frekvens, som til dømes innan elnettet, men det vert òg nytta for vilkårlege kurveformer, som til dømes den reaktive delen av straumen til ein høgtalar frå ein effektforsterkar.
Døme
endreStraumen I (A) gjennom ein spole ligg 90° etter spenninga:
- ,
der V er spenninga (Volt), er impedansen (Ω) til spolen, , er vinkelfrekvensen (rad/s) og L er induktansen (H]) til spolen.
Straumen gjennom ein kondensator ligg 90° føre spenninga:
- ,
der er impedansen til kondensatoren og C (F) er kapasitansen til kondensatoren.
Bibliografi
endre- Carter, G.W. og Richardson, A., Techniques of circuit analysis, Cambridge Univ. Press, 1972.
- Clement, P.R. og Johnson, W.C., Electrical engineering science, McGrew-Hill, 1960.
- Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
- Edminister, J.A., Electric circuits, 1. utg., McGrew-Hill, 1965.
- Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., Engineering circuit analysis, 5. utg., McGrew-Hill.1993.
- Ivison, J.M., Electric circuit theory, Van Norstrand Reinhold Australia, 1977.