Richard Florida
Richard L. Florida (fødd 26. november 1957) er ein amerikansk professor som driv med bystudiar (urban studies) og har lagt fram teoriar om ein «kreativ klasse».
Richard Florida | |||
| |||
Fødd | 26. november 1957 Newark | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | samfunnsøkonom, universitetslærar, sosiolog | ||
Institusjonar | University of Toronto George Mason University Carnegie Mellon University | ||
Alma mater | Columbia Graduate School of Architecture, Planning and Preservation Rutgers University Columbia University | ||
Ektefelle | Rana Florida |
Liv og virke
endreFlorida er fødd i Newark i New Jersey i USA og er av italiensk opphav. Han forsvarte doktorgraden sin ved Columbia University i 1986.[1] Etter han var ferdig med doktorgraden var han tilknytt Heinz School of Management ved Carnegie Mellon University fram til 2005. Han var deretter eit par år ved School of Public Policy ved George Mason University. Florida vart professor ved Rotman School of Management ved University of Toronto i 2007.
I 2011 vart han redaktør (Senior Editor) ved The Atlantic etter å ha skrive for TheAtlantic.com i eit år.[2]
Fagområda til Florida er økonomi, statsvitskap, geografi, sosiologi og sosialvitskap med særskild søkelys på byplanlegging.
I The Rise of the Creative Class nemner Richard Florida «dei tre T-ane»: Teknologi, Toleranse og Talent og at alle menneske er kreative. Det er dette som er grunnlaget for økonomisk vekst og utvikling i følgje Florida.
Florida er ein bestseljande forfattar. Han har vore rådgjevar og inspirasjon for byar og verksemder over heile verda, slik som IBM,[3] BMW, Apple og Microsoft.[4]
Florida besøkte først Noreg i 2008, då han heldt foredrag på Citisense 08 i Larvik, ein konferanse om by- og næringsutvikling i framtida. Deretter vitja han i april 2018 konferansen The North West i Ålesund.
Floridas 7 stolpar
endre- Endre områdeplanar
- Endre skattepolitikk
- Investere i infrastruktur
- Bygge billege utleigebustader i sentrale strøk
- Høgne løna til lavtlønte
- Ruste opp fattige område
- Styrke lokalpolitikken til byane[5]
Bibliografi (utval)
endre- The Rise of the Creative Class and how itś transforming work, leisure, community and everyday life, Basic Books, New York, 2002, ISBN 0-465-02476-9.
- The Flight of the Creative Class The New Global Competition of Talent by Richard Florida, Harper Business, Harper Collins Publishers, New York, 2005, ISBN 0-06-075690-X.
- Who's Your City? How the Creative Economy Is Making Where to Live the Most Important Decision of Your Life by Richard Florida, Basic Books, New York, 2008, ISBN 0-465-00352-4.
- The Great Reset How New Ways of Living and Working Drive Post-Crash Prosperity by Richard Florida, Harper - Harper Collins Publishers, New York, 2010, ISBN 978-0-06-193719-4 (hardcover).
- The New Urban Crisis How our cities are increasing inequality, deepening segregation, and failing the middle class - and what we can do about it by Richard Florida, Basic Books, New York, 2017, ISBN 970465079742 (hardcover)
Kjelder
endre- ↑ «About Richard | Creative Class Group». www.creativeclass.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 9. august 2020. Henta 8. desember 2017.
- ↑ Joe Pompeo (28. mars 2011). «The Atlantic's 2011 hiring spree begins with Richard Florida». Yahoo.com.
- ↑ «Richard Florida Wants to Tap Your Creativity», www.reit.com (på engelsk), henta 9. mai 2023
- ↑ Jessica Davis. «THE MAN BEHIND THE RISE OF THE CREATIVE CLASS» (PDF) (på engelsk). ranaflorida.com. Henta 9. mai 2023.
- ↑ Sunnmørsposten, laurdag 14. april 2018, s. 2-3
Bakgrunnsstoff
endre- Creative Class Group, den private forskingseininga til Richard Florida
- How the Crash Will Reshape America by Richard Florida, in The Atlantic, March 2009
- Astrofysikar Eirik Newt: Richard Florida om hvordan krakket endrer USA, i blogg 2050, 18. mai 2009 Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.
- Adm. dir. Paul Chaffey i Abelia: Richard Florida om finanskrisens vinnere og tapere, i Chaffeys Blogg 18. mai 2008
- Fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik: Om Trondheim som byfylke og Richard Florida, Sør-Trøndelag Fylkeskommune[daud lenkje]
- Viktig med samarbeid i byregioner, Østlandsposten 20. september 2008
- Østlandsposten si samleside om Citisense
- I hvilken grad kan Richard Floridas teorier brukes til å forstå utviklingen i Stor-Elvdal og Løten? Masteroppgåve av Bente Hagen, Høgskolen i Lillehammer, våren 2014