Ringdans er ein kollektiv dans der ei gruppe dansarar dannar ein ring, halvring eller bøygd linje og dansar til musikalsk akkompagnement. Han kan dansast av alle utan at ein treng danna par. Til skilnad frå i linjedans held dansarane i kvarandre ved å halda kvarandre i hendene eller fingrane, ha armane på skuldrene til kvarandre eller liknande. Dansane kan vera svært enkle ved at ein går rundt i ring, eller ha meir kompliserte trinn. Dei kan vera rolege eller ville, og kan til dømes vera del av ei markering eller ei form for meditasjon.

Dansesirkel (1910) av Franz von Stuck
Ringdansande terrakottafigurar frå Korint frå 500-talet f.Kr.

Ringdans er ein eldgammal dansetradisjon som finst i mange kulturar og blir utført ved spesielle høve, seremoniar, ritual og sosialt samvær. Ein kan dansa dei til ei rekkje ulike musikksjangrar og rytmar. Moderne ringdansar kan nytta ulike tradisjonelle folkedansar, særleg frå Europa og Det nære Austen, med nyleg utforma koreografiar til gammal og ny musikk. Det finst også eit aukande repertoar av nye ringdansar til klassisk musikk og moderne popsongar.[1]

Utbreiing endre

 
Taiwanske amisfolk dansar ringdans.
 
Ringdans ved den fleirreligiøse tilstellinga Day to Praise i 2016.

I dag finn ein ringdanstradisjonar i fleire kulturar, som arabisk (Levanten og Irak), israelsk, assyrisk, kurdisk, tyrkisk, armensk, aserbajdsjansk, maltesisk og balkansk. Runddans har også hatt ei historisk viktig rolle i Bretagne, Catalonia og Irland, Sør-Amerika (særleg Peru), Tibet og blant nordamerikanske urfolk (sjå ghost dance). Ringdans kan også brukast i ulike religiøse tradisjonar, som i den engelske kyrkja[2] og i muslimske dhikr-dansar.[3]

Historie endre

Balkan endre

Gravsteinar frå mellomalderen i Bosnia og Hercegovina kjende som stećci (eintal stecak) frå 1100- til 1500-talet kan ha teikningar av figurar som likner kjeder av dansarar. Dei viser vanlegvis menn og kvinner som dansar saman, men av og til berre grupper av eitt kjønn.[4][5]

Sentral-Europa endre

Ein ringdans frå Tyskland kalla Reigen er kjend frå 900-talet, og kan ha utvikla seg frå dansar ein dansa ved tidlege kristne høgtider. Dansing rundt ei kyrkje eller eit bål blei ofte fordømt av kyrkjeleiarar, noko som berre understreker kor populært dette var.[6][7] Ein kjenner også til ringdansar frå Tsjekkia frå 1400-talet. Ein dansa gjerne rundt tre i midten av landsbyane.[8]

Middelhavsområdet endre

På 1300-talet skildra Giovanni Boccaccio korleis menn og kvinner dansa ringdans til sin eigen song eller akkompagnert av musikarar.[9] Ei freske i Siena av Ambrogio Lorenzetti, måla i 1338–1340, viser ei gruppe kvinner som dannar ei «bru» i dans akkompagnert av ei kvinner som speler tamburin.[10]

I 1577 skildra Salomon Schweigger ein ringdans ved eit gresk bryllaup han såg i Konstantinopel, hovudstaden i Det osmanske riket. Dansegruppa hadde ein forsongar, og dei andre song, trampa og trødde hardt i bakken.[11]

Skandinavia endre

 
Freske ved Ørslev kyrkje i Danmark med ein mellomalderdans med kjede

I Danmark finst gamle balladar som nemner ein lukka sirkeldans som kan opna seg opp til ein kjededans. Ein freske i Ørslev kyrkje på Sjælland frå rundt 1400 viser ni personar, menn og kvinner, som dansar på rekkje. Leiaren og nokre av dei andre ber bukettar av blomar. Når kvinner dansa er det mogleg at ein mann var leiar.[12][13] Mellomaldersongar frå Sverige nemner ofte dansing. Ein kunne danna lange kjeder der leiaren song versa og heldt takten medan dei andre dansarane song med på refrenget.[14]

Moderne ringdansar endre

Aust-Europa endre

Hora endre

 
Horadans i Nord-Makedonia

Hora er ein ringdans frå Balkan som også finst i andre land i nærleiken, som Romania og Moldova. Dansarane held kvarandre i hendene og ringen går, vanlegvis mot klokka, ved at kvar dansar går tre steg ein veg og eitt tilbake. Hora er populær i bryllaupsfestar og til høgtider, og er ein viktig del av underhaldninga på landsbygda. I Bulgaria treng ikkje dansen gå føre seg i ein ring; ein kan også danna ei kjede av dansarar.[15]

Kolo endre

Kolo er ein kollektiv folkedans som er utbreidd i ulike sørslaviske område, som Serbia. Han har namn etter ringen danna av dansarane. Kolo blir dansa av grupper av folk, minst tre og vanlegvis fleire dusin. Dei held armane rundt liva til kvarandre og dannar ein ring. Dansen har nesten ingen rørsler over livet.[16][17]

Sør-Europa endre

Sardana endre

 
Gruppe som dansar sardana i Barcelona

Sardana er ein ringdans frå Catalonia. Vanlegvis har han ein røynd dansar som leiar. Dansarane held kvarandre i hendene under heile dansen, med armane nedovervende i forma curts og løfta til skulderhøgd i llargs. Dansen stammar frå Empordà-området, men auka i popularitet i heile Catalonia på 1900-talet. Det finst to hovudtypar, den opphavlege sardana curta (kort sardana) og den n yare sardana llarga (lang sardana).[18]

Syrtos og kalamatianos endre

Syrtos og kalamatianos er greske dansar der dansarane held hender og vender seg mot høgre i ei bogande rekkje. Dansaren heilt til høgre er leiaren. Han kan òg ha soloopptredenar der han improviserer dyktige rørsler medan resten av rekkja gjer grunnstega.[19][20]

Kalamatianos er ein populær gresk folkedans i heile Hellas og på Kypros, og blir ofte dansa ved ulike samkome over heile verda. Som dei fleste greske folkedansar blir han dansa i ein ring som går mot klokka. Dansarane held kvarandre i hendene. Hovuddansaren held vanlegvis i neste dansar med eit lommetørkle, slik at han kan utføra meir innvikla rørsler. Stega i kalamatianós er dei same same som i syrtos, men sistnemnde er seinare og meir avmålt, med ein rytme på 44.[21]

Vest-Europa endre

An Dro endre

 
Bretonarar dansar an dro med armane lenkja via litlefingrane.

An Dro, som tyder 'vendinga', er ein bretonsk ringdans. Dansarane held kvarandre i litlefingeren i ei lang rekkje og svingar armane att og fram medan dei går mot venstre. Armrørslene har fyrst to sirkelforma rørsler som går opp og tilbake, deretter gjer ein ei i motsett retning. Leiaren lengst til venstre i rekkja kan leia henne inn i ein spiral eller bøya henne tilbake mot seg sjølv i mønster på dansegolvet, slik at dansarane kan sjå kvarandre.[22]

Færøysk kjededans endre

 
Færøysk dansekjede i Tórshavn

Færøysk kjededans er ein nasjonaldansFærøyane. Dansen stammar frå mellomalderen, men har berre overlevd på Færøyane fordi han blei bannlyst i andre europeiske land på grunn av det heidenske opphavet sitt. Dansen blir tradisjonelt dansa i ring, men når mange dansarar er med let dei vanlegvis rekkja bøya seg i ringen. Vanlegvis held folk kvarandre i hendene og dannar ein ring der dei tek to steg til venstre og eit til høgre utan å kryssa føtene.[23]

Noreg endre

Songdans byggjer på færøysk dans, og har ofte form som ringdans.[24] Juletregang er også ein enkel ringdans som er utbreidd over heile landet.[25]

Midtausten endre

Govend endre

Govend er ein av dei best kjende tradisjonelle kurdiske dansane.[26] Han skil seg frå mange andre dansar frå Midtausten ved at han blir dansa av både menn og kvinner.[27]

Dabke endre

 
Kvinner dansar dabke

Dabke er populær i Libanon, Syria, Palestina, Israel, Jordan og Tyrkia. Den best kjende varianten av dansen er al-shamaliyya (الشمالية). Han blir dansa av ei gruppe menn i ein halvsirkel som held kvarandre i hendene og er leia av ein lawweeh (لويح). Leiaren er forventa å vera særskild rask, nøyaktig og flink til å improvisera. Dansarane synkroniserer trinna sine, og når songarane er ferdig å synga bryt lawweehen laus frå halvsirkelen for å dansa åleine. Dansen blir ofte dansa i samband med familiefeiringar.[28]

Khigga endre

 
Assyrarar dansar khigga

Khigga er ein av hovuddansane innan assyrisk folkedans. Fleire dansarar held kvarandre i hendene og dannar ei linje eller ein ring. Dei dansar fleire ulike trinn. Leiaren for rekkja held vanlegvis eit tørkle med perler og bjøller som ringlar når det blir rista. Ein kan også bruka ein dekorert stav.

Dansen blir vanlegvis dansa ved bryllaup og gledelege høve. Khigga blir brukt til å ønska brura og brudgommen velkommen til festhallen. Nemninga khigga blir gjerne brukt om alle assyriske ringdansar.[29]

Kochari endre

Armensk ringdans utandørs i Jerevan i 2017.

Kochari er ein armensk[30][31][32] og aserbajdjansk folkedans som i dag blir dansa av armenarar, assyrarar,[33] aserbajdsjanarar, kurdarar, pontiarar[34] og tyrkarar.[35] Dansarane dannar ein tett ring der dei held hendene over skuldrene til einannan. Nyare variantar av kochari har eit «tremolo-trinn» der ein rister heile kroppen. I Aserbajdsan har dansen raske og sakte delar, og finst i tre variantar. Pontiarar dansar hand-til-skulder mot høgre.[36][37]

Tamzara endre

Tamzara er ein armensk, assyrisk, aserbajdjansk og gresk folkedans frå Anatolia. Det finst mange ulike variantar av dansen, med små skilnadar i musikken og trinna, knytt til dei ulike regionane og gamle landsbyane i Anatolia. Som med mange andre anatolske dansar held dansarane kvarandre i veslefingeren. Dei kan tre steg fram, trampa med venstrefoten i bakken og deretter ta tre små steg tilbake. Trinna kan også omfatta hopp og klapping.[38]

Kjelder endre

  1. Gilbert, Cecile (1974). International Folk Dance at a Glance (2. utg.). Burgess. ISBN 978-0808707271. 
  2. We ended with a circle dance. [...] A short session of circle dance was one of the activities on offer...«St. James’s Church, Piccadilly Annual Report 2006/2007» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. februar 2012. Henta 24 . februar2013. 
  3. Chivers, C. J. (24. mai 2006). «A Whirling Sufi Revival With Unclear Implications». The New York Times. Henta 22. april 2020. «Three circles of barefoot men, one ring inside another, sway to the cadence of chant. The men stamp in time as they sway, and grunt from the abdomen and throat, filling the room with a primal sound. One voice rises over the rest, singing variants of the names of God.» 
  4. Alojz Benac " i Bihalji-Merin, Otto, red. (1969). «Chapter XIII: Medieval Tombstones (Stećci)». Art Treasures of Yugoslavia. New York: Abrams. s. 277–296. 
  5. Bihalji-Merin, Otto; Benac, Alojz (1962). The Bogomils. London: Thames. 
  6. Goldschmidt, Aenne (1978). Handbuch des Deutschen Volktanzes. Wilhelmshaven: Heinrichshofen. s. 27. 
  7. Fyfe, Agnes (1951). Dances of Germany. London: Max Parrish. s. 8–9. 
  8. Lubinová, Mila (1949). Dances of Czechoslovakia. New York: Chanticleer Press. s. 8. 
  9. Nosow, Robert (1985). «Dancing the Righoletto». Journal of Musicology 24 (3): 407–446. doi:10.1525/jm.2007.24.3.407. 
  10. Bragaglia, Anto Giulio (1952). Danze popolari italiane [Popular Italian Dances] (på italiensk). Roma: Edizioni Enal. 
  11. Schweigger, Salomon (1964). Ein newe Reyssbeschreibung auss Teutschland nach Constantinopel und Jerusalem. Graz: Akademische Druck- u. Verlagsanstalt. s. 227. 
  12. Lorenzen, Poul; Jeppesen, Jeppe (1950). Dances of Denmark. New York: Chanticleer Press. s. 7–10. 
  13. Curt Sachs (1963) World History of the Dance, p.263
  14. Salvén, Erik (1949). Dances of Sweden. London: Max Parrish. s. 8. 
  15. «'Hora' History». forward.com. Henta 22. april 2020. 
  16. «Costumes», ASKA Kolo Ansambl, 2009, arkivert frå originalen 22. februar 2012, henta 26. mars 2009 
  17. «kolo», Encyclopædia Britannica, 2009, henta 26. mars 2009 
  18. «Origin of the Sardana» (på spansk). Lavanguardia.es. 16. mars 2010. Arkivert frå originalen 12. mars 2020. Henta 27 July 2013. 
  19. σύρω, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus
  20. συρτός Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, on Perseus
  21. Lykesas, George H. (1993). Οι Ελληνικοί Χοροί [Greek Dances] (på gresk) (2. utg.). Thessaloniki: University Studio Press. 
  22. Bacher, Elsa; Ruling, Ruth (March 1998). «An Dro Retourne» (PDF). Folk Dance Federation of California. Henta 4. april 2020. 
  23. «Faroese Chain Dance». Faroe Islands.fo. Henta 4. april 2020. 
  24. Bakka, Egil (18. februar 2019). «songdans». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  25. «Kommentar: Derfor går jeg ikke rundt juletreet», forskning.no (på norsk bokmål), 24. desember 2017, henta 7. november 2021 
  26. «Kurdish Dance». The Kurdish Project. Henta 9 September 2021. 
  27. «17th Annual Smithsonian Magazine Photo Contest: Travel: Kurdish Dance». Smithsonian Magazine. Henta 9. september 2021. 
  28. «Dabke: The Dance of the Lebanese Village». Sourat. Arkivert frå originalen 18 September 2012. Henta 31. oktober 2010. 
  29. BetBasoo, Peter Pnuel (30. april 2003). «Thirty Assyrian Folk Dances» (PDF). 
  30. Elia, Anthony J. (2013). «Kochari (Old Armenian Folk Tune) for Solo Piano». Center for Digital Research and Scholarship at Columbia University. Henta 6. november 2013. 
  31. Vvedensky, Boris, red. (1953). Great Soviet Encyclopedia (på russisk) 23 (2. utg.). Moscow: Soviet Encyclopedia. s. 170. «КОЧАРИ — армянский народный мужской танец.» 
  32. Yuzefovich, Victor (1985). Aram Khachaturyan. New York: Sphinx Press. s. 217. ISBN 978-0823686582. «..and in the sixth scene one of the dances of the gladiators is very reminiscent of Kochari, the Armenian folk dance.» 
  33. BetBasoo, Peter Pnuel (30. april 2003). «Thirty Assyrian Folk Dances» (PDF). Assyrian International News Agency. Henta 6. november 2013. 
  34. «Kotsari». Pontian.info. Arkivert frå originalen 16. oktober 2012. Henta 6. november 2013. 
  35. Ю.В. Келдыш; М.Г. Арановский; Л.З. Корабельникова (1990). Kochari - Musical Encyclopedic Dictionary (på russisk). Soviet Encyclopedia. s. 275. 
  36. «The National Dancings». Nakhchivan Autonomous Republic. Arkivert frå originalen 3. desember 2020. Henta 6 November 2013. 
  37. Hellander, Paul (2008). Greece. Kate Armstrong, Michael Clark, Des Hannigan, Victoria Kyriakopoulos, Miriam Raphael, Andrew Ston. Lonely Planet. s. 67. ISBN 978-1741046564. 
  38. «PontosWorld». pontosworld.com. Henta 22. april 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ringdans