Ruslan og Ljudmila
Ruslan og Ljudmila (pre-reformert russisk Русла́нъ и Людми́ла; reformert russisk Русла́н и Людми́ла, tr. Ruslán i Lyudmíla) er eit dikt av Aleksandr Pusjkin gjeve ut i 1820. Det er skrive som eit episk eventyr som består av ein dedikasjon (посвящение[1]), seks cantoar eller songar (песни) og ein epilog (эпилог). Verket fortel soga om bortføringa av Ljudmila, dottera til fyrst Vladimir av Kievriket, av ein vond trollmann og forsøket til den tapre riddaren Ruslan på å finna og redda henne.
Руслан и Людмила | |||
| |||
Forfattar(ar) | Aleksandr Pusjkin | ||
---|---|---|---|
Språk | russisk | ||
Blei til | 1818 | ||
Sjanger | forteljande lyrikk, russisk eventyr | ||
Utgjeven | 1820 |
Opphav
endrePusjkin byrja å skriva diktet i 1817, medan han var elev ved det keisarlege lyceet i Tsarskoje selo. Han bygde på russiske eventyr han hadde høyrd som liten. Før diktet kom ut i 1820 var Pusjkin blitt send i eksil i Sør-Russland for politiske syn han hadde uttrykt i andre verk, som i odet sitt til «Fridom» (вольность). Ein lett revidert versjon kom ut i 1828.
Avleidde verk
endreDiktet danna grunnlag for ein opera med same namn komponert av Mikhail Glinka mellom 1837 og 1842.
Diktet blei filmatisert i Sovjetunionen i 1972 med Aleksandr Ptusjko som regissør og Valerij Kozinets og Natalja Petrova i hovudrollene. Andre filmversjonar er ein stumfilm frå 1915 laga av det russiske selskapet Khanzjonkov, regissert av Ladislas Starevitsj, og ein fjernsysnfilm frå 1996 basert på operaen til Glinka, regissert av Hans Hulscher og produsert av NHK. Det finst også ein svart-kvitfilm frå 1938.[2][3]
Handling
endreDedikasjon
endrePusjkin dediserer diktet til unge venleikar utan namn, 'dronningar av sjela mi' (души моей царицы dushi mojej tsaritsy), og seier at løna hans er håpet om at ei lengtande jente vil lesa diktet i løynd.
Song 1
endreI ein kort prolog skildrar forteljaren i soga ei grøn eik ved havet, der ein lærd katt lenkja i ei gullkjede går att og fram. Når katten går mot høgre syng han, når han går mot venstre fortel han soger. På denne magiske staden lever hulderfolk og magiske skapningar, mellom dei vanlege figurar frå russiske eventyr slik som ei hytte på hønseføter (избушка на курьих ножках), Baba Jaga (Баба-Яга) og kong Kosjtsjej (царь Кащей[4]) i tillegg til figurar frå eventyr som Pusjkin sjølv hadde skrive, som dei 33 krigarane frå Soga om tsar Saltan. Forteljaren seier at han har vore på denne staden og høyrd forteljingar frå katten, mellom anna den følgjande forteljinga.
Soga opnar med ein fest halden av fyrst Vladimir (Владимир) for å fiera bryllaupet mellom dotter si, Ljudmila, til den tapre krigaren Ruslan. Blant gjestane er dei sjalu rivalane til Ruslan, krigaren Rogdaj (Рогдай), den skrytande Farlaf (Фарлаф) og dne unge khazar-khanen Ratmir (Ратмир).
På bryllaupsnatta, medan Ruslan gjer seg klar til å konsumera ekteskapet, fyller ei merkeleg kjensle sovekammeret i lag med lyn og torden. Deretter finn Ruslan ut at brura hans har forsvunne.
Då Vladimir får høyra at Ljudmila har forsvunne, annulerer han ekteskapet i sinne, og lover handa til dottera si til den som klarer henta henne trygt tilbake. Ruslan og dei tre rivalane hans legg ut på oppdraget til hest.
Ruslan møter ein gammal mann i ei hole som fortel han at Ljudmila er blitt bortført av trollmanen Tsjernomor (Черномор), men legg til at denne truleg ikkje har skadd æra hennar – ettersom all magien ikkje er nok til å hindra at trollmannen aldrar. Den gamle mannen i hola er sjølv ein finne kalla Finn som fortel korleis han sjølv var blitt forelska i ei vakker ung jente, Naina (Наина), som avviste han. For å vinna kjærleiken hennar prøvde han å bli ein storslått krigar, men ho avviste han igjen. Så brukte han mange år på å meistra magi. Til slutt fortrolla han henne til å bli forelsak i han, men fann då at ho var blitt til ei stygg gammal kjerring. Etter at han avviste henne, bestemte ho seg for å ta hemn på han. No då Finn har hjelpt Ruslan, vil Naina hata han også.
Song 2
endreDenne og kvar av dei følgjande songane byrjar med ein kommentar frå forfattaren. Desse kommentarane inneheld ofte tilvisingar til klassisk mytologi og tidvis referansar til samtida.
Rogdaj bestemmer seg for å gje opp jakta etter Ljudmila og finna og drepa Ruslan i staden. Han ser ein ryttar og går straks til åtak på han, men finn så ut at det er Farlaf og ikkje Ruslan, og forlet han skaka men i live. Ei gammal kvinne dukkar opp og fortel Rogdaj kva retning han kan finna Ruslan i. Så gjev ho Farlaf råd om å venda attende til Kiev (Киев) og venta på løna si.
Ruslan blir utfordra av ein annan ryttar, og soga går så over til å skildra opplevingane til Ljudmila.
Ho er i eit rikt pynta rom der tre tenarjenter kan oppfylla eitkvart ønskje ho måtte ha. Ho opner døra til rommet og oppdagar ein fantastisk hage som kan måla seg med den til kong Salomo. Ho kjenner seg likevel åleine utan Ruslan.
Ho blir forskrekka av å sjå ein dverg med pukkelrygg som kjem mot henne, boren av ti tenarar. Ho slår ut og han fell i bakken etter å ha snubla over det lange skjegget sitt. Det er trollmannen Tsjernomor, so let hatten sin att etter seg.
Soga går tilbake til Ruslan, som overvinn utfordraren og forlet han for å drukna i Dnepr. Dette er sjølvsagt Rogdaj.
Song 3
endreTsjernomor får besøk av ein flygande drake som viser seg å vera Naina, som vil alliera seg med trollmannen for å overvinna Finn. Han blir oppmuntra og går for å finna Ljudmila, men ho er forsvunnen. Ho har prøvd trollmannhatten og funne ut a ho kan forsvinna og dukka opp att alt etter korleis ho plasserer hatten på hovudet.
Ruslan rir vidare, og kjem til ein aude krigsskodeplass der det berre er bein, daude hestar og gjenstandar som er att etter krigen. Han sørger over sin eigen skjebne, men kjem så på at han no kan væpna seg. Han finn ein lanse, hjelm, rustning og eit krigshorn. Han klarer derimot ikkje å finna eit passande sverd.
På den vidare ferda finn Ruslan at vegen er blokkert av ein stor ås som det kjem merkeleg lydar frå. Han undersøker det nøye, og finn ut at det er eit sovande kjempehovud. Ruslan vekker hovudet, som blir sint og byrjar å terga han. Det stikk ut tunga mot han. Ruslan grip høvet og stikk lansa si i tunga. Så gjev han det eit slag som er sterkt nok til å slå det vekk. På staden der hovudet var finn Ruslan eit skinande sverd som er passande for ein bogatyr. Medan Ruslan gjer seg klar til å gå til åtak med sverdet, ber hovudet om nåde.
Hovudet fortel soga si: Han var tidlegare ein mektig krigar, og bror til Tsjernomor, som var sjalu på han. Dei magiske kreftene til Tsjernomor låg i skjegget hans, og han fortalde bror sin at dei måtte sikra sverdet, som hadde makt til å ddrepa dei begge – Tsjernomor ved å skjera av han skjegget, broren ved å skjera av hovudet. Dei la ut på jakt etter sverdet, men blei usamde om kven som skulle ha det når dei fann et. Tsjernomor føreslo at dei begge skulle leggja hovuda mot bakken, og sverdet skulle gå til den som fyrst høyrde ein lyd. I staden brukte han sverdet til å skjera av hovudet til broren, som på magisk liv heldt fram med å leva.
Hovudet fortel Ruslan at han ikkje ber han nag, og vil vera takknemleg om Ruslan bruker sverdet til å overvinna Tsjernomor.
Song 4
endreRatmir blir stoppa på reisa si av ei ung jente som lokkar han inn i eit slott. Der blir han omgjeven av luksus, og gløymer snart Ljudmila. Ludmila slepp unna mennene til Tsjernomor ved å halda seg usynleg, men blir så lurt av trollmannen til å syna seg når han tek forma til Ruslan og ropar på henne med røysta hans. Trollmannnen blir avbroten av lyden av eit horn og skunder seg vekk, igjen utan hatten sin.
Song 5
endreTsjernomor konfronterer Ruslan, som har kome fram til bustaden hans. Dei slost ei tid før Tsjernomor flyg vekk, medan Ruslan held seg fast i skjegget hans. Dei to flyg i tre dagar. Ruslan klippar bitar av skjegget heilt til trollmannen bed om nåde og går med på å bring Ruslan til Ljudmila. Ruslan leiter gjennom palasset og hagen medan han roper på Ljudmila, som blir verande gøymd. Til slutt slår han tilfeldigvis hatten av hovudet hennar med sverdet. Det viser seg at ho er i transe og ikkje høyrer han. Han høyrer stemma til Finn langt borte frå som bed han ta Ljudmila med seg tilbake til Kiev, der ho vil vakna.
Ruslan legg av garde og ber med seg brura si og Tsjernomor. Han møter kjempehovudet att, som er nøgd med å ha blitt hemna, og døyr i fred.
Ruslan kjem fram til ein bekk der han kviler. Han møter ein fiskar som visar seg å vera khan Ratmir. Denne forklarer at han har møtt den rette kjærasten sin, og ikkje lenger lengtar etter Ljudmila. Dei to skil lag som venar.
Naina viser seg for Farlaf og fortel han at tida hans er inne. Han salar hesten og rid avgarde til han finn den sovande Ruslan. Han stikk sverdet sitt i han og rid vekk med Ljudmila. Ruslan ligg medvitslaus før han døyr av skaden.
Song 6
endreTsjernomor vakner og er overlukkeleg over å sjå at Ruslan er død. Farlaf tek Ljudmila tilbake til Vladimir, som først er overlukkeleg, men deretter i sorg att når ho ikkje kan vekkast frå den djupe søvnen sin. Farlaf angrar over det han har gjort. I tillegg til dette er Kiev truga av ei omleiring.
Finn kjem til Ruslan og vekker han til live att med magisk vatn. Han gjev Ruslan ein ring som vil bryta fortrollinga over Ljudmila, men seier han fyrst må redda Kiev frå angriparane sine. Ruslan vender tilbake til Kiev, framleis med Tsjernomor med seg, og leiar krigarane frå byen til siger.
Ruslan rører andletet til Ljudmila med ringen, og ho vakner. Vladimir signar paret. Ruslan tilgjev både Farlaf og Tsjernomor.
Epilog
endreForfattaren klagar over at den betre, forgangne tida er forsvunnen.
Historisk grunnlag
endreNorke av hendingane og namna i diktet har eit historisk grunnlag. Soga føregår då Kiev var hovudstad for det austslaviske Kievriket. Vladimir den store herska over dette riket frå 980 til 1015. Namnet Ruslan stammar frå Jeruslan Lazarevitsj, som opptrer i tidlegare russiske soger og er nemnd i Pusjkin sitt verk Mauraren til Peter den store. Rogdaj og Farlaf er nemnde i 'Historia om den russiske staten' (История государства Российского) av Nikolaj Karamzin.[5]
Petsjenegane som er nemnde i Song 6 omleira Kiev i 968, og i gjen i 997, ein dato som ville passa med ei mogleg tidsline for diktet.[6] Skildringar av slag er historisk nøyaktige med omsyn til våpen og taktikkar som var i bruk på 900-talet.[7]
Kjelder
endre- ↑ This and all parenthetical glosses hereafter refer to the original Russian word(s) the translation of which precedes the gloss
- ↑ Киноконцерн "Мосфильм" (25. januar 2018), Руслан и Людмила, henta 29. januar 2018
- ↑ Nikitchenko, Ivan (1938), Ruslan and Ludmila, Nikolai Chaplygin, Sergei Stolyarov, henta 29. januar 2018
- ↑ Pushkin uses this spelling rather than the more conventional Кощей
- ↑ Vol. I, Chapter IX, "Prince Vladimir the Great, baptised as Basil. 980–1014" (Великий князь Владимир, названный в крещении Василием. 980–1014 г.), referring to legendary heroes of Vladimir's era, speaks of the "strength of Rakhday (Рахдай)". Vol. I, Chapter V, "Oleg the Ruler 879–912" (Олег – Правитель. 879–912 г.) lists Farlaf among the heroes of 10th century conflicts with the Greeks.
- ↑ Russian Interactions with Foreign Lands Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., strangelove.net
- ↑ http://litera.claw.ru/li_z70.htm "Это уже достоверное и точное описание войны X века с ее вооружением, тактикой и даже средствами сообщения. Это уже начало исторического реализма."
- Denne artikkelen bygger på «Ruslan and Ludmila» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2022.
Bibliografi
endre- Dargel, Nancy (1994). Ruslan and Ludmilla A Novel in Verse. New York, NY: Bergh Publishing, Inc. ISBN 0-930267-39-7.
- Petri Liukkonen. "Alexander Pushkin". Books and Writers
Bakgrunnsstoff
endre- Russiske tekstar
- Engelske omsetjingar
- Detaljert handlingsreferat