Sølensjøen er ein del av det 46 km lange Sølna-vassdraget. Han er 14 km lang, og største djup er 58 m. Sjøen, med ei breidd på 3 km har store bestandar av røye, aure, harr, sik, gjedde, lake og åbor. Sølna har utløp austover til Femundselva / Trysilelva.

Sølensjøen
innsjø
Sølensjøen

Foto: Kim Marius Flakstad

Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Rendalen
Høgd over havet 688 moh.
Lengd 14 km
Breidd km
Areal 21,66 km²
Middeldjupn 58 m
Kystlengd1 42,6 km
Koordinatar 61°56′39″N 11°34′32″E / 61.94417°N 11.57556°E / 61.94417; 11.57556
Kart
Sølensjøen
61°56′30″N 11°34′24″E / 61.9417°N 11.5733°E / 61.9417; 11.5733
Wikimedia Commons: Sølensjøen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Sølensjøfisket endre

Sølensjøen er særleg kjend for haustfisket etter sik, røye og lake (lågåsild). Sikfangsten aleine utgjer om lag 18–20 tonn i året, som i dag for det meste går til foredling, mellom anna til rakfisk, på anlegg i Elgå i Engerdal. Særleg viktig er Fiskevollen, det største innlandsfiskeværet i Noreg med omkring 37 naust og fleire andre bevaringsverdige hus i klynge. Fisket i Sølensjøen har tradisjonelt vore drive av gardbrukarar frå grenda Bergset i Øvre Rendal. Dei andre grendene i Øvre Rendal har tilsvarende tradisjonelt fiske i andre vatn i regionen: Elvålsgrenda har Elvålsvollen ved Isteren, og Undsetgrenda har Buvika ved Femunden. Fiskevollen ligg ca 30 km aust for Bergset, og når ein vurderer omkostningane ved reisa, transporten og ved å anlegge fiskeværet, forstår ein at fisket var svært viktig for gardane, både som naturalhushaldning, og gjennom at rendølane i hundreår har seld rakfisk på bygdene lenger sør i Hedmark.

Sørvest for sjøen ligg fjellet Sølen.

Kjelder endre

  • Eknæs, Åsmund. Innlandsfiske (Samlaget, 1979)
  • Frislid, Ragnar (mfl) Femundsmarka og Sølentraktene (Gyldendal, 1979)
  • Jørgensen, Jan Hoff. Sølensjøfisket Magistergradsavhandling, 1987
  • Rugsveen, Magne. «Fiskevollen i Sølensjøen.» Fortidsvern, nr 3, 1992
  • artiklar også i
    • Årbok for Nord-Østerdalen 1986
    • Turistforeningens årbok 1987
    • Jakt & fiske nr 6, 1993