Sørhare
Sørhare, Lepus europaeus, er eit pattedyr i harefamilien. Sørharen er nært i slekt med vanleg hare, og er den mest utbreidde harearten lenger sør i Europa. Han har kome til Noreg ein gong etter 1800. På den norske svartelista er han oppført som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko for stadeige artsmangfald. Han har etablert ein liten bestand i Østfold basert på innvandring av dyr som er sett ut i Sør-Sverige. Han vart òg sett ut fleire stader i Noreg rundt hundreårsskiftet til 1900-talet, men desse bestandane døydde etter kvart ut.[1] Det opphavlege utbreiingsområdet til sørharen var Eurasia frå den europeiske atlanterhavskysten i vest til Mongolia i aust. Han er òg innført til mellom anna Argentina, Australia, Nord-Amerika, Sverige og Storbritannia.[2] Formålet med spreiing av arten har stort sett vore å nytta han som jaktvilt. Sørharen er ein svært tilpasningsdyktig art, som kan leva i mange varierte landskapstypar.
Sørhare | |
Sørhare | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Utbreiinga av sørhare | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Haredyr Lagomorpha |
Familie: | Harefamilien Leporidae |
Slekt: | Lepus |
Underslekt: | Eulagos |
Art: | Sørhare L. europaeus |
Vitskapleg namn | |
Lepus europaeus |
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- (no) sørhare hos Artsdatabanken
- (en) sørhare i Encyclopedia of Life
- (en) sørhare i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) sørhare hos Dyntaxa
- (en) sørhare hos Fauna Europaea
- (en) sørhare hos Fossilworks
- (en) sørhare hos ITIS
- (en) sørhare hos NCBI
- (en) Kategori:Lepus europaeus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Lepus europaeus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lepus europaeus – detaljert informasjon på Wikispecies