Sedertre

planteslekt
«seder» omdirigerer hit. For måltidet, sjå sedermåltid.
Sedertre
Utbreiing
Utbreiinga av Sedertre
Utbreiinga av Sedertre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Underfamilie: Abietoideae
Slekt: Sedertre Cedrus
Trew, 1757

Seder (Cedrus) er ei planteslekt av store bartre i furufamilien.

Trea er eviggrøne, sambu og 30-40 meter høge, ein sjeldan gong opp til 60 meter, og er ofte omfangsrike med breie, pyramideforma kroner. Dei har i likskap med lerk to typar skot, langskudd med spiralstilte nåler og kortskot med kransstilte nåler. Konglene er oppretta, som hos edelgran. Seder kan overleva frostperiodar og får fukt vinterstid i form av snø, samstundes som dei toler den tørre sommaren i middelhavslanda betre enn dei fleste andre bartre.

Treet har parfymert sevjevekst og motstand mot fukt og rotning. Trevirket har difor vore viktig både som skipstømmer og i trearbeid. I Egypt i oldtida henta faraoane sedertre i dagens Libanon til skipsbygging og andre konstruksjonar.

Det veks sedertre høgt i vestlege Himalaya og sørskråningen til Hindukush (1500–3200 moh.) og i fjell i det sørlege og søraustlege middelhavsområdet (1000–2200 moh.).[1] Himalayaseder skil seg ut på fleire måtar og blir rekna som systerarten til dei andre. Sederformene i middelhavsområdet liknar mykje på kvarandre og blir rekna som éin, to eller tre arter i ulike oversyn.

Sederslekta har sannsynlegvis oppstått lengjer nord enn dagens utbreiing. Sikre fossil er kjende frå oligocen i vestlege Kasakhstan, miocen i Sørvest-Europa, pliocen i Søraust-Europa og tidleg pleistocen i Ahaggar-fjella i sentrale Sahara. Det er funne fossil frå paleocenKamtsjatka.[2] I Sør-Frankrike døydde seder ut ved overgangen mellom pliocen og pleistocen for 2,6 millionar år sidan. I Italia ser det ut til at seder forsvann under klimaforverringa for mellom 900 000 og 700 000 år sidan, medan det overlevde litt lenger i Hellas.[3]

Meiningane om kva tid seder døydde ut på Den iberiske halvøya er delte. Donatella Magri meiner at treslaget mest sannsynleg døydde ut ved overgangen mellom pliocen og pleistocen og at funn av pollen i yngre avsetninger kjem av skulda langtransport frå Nord-Afrika.[3] Spanske forskarar meiner derimot at ein ikkje kan stenga ute at seder overlevde til siste istid og kanskje endå lenger.[4][5]

Treslaget har hatt stor tyding i Midtausten, særleg etter at det breidde seg jamt ut austover fjellrekkjene Libanon og Taurus – i dagens Libanon, Syria og Tyrkia – etter ein mellombels sterk tilbakegang i yngre dryas (10 900–9600 f.Kr.). Det blei brukt i Salomos tempel i Jerusalem omkring 1000 f.Kr. I det gamle Hellas var òg sedertre eit skatta treslag.

Ordet «seder» kjem via latin cedrus frå gresk κέδρος, kédros. I antikken blei ordet brukt både om seder og om arter i einerslekta.[6] Trevirke frå mange andre blei vert òg kalla seder, til dømes kvit seder frå lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana), raud seder frå kjempetuja (Thuja plicata), californiaseder frå Calocedrus decurrens, japanseder frå Cryptomeria japonica, virginiaseder frå Juniperus virginiana og spansk seder frå Juniperus oxycedrus. Kubaseder, som blir brukt i sigarkassar, kjem frå lauvtreet Cedrela odorata.[7]

Artar endre

 
Seder i Atlasfjella i Marokko

Cedrus kan delast inn i frå ein til fire artar:[1][8][9][10][11][12][13][14][15][16][17] Det eldste kjende fossilet av eit sedertre er Cedrus penzhinaensis frå tidleg krittid (Albian) i trefossil-sediment på Kamtsjatkahalvøya.[18]

Bilde Vitskapleg namn Norsk namn Synonym Utbreiing Skildring Variantar
  Cedrus atlantica Atlasseder C. libani subsp. atlantica Atlasfjella i Marokko og Algerie Mørkegrøn til blågrønt bar på 10–25 mm.
  Cedrus brevifolia Kyprosseder C. libani subsp. brevifolia, C. libani var. brevifolia TroodosfjellaKypros Glinsande blågrønt bar på 8–20 mm.
  Cedrus deodara Himalayaseder Stammar frå vestlege Himalaya Sterkt grønt til bleikgrønt, skinande grønt bar på 25–60 mm; konglane har lett kanta skjel.
  Cedrus libani Libanonseder Stammar frå fjella i middelhavslanda i Det nære austen, Libanon og Tyrkia Konglane har glatte skjel.
  • C. libani var. libani: Libanonseder, fjella i Libanon, Vest-Syria og sørleg-sentrale Tyrkia; mørkegrønt til blågrønt glinsande bar på 10–25 mm.
  • C. libani var. stenocoma: tyrkisk seder, fjella i Sørvest-Tyrkia; glinsande blågrønt bar på 8–25 mm.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Farjon, A. (1990). Pinaceae. Drawings and Descriptions of the Genera. Koeltz Scientific Books ISBN 3-87429-298-3.
  2. Cai-Yuan Qiao m.fl. «Phylogeny and biogeography of Cedrus (Pinaceae) inferred from sequences of seven paternal chloroplast and maternal mitochondrial DNA regions». Annals of Botany 100 (3): 573–580. ISSN 1095-8290. PMC 2533594. 
  3. 3,0 3,1 D. Magri. «Quarternary history of Cedrus in Southern Europe». Annali di Botanica (2): 57–66. ISSN 2239-3129. doi:10.4462/annbotrm-10022. 
  4. Postigo, J.M. m.fl. «Patterns of extinction and persistence of Arctotertiary flora in Iberia during the Quaternary». Review of Palaeobotany and Palynology 162 (3): 416–426. ISSN 0034-6667. doi:10.1016/j.revpalbo.2010.02.015. 
  5. P. González-Sampériz m.fl. «Steppes, savannahs, forests and phytodiversity reservoirs during the Pleistocene in the Iberian Peninsula» (PDF). Review of Palaeobotany and Palynology 162 (3): 427–457. ISSN 0034-6667. doi:10.1016/j.revpalbo.2010.03.009. 
  6. R. Meiggs (1982). Trees and Timber in the Ancient Mediterranean World. Clarendon Press. ISBN 0-19-814840-2. 
  7. «Seder – bartre». Henta 9. januar 2016. 
  8. Gymnosperm database Cedrus.
  9. NCBI Taxonomy Browser Cedrus.
  10. Flora of China vol. 4
  11. Qiao, C.-Y., Jin-Hua Ran, Yan Li and Xiao-Quan Wang (2007): Phylogeny and Biogeography of Cedrus (Pinaceae) Inferred from Sequences of Seven Paternal Chloroplast and Maternal Mitochondrial DNA Regions. Annals of Botany 100(3):573-580. Available online
  12. Farjon, A. (2008). A Natural History of Conifers. Timber Press ISBN 0-88192-869-0.
  13. Christou, K. A. (1991). The genetic and taxonomic status of Cyprus Cedar, Cedrus brevifolia (Hook.) Henry. Mediterranean Agronomic Institute of Chania, Greece.
  14. GRIN Taxonomy for Plants Cedrus Arkivert 2009-01-20 ved Wayback Machine..
  15. Güner, A., Özhatay, N., Ekim, T., & Başer, K. H. C. (red.). 2000. Flora of Turkey and the East Aegean Islands 11 (Supplement 2): 5–6. Edinburgh University Press. ISBN 0-7486-1409-5
  16. Eckenwalder, J. E. (2009). Conifers of the World: The Complete Reference. Timber Press ISBN 0-88192-974-3.
  17. Sell, P. D. (1990). Some new combinations in the British Flora. Watsonia 18: 92.
  18. Blokhina, N. I.; Afonin, M. (2007). «Fossil wood Cedrus penzhinaensis sp. nov. (Pinaceae) from the Lower Cretaceous of north-western Kamchatka (Russia)». Acta Paleobotanica (på engelsk) 47: 379–389. Henta 29. mai 2021. 

Litteratur endre

  • A. Mitchell (1977). Trær i skog og hage. Oversatt av I. Gjærevoll. Tiden. s. 116–119. ISBN 82-10-01282-7
  • A. Farjon (1990). Pinaceae: drawings and descriptions of the genera Abies, Cedrus, Pseudolarix, Keteleeria, Nothotsuga, Tsuga, Cathaya, Pseudotsuga, Larix, and Picea. Königstein: Koeltz Scientific Books. ISBN 3-87429-298-3
  • «Cedrus». The Gymnosperm Database. Henta 28. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sedertre