Skulemål i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er det fylket i Noreg kor nynorsken har stått og står sterkast som skulemål. I dette fylket var det mange målmenn særleg frå Vestmannalaget som kjempa for at nynorsk skulle verte hovudmål i skulen. I Sogndal kom det folkehøgskule i 1871, og bygda vart med det den viktigaste staden for målreisinga i Sogn. Dei første krinsane byrja med nynorsk i 1890-åra, og kring 1925 hadde om lag 90% teke målet. Utviklinga for målet i dei fire distrikta i fylket har vore noko ulik, og i byane Florø og Måløy har bokmålet halde seg til nyare tid. Til skilnad frå dei andre «nynorskfylka», har ikkje bokmålet fått nemnande innpass i nye skulekrinsar sidan den andre verdskrigen.

Det er vanleg å dele dialektane i Sogn og Fjordane i to hovudgrupper, nemleg sognemål og fjordamål. Sognemålet omfattar dialektane Indre Sogn, som saman med Harding- og Vossemål vert rekna til indre sørvestlandsk, som igjen er rekna til dei sørvestlandske a-måla. Fjordamålet omfattar dialektane i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, og høyrer til nordvestlandsk e-mål, saman med sunnmørsk og romsdalsk. Heile fylket høyrer såleis til dei vestlandske målføra, og måla ligg nærast den nynorske skriftforma.

Då kommunestrukturen i landet vart endra på 1960-talet vart dei opphavlege 37 herads- og ein bykommune slegne saman til 25 kommunar. Mellom anna gjekk byen Florø og dei tre omlandsherada Bru, Eikefjord og Kinn saman til den nye eininga Flora. I 1977 vart Hornindal skild ut att frå Stryn, såleis at det no er 26 kommunar i heile fylket. I dei einskilde distrikta er det åtte kommunar i Indre Sogn, fire i Ytre Sogn, sju i Sunnfjord og sju i Nordfjord.

Historisk attersyn

endre

1890–1910: Innføringsfasen

endre

Det heile byrja med eit gradvis brigde ved at nye lærebøker på nynorsk vart innførte etter kvart, og i nokre skular tok lærarane saka i eigne hender utan noko vedtak i skulestyra, som t.d. i Leikanger. I Kyrkjebø vart det vedteke at læreboka i historie skulle vere på nynorsk i frå 1891. I 1893 søkte læraren i Flahamar krins i Luster om å få ein time skriftleg nynorsk i skulen. Det var ein lang debatt i skulestyret, og det var til slutt leiaren i skulestyret som avgjorde med si dobbeltstemme, og Flahamar fekk undervisning også på nynorsk. I Sogn og Fjordane var dette det fyrste skulestyrevedtaket om skriftleg opplæring i nynorsk etter at paragrafen om jamstilling var kommen inn i skulelova i 1892.

Stryn var først ute med å innføre nynorsk i heile heradet, noko som skjedde i 1897, dei neste som gjorde like eins var Lavik (1900), Brekke (1902), Kyrkjebø (1904), Innvik (1906), Gulen, Hornindal, Luster, Årdal (1907), Fjaler (1907-08), Lærdal, Sogndal og Vik (1908). I dei andre herada vart nynorsken innført i einskilde krinsar utover på 1900-talet, og det store omskiftet kom i 1908 då 85 heradskrinsar tok bytet, til saman hadde no godt over halvparten nynorsk. I 1910 var det 289 nynorskkrinsar (58,5%) over heile fylket.

Eit tydeleg drag ved innføringsfasen var at herada langs kysten heldt på riksmålet. Medan det i Indre Sogn var det 83% nynorskkrinsar, var det på kysten frå Solund til Selje berre 23% som hadde teke målet. I heile fylket var det 11 herad med berre nynorsk, medan det ikkje fekk innpass i fem herad og byen Florø.

1910–1930: Målstrid og konsolidering

endre
Nynorsk skulemål i Sogn og Fjordane
1950 1975
   
2000 2012
   

Medan det i innføringsfasen var liten strid omkring målbyta, brygga det opp til særleg hard målstrid i Indre Sogn frå 1908-10 og bølgjene heldt seg i dei neste 10-åra. Den hardaste - og truleg mest komiske - striden kring innføring av nynorsk som skulemål i Noreg gjekk føre seg i Lærdal og Borgund. Her vart salmesong, Bjørnstjerne Bjørnson (riksmålsagitator), beinbrot, avlsoksar og departement dregne inn i kampen. Det vart nye målrøystingar i alle krinsar, med den fylgje at tre krinsar i Lærdal og ein i Borgund fekk att riksmålet i 1911. Òg i Vik og Sogndal var temperaturen høg, men medan riksmålet tok attende fire krinsar i Sogndal (1912), heldt nynorsken alle i Vik. I Sogndal hadde alle krinsane fått att nynorsken i 1920, medan det vart målbyte i Lærdal i åra 1921-24.

Fram mot 1920 fekk nynorsken innpass i dei resterande herada i fylket, sist i Sør-Vågsøy som tok målet i fem av seks krinsar i 1920. Ein motsett vending fekk ein i samband med industribygginga i Høyanger (Kyrkjebø herad) frå 1916. Her vart det òg målstrid, men det gjekk lempelegare føre seg enn lenger inn i Sognefjorden. Med innføring av parallellklassar for bokmål frå 1920 roa det seg, og medan det raskt kom i fleirtal på skulen, heldt skulen på nynorsken som hovudmålet.

I 1925 var målet einerådande i 27 av 38 herad og 433 krinsar (92%) hadde teke nynorsk. I Indre Sogn var det berre dei tre krinsane i Borgund og ein skule for «jarnvegsarbeidarar innpå fjellet», dvs i Myrdal i Lærdal, som heldt på bokmålet, i tillegg til dei nemnde klassane i Høyanger. I Ytre Sogn var det berre attende fire bokmålskrinsar i Hyllestad. I Sunnfjord var det til saman nitten bokmålskrinsar i Askvoll, Førde, Vevring, Bru og Kinn. I dei to sistnemnde var det målstrid som førte til saman åtte krinsar attende til bokmålet i 1924 og 1926, og dei sju krinsane i Kinn er det største atterslaget nynorsken hadde i eit herad føre andre verdskrigen. I Nordfjord heldt bokmålet til saman elleve krinsar i Davik, Selje og Sør-Vågsøy, resten hadde nynorsken teke. Men to av dei var ikkje teken for godt, sist på 1920-talet vart det målstrid både i Selje og og Sør-Vågsøy, noko som førte til at Ulvesund i Selje og Skram (i byen Måløy) i Sør-Vågsøy gjekk attende til bokmålet, dei siste to krinsane i fylket til å gjere eit slikt byte. Det er no einaste Borgund herad og byen Florø som har berre bokmål.

1930–1950: Nynorsken vert einerådande

endre

Frå 1928 og fram mot Verdskrigen vert det skipa nynorske parallellklassar i Florø, som einaste byen i heile landet føre dei store kommunesamanslutningane på 1960-talet. Fram mot 1939 tek målet krinsane Husum (1937) og Berge (1939) i Borgund, vidare Leirvåg (1931), Herland (1937) og Grimeland (1938) i Askvold, Ulltang (1927), Hårklau, Sunde, Frøysland (1928) og Førde (1934) i Førde herad, Flokenes, Skorva (1930) og Vevring (1934) i Vevring herad, dei siste åtte krinsane i Kinn, Sundal (1926), Stavang og Stavøy (1937) i Bru, alle (òg Ulvesund) i Selje, Gangsøy (1936), Oldereidet og Hennøy (1939) i Davik. Føre krigen er det såleis berre seks heradskrinsar som held på bokmålet: Øen i Hyllestad, Myrdal i Aurland, Hegg i Borgund, Furesund i Kinn, samt Saltkjel og Skram i Sør-Vågsøy, det er òg bokmålselevar i Høyanger. Furesund og Saltkjel tek nynorsk i 1941. I 1950 var det 95,8 % nynorskelevar, det høgaste talet av alle fylka i Noreg.

Etter krigen vert nynorsken innført i dei resterande heradskrinsane utanom ein: Hegg i Borgund (1947), Øen i Hyllestad (1950) og Myrdal i Aurland (1953). Den siste bokmålsklassa i Høyanger var i 1954, og frå 1955 er det årlege nynorskklasser på byskulen i Florø. Grunna industribygging i Bremanger vert det skipa parallellklassar med bokmål i Bremanger på 60- og 70-talet. I samband med kommunesamanslåingen med granneherada i 1964 får Florø med eit slag eit stort tal nynorskelevar, såleis at delen som har målet aukar frå om lag halvdelen (47%) i den gamle bykommen til kring tre fjerdeler (74%) i den nye storkommunen.

Delen nynorsk i Flora (Florø) minkar jamnt fram mot 1975, og når minimum kring 63%. Byen er saman med Vågsøy (Måløy) dei einaste kommunane som har monaleg med bokmålselevar, medan fylket totalt har 93,9% nynorskelevar. Fram mot 2000 er det ein jamn auke i Flora, og fylket som heile har 96,4%.

I 2006 vert nynorsk hovudmål på Florø skule, som den einaste «opphavlege» byskulen i landet. Målrøystinga gav eit knapt fleirtal for å halde på bokmålet, men sidan skulen hadde ein stor overvekt av nynorskelevar, valde kommunestyre å byte målet. Det har ikkje vore andre målrøystingar sidan 50-talet.

Fram mot 2012 aukar nynorskdelen i fylket til 97,4%, og det er berre Skram skole i Måløy (Vågsøy) som held på bokmålet som hovudmål, medan det framleis er parallellklassar med bokmål i Florø.

Samanfatning

endre

Sogn og Fjordane er det fylket i Noreg kor målet raskast fekk fotefeste, fyrst i dei indre herada og noko seinare langs kysten. Unnateke Borgund var målbrigdet mesta fullført i heile Sogn kring 1925, medan det drøyde til slutten av 1930-talet for Sunnfjord og Nordfjord. Eit spesielt døme kan sjåast i Florø, den einaste byen i landet kor nynorsken har evna å presse ut bokmålet.

Det såg ikkje slik ut det fyrste tiåret etter at storkommunen vart skipa, då var trenden nett den same som kring alle byane på Vestlandet: nynorsken var i attergang. Ein kan undrast på kva som fekk snudd trenden i Florø. Hadde bokmålet ein "underkritisk masse", såleis at det nynorske omlandet stod imot og seinare fekk overtaket? Omskiftet frå midten av syttitalet kjem på same tid som ein etter måten framgangrik tidsbolk for nynorsken i fleire delar av landet.

Eit nytt drag dei seinaste åra er rett nok at det har kome nokre bokmålselevar i dei fleste kommunane, men det er ikkje noko som tydar på at nynorsken sin posisjon som einerådande målform i Sogn og Fjordane er truga.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre