Skulemål på Austlandet

Sjå Skulemål i Agder og Telemark for å lese om målstoda i Telemark.

Austlandet er den landsdelen der nynorsken fekk minst innpass då målet spreidde seg utover landet, rett nok med store skilnader mellom fylka. Medan Oppland var mellom dei fyrste med nynorske skulekrinsar, var Buskerud det siste i heile landet, og i fire av fylka fekk ikkje målet innpass i det heile. Nynorsken kom inn som skulemål på Austlandet frå byrjinga av 1900-talet og fekk raskt auka oppslutnad utover i mellomkrigstida, og nådde høgdepunktet både i geografisk utbreiing og talet på skuleborn kring 1950. Det var i fyrste rekkje i bygdelaga oppover dalane på indre Austlandet der målet fekk innpass, medan det meste av låglandet og byane heldt på bokmålet. Såleis kom nynorsken inn i eit stort tal krinsar i Oppland, i monaleg grad i Buskerud og noko mindre grad Hedmark, medan det ikkje var nokon i Akershus, Oslo, Vestfold eller Østfold. Mot slutten av 1990-talet mista nynorsken sin siste krins i Folldal i Hedmark, medan målet held posisjonen monaleg godt i dei øvrige to nynorskfylka på Austlandet. Utover på 2000-talet har nynorsken svekt seg noko i desse fylka òg. Rundt 1995 fekk nynorsk eit lite innpass med eigne klasser på to Osloskular, men i 2010 er målet så godt som ute att frå hovedstaden.

Dialektane på Austlandet er delte i dei to målgreinene austlandsk og midlandsmål, som både høyrer til Austnorsk. Austlandsk vert tala på flatbygdene på Austlandet, Søraust-Telemark og i Østerdalen, og vert difor òg stundom kalla flatbygdmål — særleg i samanhengar der ein samanliknar det med midlandsmål. Det har vore hevda at eit avgjerande mistak var at ikkje landsmål og seinare nynorsken ikkje tok særleg omsyn til dialektane på Austlandets flatbygder. Ivar Aasen sjølve tykte dei var forderva av dansken og ikkje brukande til eit norsk mål. Med unnatak av Nord-Østerdalen fekk heller ikkje målet innpass i områda for austlandsken. Midlandsmål vert tala i dei vestlege fjelldalane på Austlandet, frå Gudbrandsdalen til Telemark, og vert difor òg kalla fjellbygdmål. Midlandsmåla ligg tett opptil nynorsken, den såkalla Midlandsnormalen vart sågar vurdert som normal for landsmålet, men Hægstadnormalen vart istaden vald. Ikkje overraskande var det i områda for midlandsmålet at nynorsken fekk innpass på Austlandet.

På 1960-talet vart kommunestrukturen i heile landet kraftig endra, på Austlandet førte det med seg at mange mindre herad vart slegne saman til større einingar. Sidan det har det vore nokre endringar i kommunestrukturen, blant anna har fleire av byane innlemma nabokommunar: Sarpsborg, Hamar (1992), Fredrikstad (1994), Horten, Tønsberg og Larvik (1998), og Våle og Ramnes har slege seg saman til Re kommune (2002). Eit par kommuner har òg vorte splitta: Tolga-Os til Tolga og Os (1976) og Fron til Nord- og Sør-Fron (1977), medan Hole vart skild ut att frå Ringerike (1977). Desse kommuneendringane har likevel ikkje påverka målstoda i det heile, ettersom dei berre var internt i anten bokmåls- eller nynorskdistrikt.

Kommunetal på Austlandet
Fylke 1960 1970 2010
Østfold 32 25 18
Akershus 31 22 22
Oslo 1 1 1
Hedmark 32 22 22
Oppland 37 25 26
Buskerud 27 20 21
Vestfold 26 21 14
Austlandet 186 136 124

Hedmark

endre
Nynorsk skulemål i Hedmark
1950 1965 1995 2000
       

Hedmark var mellom dei siste fylka i landet der nynorsken fekk innpass, òg det gjekk etter måten seint med innføringa av målet. Den fyrste skulekrinsen fekk nynorsk i Kvikne i 1907, året etter tok fem krinsar i Alvdal (ein av dei i seinare Folldal) og ein i Øvre Rendal målet, og to år etter ein krins i Trysil. Det var såleis berre åtte nynorskkrinsar i 1910, blant dei lågaste tala i landet. Innan 1915 var målet ute att for godt i Øvre Rendal, medan tre krinsar i Tynset og tre nye krinsar i Folldal fekk målet i 1919. I Elverum tok ein einskild krins målet i 1926, og dei resterande krinsane i Alvdal fekk nynorsk fram mot 1939, saman med ein krins i Tolga. Då var det til saman 17 nynorskkrinsar i heile fylket.

Utan dei nemnde kommunane i Nord-Østerdalen fekk ikkje nynorsken noko gjennombrot i Hedmark, og i 1950 var det framleis ikkje meir enn 15 nynorskkrinsar, hovudsakleg i dei nordlegaste kommunane Alvdal (alle krinsane), Folldal (3 av 4), Tynset (2 av 10), Tolga (1 av 4) og Kvikne (1 av 4), så Alvdal var den einaste kommunen i Hedmark som har vore ein rein nynorskkommune. Lenger sør i fylket var det berre Elverum (Kynnberget) og Trysil (Flendalen) som kvar hadde ein liten krins. Av i alt 30 herredskommunar heldt 23 på bokmålet, og i dei to byane i fylket fekk nynorsken heller ikkje innpass. Til saman 3,9% av skuleelevane i landsfolkeskulen, 3,7% medrekna byane, hadde då nynorsk som skulemål.

Seinast i 1956 heldt 14 skulekrinsar og 3,3% av elevane framleis på målet, men nynorsken forsvann mesta heilt frå Hedmark på mindre enn eit tiår på sluten av 50- og byrjinga av 60-talet. Attergangen for målet tok til i 1956 då den fyrste av dei to krinsane i Tynset gjekk over til bokmål, medan den andre fylgde året etter. Dei neste åra forsvann målet heilt frå Tolga (1958), Elverum (1960), Kvikne (1960), Alvdal (1961) og Trysil (1964), såleis at frå 1964 var det berre ein krins att, Dalen i Folldal. Denne krinsen stod imot heilt til 1997, då ein tredje målrøystinga gav likt stemmetal for både måla, men skulemålet vart likevel endra til bokmål. Det har såleis ikkje vore elevar med nynorsk som skulemål i Hedmark sidan 2000.

Oppland

endre
Nynorsk skulemål i Oppland
1950 1975
   
2000 2016
   

Oppland er det fylket på Austlandet der nynorsken fekk og framleis har størst utbreiing. Allereie i 1899 innførte Lom nynorsk som skulemål i alle krinsane i heradet, men det gjekk smått med vidare framgang. Ikkje før Skjåk fylgde etter med fire krinsar i 1907-08, Austre Gausdal med alle sine i 1908, og Vestre Slidre med to i 1910, til saman var det då berre tjue nynorskkrinsar i heile fylket. Fram mot 1920 kom målet inn i Øystre Slidre (1911), Etnedal (1912), Sør-Aurdal (1914), Sør-Fron (1915), Fåberg (1916), Dovre, Nord-Aurdal, Vang, Vågå og Øye (no del av Vang) (1919), såleis at 47 krinsar (16%) hadde teke målet.

Fram mot midten av 1930-talet var noko framgang, medan det i åra 1938-40 var eit skred av nye krinsar som fekk målet. Frå krigsåra hadde eit fleirtal av krinsane i fylket nynorsk, det var innført i 20 herad i heile Gudbrandsdalen frå Fåberg (no del av Lillehammer), i Gausdal og Valdres. Nynorsk vart òg einerådane i dei seksten nordlegaste av desse herada. Det var berre i dei folkerike herada i låglandet kring Mjøsa og på Land, i tillegg til dei to byane målet ikkje fekk innpass. Nest etter Telemark var Oppland det fylket utanom Vestlandet der nynorsken fekk størst utbreiing, i 1950 kring 45% av skuleborna i herada og 42% byane medtekne.

Frå midt på 1950-talet byrja attergangen for nynorsken, fyrst i herada sør i Gudbrandsdalen, Gausdal og Valdres. I grannekommunane til Lillehammer, Fåberg og Øyer vart målet kasta heilt ut att tidleg på 60-talet, meir enn halvert i Gausdal og Ringebu, medan attergangen var noko mindre i Nord- og Sør-Aurdal. Heilt motsett gjekk det i Etnedal, der nynorsken då vart einerådande.

Fram mot 1975 held attergangen fram i dei same herada, men no òg i Sel som har den største tettstaden, Otta, i øvre Gudbrandsdalen. Her vart det språkdeling frå 1971 etter målrøystingar som gav fleirtal for bokmålet, men utan at skulemålet vert endra. Nynorsken held likevel posisjonen godt i resten av nord-fylket, såleis at delen av skuleborna som har målet er 26% i heile fylket. Fram mot 2000 er det stort sett same utviklinga, men òg noko attergang i herada nord i Valdres. I Nord- og Sør-Aurdal har attergangen stogga og det er noko framgang for målet. Til saman 15 kommunar og 23% av elevane har framleis nynorsk.

Utover på 2000-talet held nynorsken stillinga i dei fleste kommunane i øvre Gudbrandsdalen og monaleg godt i Valdres. I Ringebu mista dei siste krinsane nynorsk i 2003, men den kraftigaste attergangen finn ein lenger nord i dalen, i Sel, der eit fleirtal av elevane no har bokmål frå fyrste skuletrinn. Målet ligg utsett til her ettersom hovudkrinsen tok bokmål i 2012, medan to grendeskuler framleis held på nynorsk. Eit særleg drag i Valdres er målbrigde hjå skuleborna, ei undersøking syner at 75 prosent av elevane gjeng over frå nynorsk til bokmål anten i grunnskulen eller i vidaregående skule. I 2016 er målet ute or Gausdal, det er òg attergang i Etnedal, og Nord-Aurdal, der den nye sentralskulen fekk bokmål frå 2012, medan to grendeskuler framleis held på nynorsken. I heile fylket er det kring 17% nynorskelevar, framleis den høgaste delen nynorskelevar i utanom Vestlandsfylka.

Sidan 1965 har det vore til saman 29 målrøystingar i Oppland: Etnedal (2), Gausdal (5), Lesja (1), Nord-Aurdal (3), Nord-Fron (3), Ringebu (9), Sel (5) og Sør-Aurdal (1). Av desse har nynorsken vunne 18, medan den seinaste som var i Gausdal i 2016 gav bokmålssiger.

Buskerud

endre
Nynorsk skulemål i Buskerud
1945 1975
   
2000 2016
   

Buskerud var det siste fylket i landet kor nynorsk fekk innpass som skulemål, så seint som i 1919 tok dei fyrste to krinsane i Hol og tre krinsar i Ål målet, og året etter ein krins i Flesberg. Tre nye krinsar kom i Ål i 1930 og to nye i Hol i 1935, såleis at berre til saman 14 krinsar (5%) hadde nynorsk då. Ei monaleg auking kom i 1939, då 36 nye krinsar tok målet. Det kom då inn òg i Gol, Hemsedal, Jondalen (del av Kongsberg), Rollag, Nore og Uvdal, det vil seie heile Numedal og øvre Hallingdal, òg nynorsken var einerådane i herada Hemsedal, Ål og Rollag. Målet fekk derimot ikkje innpass i nedre Hallingdal, Ringerike og i nedre Buskerud. I 1950 nådde målet kring 12% i herada og nær 10% byane medtekne.

I 1948 vart dei to krinsane i Jondalen slegne saman og bokmålet vart vald som skulemål. Det var òg byrjinga på attergangen hjå målet i Numedal, noko som for alvor tok til frå 1955. Innan ti år var målet ute or Flesberg, Nore og Uvdal, såleis at Rollag var den siste skansen hjå nynorsken i dette dalføret. Riktignok fekk målet eit lite blaff att på 1970-talet i Flesberg og nådde om lag 6% før det gjekk attende igjen. I øvre Hallingdal heldt målet posisjonen mykje betre, mellom anna auka nynorskdelen i Gol frå 51% til 99% i 1965, for så å gå attende til 69% i 1975.

Fram mot 2000 har målet ny framgang i Gol, i byrjinga av 1990-talet meir enn 80%1 med eit mogleg høgdepunkt med 84% i 1996, medan det berre er mindre attergang i dei andre nynorskkommunane. I 2002 fall den siste krinsen i Rollag og utover tiåret svekker nynorsken seg monaleg i øvre Hallingdal òg, særleg i Gol og Hemsedal, noko mindre i Ål og Hol. I 2016 har målet kome i mindretal i distriktet, det er mesta heilt ute or Hol, og er òg særleg utsett i Gol og Hemsedal, medan i Ål held nynorsken godt på stillinga som største skulemål. I heile Buskerud er det no 2,3% nynorskelevar, den lågaste delen av fylka med nynorskelevar.
1Tala i GSI svingar mellom 100% i 1992 og 80% i 1995, men vert rekna som usikre dei fyrste åra.

Sidan 1965 har det vore til saman 12 målrøystingar i Buskerud: Gol (1), Flesberg (2), Hol (5) og Rollag (4), av dei har nynorsken vunne 7. Dei to siste har vore i Holet krins i Hol, og i 2014 vart det ein storsigar hjå målet. Allereie i 2015 var det likevel duka for omkamp etter at krinsen vart slegen saman med bokmålskrinsen Hovet. Da vart det ein ennå større siger hjå bokmålet, det er såleis ingen nynorskskrinsar att i kommunen.

Akershus, Oslo, Vestfold og Østfold

endre

Nynorsken fekk aldri innpass i desse fylka, og unnateke Oslo har det mesta ikkje vore elevar med nynorsk som skulemål i desse fylka.

Nynorske parallellklassar i Oslo

endre

Tradisjonelt har det ikkje vore nynorsk i Osloskulane, men på slutten av 70-åra kom tanken om få å skipa nynorske parallellklassar i landets hovudstad. Det var særleg hjå den såkalla eittspråkslina innan Studentmållaget i Oslo ein såg dette som ein liten, men viktig lekk i å realisere det endelege målet: Nynorsk som einaste riksmål. Studentmållaget, saman med Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Mållag fekk skipa den fyrste nynorskklassa ved Sagene skole i 1993, og mest kvar haust i resten av 90-talet byrja nye nynorskklassar på denne skulen. Dette var berre mogleg grunna iherdig innsats frå aksjonistane i Studentmållaget med mellom anna dør-til-dør-aksjonar for å verva minst ti ungar kvar haust. Ein fekk og til ein nynorskklasse ved Ila skole i 1999, og kring 2000 var det såleis meir enn femti elevar med nynorsk som skulemål i Oslo. Framstøyten fekk og motbør, mellom anna Arbeiderbladet kom med skuldingar om at målrørsla arbeidde for ein kvit eliteklasse i ein innvandrarbydel, utsegn som vart skarpt imøtegått frå leiande hald i Studentmållaget.[1] Sidan hundreårsskiftet har det vore kraftig attergang i talet på nynorskelevar, såleis at den siste nynorskklassa gjekk ut i 2008 og i 2014 er det i heile hovudstaden berre to nynorskelev attende.

Samanfatning

endre
Nynorskdistrikt på Austlandet
Distrikt 1945/50 1975 2000 2016
Nord-Østerdal 39,5% 3,3% 0% 0%
Hedmark 3,9% 0,3% 0% 0%
Nord-Gudbrandsdal1 100% 98,8% 98,5% 97,8%
Midt-Gudbrandsdal2 100% 92,1% 86,9% 36,0%
Sør-Gudbrandsdal3 70,7% 18,0% 14,8% 0%
Valdres 79,8% 68,5% 67,9% 54,0%
Oppland 45,2% 26,2% 22,6% 17,3%
Øvre Hallingdal4 71,5% 66,9% 63,3% 24,1%
Numedal 52,8% 7,6% 8,4% 0%
Buskerud 9,9% 5,1% 4,4% 2,2%
1Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå. 2Sel, Nord- og Sør-Fron.
3Fåberg, Øyer, Gausdal og Ringebu. 4Gol, Hemsedal, Ål og Hol

Etter nitti år rauk nynorsken ut or skulane i Hedmark kring år 2000, innan eit tiår seinare var det òg ute or Numedal og Sør-Gudbrandsdal. I dei resterande nynorskdistrikta på Austlandet er målet under sterkt press, særleg i Øvre Hallingdal, Valdres og Midt-Gudbrandsdalen. Austlandet er såleis blant dei delane av landet kor målet no har den svakaste utviklinga, men det held seg framleis godt i Nord-Gudbrandsdal og monaleg godt nord i Valdres. Det kan vere ein styrke at dei er grannar med dei sterkaste nynorskregionane på Vestlandet (Sogn, Nordfjord og Sunnmøre). Men dei er òg blant kommunane med lågast og minkande folketal i Oppland, så delen med nynorsk i heile fylket vil diverre berre gå ein veg.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. Almenningen m.fl, Studentar i målstrid, 2003