South Taranaki District

South Taranaki er eit distrikt på vestkysten til NordøyaNew Zealand, mot Tasmanhavet, og omfattar byane Hawera, Manaia, Opunake, Patea, Eltham, og Waverley. Flatevidda til distriktet er 3 575,46 km² og folketalet 26 700.[2] Distriktet høyrer til regionen Taranaki, men ligg i grenseområdet mellom regionane Wellington og Taranaki.

South Taranaki District
distrikt
Land  New Zealand
Areal 3 575,46 km²
Folketal 28 300 (30. juni 2018)
Kart
South Taranaki District
39°29′35″S 174°26′49″E / 39.493°S 174.447°E / -39.493; 174.447

Historikk endre

I maoritradisjon vert det fortalt at Turi førte folket sitt, som var kome med Aotea wakaen (kanoen), gjennom landet frå Kawhia til Patea, medan dei som kom med Kurahaupo waka reiste frå landingsstaden sin ved Orakei til Taranaki. Folk i iwien Ngā Rauru, meiner bestemt at Kahui Rere ein māoristamme som vandra inn frå East Cape, alt heldt til på staden då dei kom fram. Ngā Rauru voks seinare fram som ei samansmelting av desse to gruppene[3]. Då europearane kom til Aotearoa, hadde maoriar halde til i dette området i fleire hundre år, rydda kyststripa til dyrkingsjord, men late innlandet stå att, stort sett urørt. Kristne misjonærar nådde fram tidleg i 1840-åra, og i 1860-åra tok den europeiske busetjinga til for fullt.

Næringsvegar endre

Hovudnæringsvegen i distriktet er landbruk, og særleg mjølkeproduksjon er viktig. Elles er distriktet eit populært mål for turistar og andre tilreisande, og byen Opunake byr på dei beste tilhøva for surfing i regionen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre