Stefania av Kalush Orchestra
«Stefania» Song av Kalush Orchestra | ||
Land | Ukraina | |
Språk | Ukrainsk | |
Utgjeve | 7. februar 2022 | |
Sjanger | Folk, hiphop | |
Lengd | 03:03 | |
Selskap | Sony Music Entertainment, ENKO | |
Låtskrivar(ar) | Oleh Psiuk, Ihor Didentsjuk, Ivan Klimenko, Tymofij Muzytsjuk, Vitalij Duzjyk |
---|
«Stefania» (ukrainsk skrift «Стефанія», norsk transkripsjon Stefanija) er ein folkhiphop-låt frå 2022 med det ukrainske bandet Kalush Orchestra. Songen representerte Ukraina og vann Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen
endre«Stefania» er ein hiphop-song med sterke element av elektronisk pop og ukrainsk folkemusikk. Han er skriven av det ukrainske folk-hiphopbandet Kalush Orchestra og vart gjeven ut 7. februar 2022. Også teksta kombinerer ulike stilretningar; refrenga er bygde opp i typisk austeuropeisk folk-tradisjon, med korte setningar og lange vokalar. Versa har mykje lengre setningar og vert framført langt raskare enn refrenga, nærast rapping.[1]
Songen er ein ode til mødre, der eg-personen i songen fortel om gode minne om mor si, Stefanija.[2] Eg-personen legg merke til kor mykje eldre mora har vorte, og mimrar nostalgisk tilbake til barndomen: «Enga blomstrar, men ho vert grå. Syng ein voggesong for meg, mamma. Eg vil høyre dine ord».[1]
Eurovision Song Contest
endre«Stefania» var blant bidraga i den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 12. februar 2022, der vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[3] I finalen vann «Stefania» telefonavrøystinga med stor margin, men enda samanlagd på andreplass, bak vinnaren Alina Pasj og songen «Shadows of Forgotten Ancestors».[4] Nokre dagar etter finalen valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget med å representere Ukraina, på grunn av strid rundt ei reise ho hadde til Krim i 2015.[5][6] I Ukraina er det strenge reglar for innreise til den russisk-okkuperte halvøya.[5] Den ukrainske kringkastaren Suspilne vedtok difor å tilby oppdraget til andreplassen Kalush Orchestra, som etter litt områdingstid takka ja. Deltakinga vart offisielt stadfesta 22. februar 2022.[7]
Favorittstempel etter invasjonen
endreBerre to dagar etter kunngjeringa gjekk Russland til militært åtak på Ukraina.[8] Invasjonen gjorde at songen og den ukrainske deltakinga i Eurovision Song Contest fekk ekstra stor merksemd, og «Stefania» gjekk rett til topps hos bookmakarane.[9][10][11][12]
Den europeiske kringkastingsunionen utestengde samstundes Russland frå Eurovision Song Contest, som del av dei omfattande sanksjonane mot russiske myndigheiter.[13] Trass invasjonen og krigen bestemte Ukraina seg for å delta i Eurovision Song Contest 2022.[14]
Sigeren i Eurovision Song Contest
endreI vekene fram mot Eurovision Song Contest var «Stefania» soleklår favoritt til å vinne,[15] og han innfridde favorittstempelet. I finalen vann songen ein solid siger etter å ha fått rekordmange poeng frå tv-sjåarane, heile 439 poeng.[16] Dette var den tredje sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.
Listeplasseringar
endreListe (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[17] | 26 |
Australia (ARIA Digital Tracks)[18] | 27 |
Belgia (Ultratop Flandern)[19] | 24 |
Finland (Suomen virallinen lista)[20] | 2 |
Global 200 (Billboard) | 85 |
Hellas (IFPI Greece)[21] | 9 |
Irland (IRMA)[22] | 30 |
Island (Tónlistinn)[23] | 7 |
Italia (FIMI)[24] | 53 |
Kroatia (Billboard)[25] | 6 |
Litauen (AGATA)[26] | 1 |
Nederland (Nederlandse Top 40)[27] | 38 |
Nederland (Single Top 100)[28] | 36 |
Noreg (Topplista)[29] | 19 |
Portugal (AFP)[30] | 92 |
Slovakia (Singles Digitál Top 100)[31] | 27 |
Storbritannia (UK Singles)[32] | 38 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[33] | 11 |
Sverige (Sverigetopplistan)[34] | 7 |
Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[35] | 22 |
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[36] | 22 |
Ukraina (Tophit Radio & YouTube)[37] | 2 |
Ukraina (Tophit Airplay)[38] | 1 |
Ungarn (Single Top 40)[39] | 5 |
USA (Billboard World Digital Song Sales)[40] | 2 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «"She rocked me; gave me rhythm" – Kalush Orchestra bring an ode to mothers in "Stefania" lyrics». wiwibloggs (på engelsk). 10. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Kalush Orchestra: “’Stefania’ track is about the dearest person, Mom”». ESCBubble (på engelsk). Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Ukraine: 'Vidbir' acts announced 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 25. januar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Ukraine: Vidbir 2022 split results reveal Kalush Orchestra earned 44.66% of the televote». wiwibloggs (på engelsk). 23. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ 5,0 5,1 «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 22. februar 2022.
- ↑ «Ukraine offers Kalush Orchestra Eurovision 2022 spot "to maintain the trust of the audience"». wiwibloggs (på engelsk). 17. februar 2022. Henta 22. februar 2022.
- ↑ «Ukraine: Kalush Orchestra will go to Turin with 'Stefania' 🇺🇦». Eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Eurovision 2022 Odds: Ukraine see plenty of Betting Momentum». BettingOdds.com (på engelsk). 3. mars 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Eurovision 2022 odds: Ukraine passes Italy to become the new favourite to win». wiwibloggs (på engelsk). 28. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ Catherine Gonsholt Ighanian (28. februar 2022). «Ukraina til topps på Eurovision-bettingen: – Vi skal ikke skuffe». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 5. mars 2022.
- ↑ Leif Tore Lindø (28. februar 2022). «Reservene fra Ukraina er MGP-favoritter». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Stavanger Aftenblad. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «EBU statement regarding the participation of Russia in the Eurovision Song Contest 2022». Eurovision.tv (på engelsk). 25. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Kalush Orchestra - Ukraine - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 23. februar 2022. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Ukraine: Eurovision 2022 betting odds have Kalush Orchestra as favourites to win following final national selection weekend». wiwibloggs (på engelsk). 16. mars 2022. Henta 16. mars 2022.
- ↑ Bronson, Fred; Bronson, Fred (15. mai 2022). «In Record-Setting Fashion, Ukraine Rides Popular Sentiment to 2022 Eurovision Win». Billboard (på engelsk). Henta 16. mai 2022.
- ↑ Hung, Steffen. «Kalush Orchestra - Stefanią». austriancharts.at. Henta 27. mai 2022.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 23 May 2022». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1681): side 9. 23. mai 2022.
- ↑ «Kalush Orchestra - Stefania - ultratop.be». www.ultratop.be. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Suomen virallinen lista – Artistit Kalush Stefania (Kalush Orchestra)». Musiikkituottajat (på finsk). Suomen Virallinen Lista. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 20/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 10. juni 2022.
- ↑ «Official Irish Singles Chart Top 50 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ «TÓNLISTINN – LÖG vika 20–2022» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 21. mai 2022. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Classifiche – FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ Cusson, Michael (15. februar 2022). «Croatia Songs». Billboard (på engelsk). Henta 27. mai 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ Top 40, Stichting Nederlandse. «Top 40-lijst van week 21, 2022». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ Hung, Steffen. «Kalush Orchestra - Stefania». hitparade.ch. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Singel 2022 uke 20». topplista.no. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Kalush Orchestra – Stefania». portuguesecharts.com. Portuguesecharts.com. Henta 10. juni 2022.
- ↑ SK - SINGLES DIGITAL - TOP 100. «KALUSH Stefania (Kalush Orchestra) SONY MUSIC». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 27. mai 2022.
- ↑ «stefania | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Kalush Orchestra - Stefania». Henta 22. mai 2022.
- ↑ «Veckolista Singlar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 22. mai 2022.
- ↑ «KALUSH Stefania (Kalush Orchestra) SONY MUSIC». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 27. mai 2022.
- ↑ «KALUSH ORCHESTRA STEFANIA SINGLE – Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 22. mai 2022.
- ↑ «All Media Hits – Top Weekly Hits – Tophit Music Charts». TopHit. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Radio Hits – Top Weekly Hits – Tophit Music Charts». TopHit. Henta 16. mars 2022.
- ↑ «Single Top 40 slágerlista - Hivatalos magyar slágerlisták». slagerlistak.hu. Henta 27. mai 2022.
- ↑ devops (2. januar 2013). «World Digital Song Sales». Billboard (på engelsk). Henta 10. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Stefania (Kalush Orchestra-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2022.