Opna hovudmenyen
Stone Cold Crazy
av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
Utgjeve 8. november 1974
Innspelt Juli-september 1974
Sjanger
Lengd 2:16
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent
Queen-kronologi
«The Show Must Go On»
(1991)
Stone Cold Crazy «Bohemian Rhapsody/These Are The Days Of Our Lives»
(1991)


«Stone Cold Crazy» er ein song av det britiske rockebandet Queen frå albumet Sheer Heart Attack i 1974.[6] Songen er det åttande sporet på albumet. Sjølv om songen ikkje vart gjeven ut på singel på den tida, vart han spelt på nesten alle Queen-konsertane frå 1974 til 1978.[7][8][9][10] «Stone Cold Crazy» vart gjeven ut på samlealbumet Classic Queen i 1992.[11]

Songen er tilskriven alle medlemmane i bandet, sjølv om Freddie Mercury spelte songen med bandet sitt Wreckage seint 1960-åra, før Queen vart skapt. Den innspelte versjonen kan ha hatt tekst av Mercury og musikk av Brian May. Han var den første songen Queen spelte live i 1970, men han vart endra musikalsk og tekstmessig fleire gonger før han vart spelt inn. Dei tidlegare versjonane av songen var langsamare.

StilEndra

«Stone Cold Crazy» er kjend for det raske tempoet og den kraftige forvrenginga, og er ein føregjengar til speed metal.[12] Musikkmagasinet Q skildra «Stone Cold Crazy» som «thrash metal før omgrepet vart funne opp».[5] I 2009 vart han kåra til den 38. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[13]

RemiksarEndra

Det vart laga tre forskjellige miksar i 1991. Dei første to, av Michael Wagener, vart gjeve ut på forskjellige uttgåver av Sheer Heart Attack-utgåva frå 1991 og på filmmusikkalbumet Encino Man.[14][15] Den tredje vart laga av Trent Reznor, som gav han ut på fleire promo-CD-ar i 1991-1992 og i 1999.[16] Wagener-miksane er ikkje så veldig forskjellige frå originalen, og inneheld berre ein noko annleis miks av akkompagnementet. Reznor-miksen, miksar Queen-originalen med industrial metal-stilen til Nine Inch Nails.[16] Reznor sin miks inneheld lydklipp av Queen i byrjinga og slutten. Denne var meint for det Hollywood Records-samlinga BASIC Queen Bootlegs, som vart skringlagd.[16]

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

Stone Cold Crazy
singel av Metallica
Utgjeve 1990[17]
Innspelt 1990
Sjanger Thrash metal
Lengd 2:17
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar)
Produsent Metallica

Metallica spelte songen for samlealbumet Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary i 1990. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-side til singelen «Enter Sandman» og vann dei Grammy-prisen. Han vart òg gjeven ut på albumet deira Garage Inc.. Metallica-versjonen av songen er meir aggressiv enn originalen. Dei gjorde òg små endringar i teksten.

James Hetfield spelte ein gong songen i lag med Queen & Tony Iommi frå Black Sabbath under Freddie Mercury Tribute Concert.[18][19] Metallica spelte songen på turneen deira i 1991-1993 og ein versjon finst på Live Shit: Binge & Purge og Français Pour une Nuit frå 2009. Hellyeah spelte Metallica-versjonen av «Stone Cold Crazy» i 2007.

Extreme nytta delar av songen i ein medley på Freddie Mercury Tribute Concert. Bandet Eleven har òg spelt songen med vokal av Queens of the Stone Age-frontmannen Josh Homme (Killer Queen: A Tribute to Queen).[20]

Sum 41 byrja å spele ein versjon av songen på konsertane sine i 2010.[21]

AnnaEndra

Songen er med i videospelet Guitar Hero: Metallica og Rock Revolution, i tillegg som nedlastbart innhald for Rock Band 3 og Rocksmith.[22][23]

KjelderEndra

  1. Blake, Mark (2011). Is This the Real Life?: The Untold Story of Queen. Da Capo Press. ISBN 978-0-306-81959-9. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Queen – Sheer Heart Attack». AllMusic. All Media Network. Henta 11. juni 2014. 
  3. Berelian, Essi (2005). The Rough Guide to Heavy Metal. Rough Guides. s. 2003. ISBN 978-1-84353-415-0. Glamorous and deadly, the band were hitting their stride with classics like «Killer Queen» and the truly fantastic hard-rock blitz of «Stone Cold Crazy». 
  4. Gold, Adam (30. juni 2011). «Queen: 40th Anniversary Reissues». American Songwriter. Henta 11. juni 2014. their greatest contribution to the pantheon of hardrock, «Stone Cold Crazy» 
  5. 5,0 5,1 «Queen News: February 2011». BrianMay.com. 10. juni 2016. Henta 11. juni 2014. 
  6. Prown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists. Hal Leonard Corporation. s. 106. 
  7. «Queen live on tour: A Night At The Opera». QueenConcerts.com. Henta 11. juni 2014. 
  8. «Queen live on tour: Day At The Races (world)». QueenConcerts.com. Henta 11. juni 2014. 
  9. «Queen live on tour: News Of The World '77». QueenConcerts.com. Henta 11. juni 2014. 
  10. «Queen live on tour: Sheer Heart Attack». QueenConcerts.com. Henta 11. juni 2014. 
  11. «Queen – Classic Queen». MTV. Viacom. Henta 11. juni 2014. 
  12. Jones, Chris (7. juni 2007). «Queen Sheer Heart Attack Review». BBC Music. Henta 10. juni 2016. 
  13. «Vh1 Top 100 Hard Rock Songs». Spreadit.org. 1. januar 2009. Henta 7. februar 2009. 
  14. «Michael Wagener – Partial Diskografi». Michaelwagener.com. Henta 3. september 2011. 
  15. Stone, Doug. «Original Soundtrack – Encino Man». AllMusic. All Media Network. Henta 3. september 2011. 
  16. 16,0 16,1 16,2 «Sheer Heart Attack». QueenVault.com. Henta 3. september 2011. 
  17. «Metallica – Stone Cold Crazy». Discogs. Henta 24. desember 2012. 
  18. McIver, Joel (2004). Justice for All: The Truth about Metallica. Omnibus Press. 
  19. «The Freddie Mercury Tribute Concert». Ultimatequeen.co.uk. Henta 10. juni 2016. 
  20. McClintock, J. Scott. «Various Artists – Killer Queen: A Tribute to Queen». AllMusic. All Media Network. Henta 10. juni 2016. 
  21. «Sum 41 Setlist at Bamboozle 2009». Setlist.fm. Henta 10. juni 2016. 
  22. Fahey, Mike (4. august 2008). «The Full Rock Revolution Setlist». Kotaku. Henta 10. juni 2016. 
  23. «Guitar Hero Songs: Stone Cold Crazy (1993)». Guitar Hero. Henta 10. juni 2016. 

BakgrunnsstoffEndra