Strilekrigen er ei nemning på eit opprør som fann stad i traktene i og kring Bergen i april 1765. Kring 2000 strilar frå Nordhordland strøymde inn til byen som då hadde kring 19000 innbyggjarar. Strilane protesterte mot det dei meinte var ein ein hard og urimeleg ekstraskatt. Protestane var heftige, dei gjekk særleg ut over stiftsamtmannen (tilsvarande Fylkesmannen) og den lokale fogden (futen).

1765 - året Strilekrigen braut ut. Her eit lite minnesmerke ved Radøy Kunstsenter.

Opprøret enda med at nokre strilar vart dømde til tvangsarbeid på livstid etter å ha fått nåde frå dødsdom. På den andre sida vart strilane høyrde ved at det vart meir orden i skatteinnkrevinga etter dette.

Bakgrunn endre

For å kunne ruste opp den danske hæren og flåten bestemte regjeringa i København seg 1. oktober 1762 for å skrive ut ein ekstraskatt for heile Danmark-Noreg: éin riksdalar for året av kvart menneske over tolv år. Ordinære skatteinntekter av Noreg var kring 300 000 riksdalar og ekstraskatten skulle gje heile 450 000 riksdalar.

Ekstraskatten ramma den fattige bonde- og fiskerallmue i distrikta rundt Bergen særleg sterkt. Den vart etter kvart særleg vond ettersom fisken på Vestlandet slo feil i åra 1763-64.

Opptakt endre

1. mars 1765 reiste 300 strilar til byen for å melde frå til stiftamtmannen om korleis skatteinnkrevjarane tok seg til rette utetter bygdene, i det dei såg på som ei ulovleg ekstraskatt. Dei samla seg i bakgården til stiftamtmannshuset ved Rådhusplassen. Dei hadde håp om at stiftamtmannen ville hjelpe dei, men dei vart tvert om audmjuka og kjeppjaga av vaktstyrken. Fleire fekk slag og opne sår. Deretter fekk dei sorenskrivar Johan Garmann til å skrive eit klageskriv til kongen. Skatteinnkrevinga hald fram og futen truga med militær eksekusjon. Etter fem veker utan svar frå kongen byrja det å sirkulere anonyme løpesetlar som oppfordra alle strilar til å dra inn til byen og få lest opp kongens brev som måtte ha kome.

Opprøret endre

18. april reiste 2000 strilar inn til byen. Garnisonsvakta var ikkje i stand til å jage dei. Ei gruppe på 10-12 strilar kom seg inn i huset til stiftamtmannen og krav å få tala med han. Ola Svindal tok eit grep i kinnet til den høgtståande embetsmannen slik at noko av huda flakna av. Hatt og parykk vart rivne av og skjorta flerra. Stiftamtmannen prøvde å rømme ut i hagen, men vart fort innhenta. Ein større flokk strøymde til. Dei hadde no fått tak i den hata futen Oluf Lund Bildsøe. Stiftamtmannen Von Cicignon vart tatt som gissel og vart tvinga til å skrive ein ordre til futen om å tilbakebetala skatten allereie neste morgon. Bildsøe vart etter kvart også tatt som gissel. Dei tilgjengelege vaktstyrkane i byen var for få til å nedkjempe strilane og det vart reist tvil om kor lojaliteten til soldatane var i konflikten. Dagen etterpå vart 9300 dalar delt ut til strilane frå kongens pengekasse. Samstundes dreiv borgarskapet og organiserte borgarvern i det skjulte. 20. april vart opprøret oppløyst og kvar drog heim til sitt.[1]

Etterspel endre

Fogden Bildsøe døydde våren 1766 av skadane han fekk under strilekrigen. Dei utpeika hovudmennene bak opprøret vart ved ein høgsterettsdom i 1768 dømde til døden, éin av dei var då alt død i fengselet. Dei tre andre fekk seinare dødsdommen omgjort til straffearbeid på livstid.

Politiske følgjer endre

Ekstraskatten viste seg å vere ein fiasko og vart avskaffa i heile Noreg i 1772. Skatten vart ståande i Danmark. Strilekrigen markerte tydeleg at København ikkje kunne bruka makt uten følgjer i Noreg.

Godt dokumentert endre

At Strilekrigen er så godt dokumentert skuldast for ein stor del at dåverande borgarmeister Hildebrand Meyer, som opplevde Strilekrigen på nært hald, samla alle dokument og brev om hendinga. Samlinga gav han vidare til sin ven, oversekretæren for Dansk Kancelli (det danske regjeringskontoret), Bolle Luxdorph. Carsten Anker kjøpte så samlinga og i 1823 fekk tidlegare stortingspresident Wilhelm Christie tak i samlinga. Christie gav den i 1838 til Bergen Museum der den har vore sidan.[2]

Songen om Strilekrigen endre

Rolf Sagen skreiv Songen om Strilekrigen på 70-talet. Songen beskriv bakgrunnen for strilekrigen og korleis strilane inntok Bergen.

Utdrag frå songen:

Dagen er 17. april
Om morgonen kjem dei
– fram or mørkret
Om dagen kjem dei
– flokkar gjennom skog
Om kvelden kjem dei
– siglar og ror
Seksringar mot Bergen
Koftekledde i tusental
No kjem dei, strilane
Fiskarbøndene frå Herdla, Hosanger og Manger
(...)

Strilekrig i dag endre

Omgrepet «strilekrig» blir i dag ofte nytta av opprørske naturvernaktivistar eller politikarar på Vestlandet som vil markere motstand mot sentrale myndigheiter når det gjeld inngrep i naturen eller manglande tilskot til infrastruktur og offentlege tenester. Når det blir truga med «ny strilekrig» blir det minna om at folket på Vestlandet ikkje finn seg i å bli hersa med.[3][4]

Kjelder endre

  1. Døssland, Atle (1998). «Strilesoga Bind 3 - Frå 1650 til 1800». Eide Forlag. 
  2. Gerhard Munthe, Strilekrigen, Bergens Tidende, 29. mars 1958.
  3. – «Strilekrigen avblåst», Ba.no, 30. november 2009.
  4. «Manar til strilekrig», Nordhordland.no, 26. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff endre