Svartflekktrast
Svartflekktrast (Turdus eunomus) er ein sporvefugl i trastefamilien som hekkar i nordre og sentrale Sibir i Russland. Han er ein sterk trekkfugl og overvintrar i Aust-Asia inkludert Japan, og så langt sør som på Leizhouhalvøya i Kina og han førekjem som sjeldan streiffugl i Europa.
Svartflekktrast | |
Svartflekktrast Foto: Wikimedia-brukar Laitche
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Trastefamilien Turdidae |
Slekt: | Turdus |
Art: | Svartflekktrast T. eunomus |
Vitskapleg namn | |
Turdus eunomus |
Skildring
endreSvartflekktrasten er ein mellomstor Turdus-trast, ca. 24 centimeter i kroppslengd og han veg mellom 55 og 106 gram.[1] Vaksne hannfuglar har mørk overside, raudbrune venger, raudbrunt på overgump, men svart nedst på halen. Undersida er kvit med gradvis færre svarte flekker ned brystet og flankane. Eit band over brystet er nær fullstendig svart og sentrale buken er kvit med få eller ingen flekker. Hovudet er teikna i svart og kvitt med svart krone, brei kvit augebrynstripe frå nebb til nakke og kvit brei strupeflekk. Undernebbet er gult, beina er mørkebrune. Hofuglar har same draktmønster, men i mindre kontrastfulle farger, vengene er meir avdempa brunt, dei svarte områda hos hannar er brungråe. Juvenile er først meir raudbrunt flekka på oversida, manglar brystband og første vinteren liknar dei hofuglar.
Utbreiingsområdet for hekking er eit breitt område over nordre og sentrale Sibir i Russland. Det mest vestlege kjente punktet i området er inst i Tazbukta sør for Karahavet, elles aust for elva Jenisej kanskje så langt sør som Bajkalsjøen. I aust er avgrensinga stillehavskysten, svartflekktrasten hekkar over Kamtsjatkahalvøya og nord til Anadyrbukta. Overvintringsområdet er frå nordaustlegaste India, over nordlegaste Søraust-Asia, over mykje av sørlege Kina, øya Taiwan, Korea-halvøya og Japan.[1]
Svartflekktrastar hekkar i habitat med låg lauvskog ved utkant av lågtliggande tundra, men òg i meir opne og høgare område. Om vinteren kan dei leve i varierte habitat, i skogsområde, på jordbruksland og inn i frukthagar og parkar. Dei kan overvintre i opptil 3000 moh.[1] Føda er smådyr som insekt, meitemark og vevkjerringar, dessutan frø, om vinteren òg frukt. Dei beitar helst på bakken.
Storleiken på populasjonen er ikkje kjent eller vurdert, men arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]
- Spontant i Noreg
Det er registrert 8 observasjonar av svartflekktrastar i Noreg, den første i 1889,[3] den siste under hagefugltellinga 2020 på Vikten i Flakstad kommune i Nordland den 18. januar.[4] Arten er elles funnen sporadisk så langt vest som på Færøyane og så langt sør som på Kypros i Europa.[1]
Kjelder
endre- Collar, N. & de Juana, E. (2020) Dusky Thrush (Turdus eunomus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. februar 2020
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Collar et al 2020
- ↑ BirdLife International (2020) Species factsheet: Turdus eunomus. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. februar 2020
- ↑ «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 16. februar 2020.
- ↑ Frode Falkenberg, Odd Johan Berland og Morten Ree, Finker i fleng under Hagefugltellingen Norsk Ornitologisk Forening 7. februar 2020, henta 16. februar 2020