Optisk illusjon

(Omdirigert frå Synsbedrag)

Ein optisk illusjon, optisk bedrag, synsbedrag eller synsførestilling er når vi oppfattar eit bilete som noko anna enn det faktisk er, eller som noko som i følgje fornufta vår er umogleg. Informasjonen auget vårt sender til hjernen utfordrar oppfatninga vår av røyndomen. Optiske illusjonar kan grovt delast inn i to grupper, fysiologiske og kognitive illusjonar.

Ein optisk illusjon. Flisa merka A har nøyaktig same farge som flisa merka B
Mørke prikker ser ut til å komme og forsvinne igjen i kryssa mellom linjene

Fysiologske illusjonar

endre

Fysiologske illusjonar, til dømes etterbilete etter skarpt ljos, trur ein kjem av verknaden på auget eller hjernen av overdriven stimuli av éit slag – lys, farge, rørsle og så vidare. Teorien er at ulike stimuli har kvar sin nevrologiske stig i dei tidlegaste fasane av visuell prosessering, og at gjentakande stimulering av berre ein eller nokre få kanalar medfører ein fysiologisk ubalanse som endrar persepsjonen.

Kognitive illusjonar

endre
 
Neckerkuben er eit kjent døme på ein tvitydig illusjon. Er framsida nede til venstre eller oppe til høgre?

Kognitive illusjonar blir trudd å oppstå når synsinntrykk koplast opp mot oppfatninga vår av røyndomen. Undermedvitet vårt prøver å kople det vi ser opp mot noko kjent. Kognitive illusjonar blir gjerne delt opp i tvitydige illusjonar, forvrengingsillusjonar, og paradoksillusjonar.

Tvitydige illusjonar

endre

Tvitydige illusjonar er bilete eller objekt der oppfatninga av biletet byter mellom to tolkingar. Neckerkuben er eit døme på ein slik illusjon.

Forvrengingsillusjonar

endre

Forvrengingsillusjonar er karakterisert av ei forvrenging av storleik, lengd eller kurve. Eit døme på dette er kafeveggillusjonen.

Paradoksillusjoner

endre
 
Kafeveggillusjonen. Dei horisontale linjene ser skeive ut, men er i røyndomen parallelle

Paradoksillusjonar er figurar eller objekt som er paradoksale eller umoglege. Eit døme på ein slik illusjon er Penrosetrianglet.

Optiske illusjonar i biletmedia

endre
 
«Tekanna frå Utah» er ein klassisk, dataskapt 3D-modell som første gongen vart laga ved universitetet i Utah i USA i 1975. Datagrafikk er som annan grafikk og biletkunst illusjonar og effektmakeri og omfattar ei rekkje teknikkar og uttrykk.

Alle biletuttrykk, anten det gjeld kunst eller visuelle medium, er grunnlagt på optisk effektmakeri og illusjonar som ofte skal gje inntrykk av noko anna enn det faktisk er.

Dette gjeld ikkje minst den tradisjonelle biletkunsten, som i stor grad har vore eit einaste stort spel med sansebedrag gjennom forsøk på å gjenskape eit inntrykk, til dømes på eit plant underlag, av ein levande, tredimensjonal røyndom. Disse forsøka har kome tydelegast til uttrykk gjennom til dømes målestilen i barokken, trompe lóeil, ein så naturtru attgiving av ein gjenstand at tilskodaren trur motivet er verkeleg, ekvilibristisk utførte stilleben og livaktige portrettmåleri såvel som moderne tider sine figurative fotorealisme og abstrakte op-kunst, òg kalla op art eller optisk kunst. Med oppdaginga av det konstruerte sentralperspektivet i renessansen oppstod anamorfose, ein lek med fordreia motiv og forteikna perspektiv. Òg impresjonismen eksperimenterte aktivt med synsinntrykk, særleg pointillismen der fargeblandingane oppstod som ein illusjon gjennom små punkt av grunnfarger, på same måte som i moderne fleirfargetrykk,. Ein kan òg nemne surrealismen1900-talet, ein kunstretning som baserte seg på det «oververkelege» med omfattande bruk av optiske effektar og ein leik med røyndomen.

Alle som brukar visuelle verkemiddel arbeider altså i vid forstand med synsbedrag på einkvan måte. Blant kunstnarar som meir direkte og inngåande har jobba med tydelege optiske illusjonar er likevel den italienske målaren Giuseppe Arcimboldo (1523–1597), den amerikanske illustratøren Charles Allan Gilbert (1873–1929), den fransken-amerikanske konseptkunstnaren Marcel Duchamp (1887–1968), den nederlandske grafikaren M.C. Escher (1898–1972), den spanske surrealisten Salvador Dalí (1904–1989), den svensken Oscar Reutersvärd (1915–2002) og den britiske målaren Bridget Riley (fødd 1931).

Optiske illusjonar blir òg brukt flittig i filmverda gjennom ulike slags filmtriks, ikkje minst animasjonar. Filmmediet, som i røyndomen er ei rekkje stillbilete vist så raskt at dei blir opplevt som ein samanhengande og «levande» rørsle, er i seg sjølv ein effektfull optisk illusjon. Òg datagrafikk, særleg 3-D-grafikken, byggjer grunnleggjande på synsbedrag og omfattar ei rekkje teknikkar og uttrykk.

Nytta av visuelle illusjonar er òg viktig for scenografi og kulisserteater og sjølvsagt innan trylling og illusjonisme.

 
Penrosetringelet er ein velkjend paradoksillusjon
 
Dei to sirklane ser ut til å røre seg når du flytar hovudet fram og tilbake mot prikken i midten

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Optisk illusjon» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2013.
  • Eagleman, D. M. (2001) Visual Illusions and Neurobiology. Nature Reviews Neuroscience. 2(12): 920-6. (pdf) Arkivert 2007-02-21 ved Wayback Machine.
  • Gregory Richard (1997) Knowledge in perception and illusion. Phil. Trans. R. Soc. Lond. B 352:1121-1128 (pdf)
  • Purves D, Lotto B (2002) Why We See What We Do: An Empirical Theory of Vision. Sunderland, MA: Sinauer Associates.
  • Purves D, Lotto RB, Nundy S (2002) Why We See What We Do. American Scientist 90 (3): 236-242.
  • Purves D, Williams MS, Nundy S, Lotto RB (2004) Perceiving the intensity of light. Psychological Rev. Vol. 111: 142-158.
  • Renier, L., Laloyaux, C., Collignon, O., Tranduy, D., Vanlierde, A., Bruyer, R., De Volder, A.G. (2005). The Ponzo illusion using auditory substitution of vision in sighted and early blind subjects. Perception, 34, 857–867.
  • Renier, L., Bruyer, R., & De Volder, A. G. (2006). Vertical-horizontal illusion present for sighted but not early blind humans using auditory substitution of vision. Perception & Psychophysics, 68, 535–542.
  • Yang Z, Purves D (2003) A statistical explanation of visual space.Nature Neurosci 6: 632-640.

Sjå òg

endre
 
Magisk vasskran. Det ser ut som om vatnet strøymer frå ein kran som henger i lause lufta, men i røynda er det eit rør som går opp gjennom vannet

Bakgrunnsstoff

endre