Tâmpa
Tâmpa (tysk Zinne eller Kapellenberg; ungarsk Cenk; latinsk Mons Cinum) er eit fjell og ein del av Postăvarumassivet i den sørlege delen av Dei austlege Karpatane i Romania. Fjellet omkransar nesten heilt byen Brașov. Det har ei høgd på 960 meter over havet, nesten 400 meter over byen.
Tâmpa | |||
fjell | |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei austlege Karpatane | ||
Høgd | 960 moh. | ||
Primærfaktor | om lag 350 m | ||
Koordinatar | 45°38′N 25°35′E / 45.633°N 25.583°E | ||
Tâmpa 45°38′03″N 25°35′34″E / 45.6341687°N 25.59291°E | |||
Wikimedia Commons: Tâmpa |
Fjellet består nesten berre av kalksteinsformasjonar.
Det meste av fjellet (1,5 km²) er erklært naturreservat på grunn av sjeldne dyr (bjørn, fuglar, sommarfuglar – 35 % av sommarfuglartane i landet) og planter (ein sjeldan variant av blåveis). Det går fleire turstiar til toppen og ein bilveg. Ei kabelvogn går frå hytta og restauranten Casa Pădurarului ved foten av fjellet til Restaurantul Panoramic på toppen. Frå toppen er det flott utsyn over byten og på klåre dagar kan ein sjå heile Burzenland.
Plante- og dyreliv
endrePlanter
endreNamn | Latinsk namn |
---|---|
Blåveis | Hepatica transsilvanica |
Villkornell | Cornus sanguinea |
Hyll | Sambucus nigra |
Hassel | Corylus avellana |
Kusymre | Primula officinalis |
Dvergmandel | Amigdalus nana |
Ask | Fraxinus excelsior |
Bøk | Fagus sylvatica |
Vårkornell | Cornus mas |
Agnbøk | Carpinus betulus |
Lerketre | Larix decidua |
Tysbast | Stipa pennata |
Åkerriddarspore | Consolida regalis |
Lykt | Prunus fruticosa |
Iris | Iris germanica |
Marisko | Cypripedium calceolus |
Lind | Tilia platyphyllos |
«Kalksteinskrone» | Spiraea crenata |
Fjellalm | Ulmus montana |
Gran | Picea abies |
Sommareik | Quercus robur |
«Kaninhale» | Sesleria rigida |
Furu | Pinus sylvestris |
Plantago | Plantago argentea |
«Flekkete tulipan» | Fritillaria meleagroides |
«Transilvansk vindgras» | Bromus marcensis |
Orienthyasint | Hyacinthus orientalis |
Munkhette | Aconitum |
Kvitveis | Anemone nemorosa |
Dyr
endreNamn | Latinsk namn |
---|---|
Brunbjørn | Ursus arctos |
Sommarfuglar | Papilionoidea |
Ramn | Corvus corax |
Gaupe | Lynx lynx |
Hoggorm | Vipera berus |
Kongeørn | Aquila chrysaetos |
Gråulv | Canis lupus |
Ekorn | Sciurus vulgaris |
Andre fuglar | Aves |
17 sjeldne vepseartar | Apocrita |
Galleri
endre-
Tâmpa om kvelden.
-
Tâmpa om kvelden.
-
Tâmpa ein tidleg sommarmorgon
-
Tâmpa om vinteren
-
Tâmpa om sommaren
-
Brașov sett frå toppen av Tâmpa
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tâmpa, Brașov» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.