TIMEkspressen er eit nettverk av ekspressbussruter, drive av Nettbuss, som er eigd av NSB. Bussane til TIMEkspressen har avgangar kvar time på fleire strekningar i Noreg.

Ein buss i TIMEkspressens nye dekor frå januar 2011.
Foto: Øyvind Berg
Ein buss i TIMEkspressens dekor frå 2002 til 2010.
Foto: Alasdair McLellan

TIMEkspressen starta først som eit dotterselskap til det Notodden-baserte busselskapet Øst-Telemark Automobilselskap (ØTA). TIMEkspressen Telemark starta opp i 1997 med 17 daglege avgangar mellom Notodden og Oslo. Året etter vart TIMEkspressen Telemark og morselskapet kjøpt opp av NSB Biltrafikk, som i dag heiter Nettbuss. NSB vidareutvikla konseptet, med eit ynske om å utfylla sitt eige trafikktilbod på stader der dei hadde dårleg dekning på bane.

I dag har TIMEkspressen 13 ulike ruter, frå Sørlandet til Trøndelag.

Ruter endre

Bakgrunnsstoff endre