Terry Lee McMillan
Terry Lee McMillan (12. oktober 1953–2. februar 2007) var ein USA-amerikanske countryartist som spelte munnspel og perkusjon. I 1973 vart han medlem i bandet til Eddy Raven i Nashville og arbeidde med Raven til 1975. Han arbeidde så med Chet Atkins og spelte munnspel i turnébandet hans. Seinare turnerte han med Jerry Reed og Jeannie C. Riley før han vart ein særs ettertrakta studiomusikar. I 1970-åra deltok han på album med mellom andre Mickey Newbury og Gary Stewart.
Terry McMillan | |||
Fødd | 12. oktober 1953 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lexington | ||
Død | 2. februar 2007 (53 år) | ||
Fødenamn | Terry Lee McMillan | ||
Opphav | Lexington i Nord-Carolina i USA | ||
Aktiv | 1973–2007 | ||
Sjanger | Country | ||
Instrument | munnspel trommer perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Eddy Raven | ||
Plateselskap | RCA, Step One, Giant | ||
Verka som | Musikar |
Etter ein periode som soloartist tidleg i 1980-åra, med ein liten hit med «Love Is a Full Time Thing».[1] Han gjekk så attende til å bli studiomusikar og spelte med artistar som Ray Charles, Dolly Parton, Garth Brooks, George Jones, Merle Haggard, Reba McEntire, Randy Travis, Johnny Cash, Roy Orbison, Kenny Chesney, Emmylou Harris, Neil Young, Waylon Jennings, J. J. Cale, Trisha Yearwood, Amy Grant og mange andre. I 1993 spelte han på innsetjingsballet til president Bill Clinton, der han spelte ein munnspelsolo av «Amazing Grace».
Etter at huset til familien vart øydelagd i 1992 av ein brann, vart McMillian ein religiøs kristen og fokuserte hovudsakleg på inspirasjonsmusikk.
Diskografi
endreAlbum
endreTittel | Detaljar |
---|---|
I've Got a Feeling |
|
Somebody's Comin' |
|
Singlar
endreÅr | Singel | US Country | Album |
---|---|---|---|
1982 | «Love is a Full Time Thing» | 85 | berre singel |
1993 | «I've Got a Feeling» | — | I've Got a Feeling |
1997 | «Somebody's Comin'» | — | Somebody's Comin' |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Terry Lee McMillan» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 274. ISBN 0-89820-177-2.