Tinn Austbygd

Austbygde, òg skrive Austbygdi, er eit sokn og ein tettstad i Tinn kommune i Vestfold og Telemark fylke.

Austbygde
tettstad
Austbygde.jpg
Austbygde frå sørsida av Tinnsjå
Foto: Tommy Gildseth
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Tinn
Areal 0,46 km²
Folketal 385 (2017)
Folketettleik 837 / km²
Postnummer 3650 TINN AUSTBYGD

Austbygdi
59°59′44″ N 8°49′42″ E
Wikimedia Commons: Austbygde

TettstadenEndra

Austbygde tettstad har 385 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg vel tre mils køyring nordaust frå Rjukan, ved nordaustre enden av innsjøen Tinnsjå, der Tessungdalen med Austbygdåe kjem frå nord og møter sjøen.

Folketalsutvikling i Austbygde tettstad
År Innbyggjarar
1946
  
181
1950
  
245
1960
  
228
1970
  
252
1980
  
280
1990
  
289
2000
  
310
2009
  
354
2012
  
356
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Austbygde soknEndra

Austbygde sokn vart skipa i 1888, ved frådeling av den austre delen av Atrå sokn. Same år vart Austbygde kyrkje, 4 kilometer nord for tettstaden, vigsla. Folketalet i soknet har alt frå skipinga lege nokså stabilt rundt 1 000 innbyggjarar.

SpråkEndra

Nynorsk vart innført som målform i skulen i 1908, liksom i dei fleste andre bygdeskulane i Tinn kommune. I 2010 vart skulane i Austbygde sokn lagt ned, samstundes som bokmål vart teke i bruk som målform i alle skular i kommunen. I kyrkja brukast fortsatt nynorsk.

 
Stabbur på Midtbøen i Tessungdalen, nord i soknet

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra