Titanitt eller sfen er eit særs utbreitt mineral som finst aksessorisk (i små mengder) i dei fleste magmatiske og metamorfe [[bergart]]ar. Det er eit kalsium-titansilikat, CaTiSiO5, og krystalliserer monoklint, har hardleik 5–5½ og tettleik 3,5 g/cm3. Fargen er oftast gul eller brun og glansen sterk. På granittpegmatittar opptrer ofte varieteten yttrotitanitt eller keilhauitt, som inneheld lantanoidar. Titanitt finst saman med apatittKolahalvøya og blir brote der som titanmalm. Klåre titanittar blir nytta i mindre utstrekking som smykkestein (gul, brun eller grøn).

Titanitt

Fleire titanittkrystallar på amfibol (bilete 2 mm breitt)
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelCaTiSiO5
Strunz-klassifisering9.AG.15
KrystallsymmetriMonoklin prismatisk
H-M-symbol: (2/m)
Romgruppe: P 21/a
Einingscellea = 7.057 Å, b = 8.707 Å, c = 6.555 Å; β = 113.81°; Z=4
Identifikasjon
Fargeraudbrun, grå, gul, grøn, eller raud
KrystallformFlate kileforma krystallar, òg massiv
KrystallsystemMonoklin
TvillingKontakt og penetrasjon på {100}, lamellert på {221}
Kløyvtydeleg på [110], deling på {221}
Brotundermuslig
Mohs hardleiksskala5 til 5.5
Strekfargeraudaktig kvit
TransparensGjennomskinneleg til Gjennomsiktig
Spesifikk vekt3.48 til 3.60
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.843 - 1.950 nβ = 1.870 - 2.034 nγ = 1.943 - 2.110
Dobbeltbrytingδ = 0.100 - 0.160
PleokroismeKraftig: X = nesten fargelaus; Y = gul til grøn; Z = raud til guloransje
2V-vinkel17 til 40° (målt)
Dispersjon (spreiing)r > v kraftig
Andre eigenskaparRadioaktiv - kan vere metamikt
Kjelder[1][2][3][4]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre