Togo
Togo (tidlegare del av protektoratet Togoland) er ein republikk i Vest-Afrika, som grensar til Ghana, Burkina Faso og Benin.
République Togolaise
(norsk: Togo, togolesisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Salut à toi, pays de nos aïeux» | ||||||
Motto | Fransk: Travail, Liberté, Patrie (Arbeid, rettferd, fedreland) | ||||||
Offisielle språk | Fransk | ||||||
Hovudstad | Lomé | ||||||
Styresett |
Republikk Faure Gnassingbé Komi Sélom Klassou | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
56 785 km² (124.) 4,2 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
7 965 055 (99.) 140,3 /km² (64.) | ||||||
Sjølvstende frå Frankrike |
27. april 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 27. april | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
10 820 mill. USD (151.) 1 700 USD (183.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +228 | ||||||
Toppnivådomene | .tg
|
Geografi
endreTogo er eit langt og smalt land, om lag 600 km langt og mellom 50 og 150 km breitt. Dei nordlege delane av landet er prega av savannar. Midtdelane har kupert terreng. Dei sørlege delane ved kysten er dominerte av marskområde, sletter og lagunar.
Større elver er Oti, Mono og Kara.
Klima
endreKystområda av Togo har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har berre ei regntid som startar i mai eller juni. Kystområda har mindre nedbør enn områda like innanfor. Dette kjem av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden i område er kystparallell. Minst sannsyn frå nedbør på kysten er det i perioden desember til februar. Årsnedbøren er likevel jamnt over 1000-1500 mm i landet.
Dei nordlege områda har tørketid mellom oktober og april, og temperaturane kan då bli ganske høge med middeltemperaturar over 30 °C og særs låg relativ fukt. Kjøligast er det i juli og august med middeltemperaturar kring 25 °C. Frå desember til februar kan den nordaustleg harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå kystområda. Denne vinden fører ofte med seg ein del støv.
Historie
endrePortugisarar var dei fyrste europearane som kom til Togo på 1400-talet. Saman med Benin hadde landet ei sentral rolle i slavehandelen i fleire hundre år, men det blei ikkje kolonialisert av europearar før på slutten av 1800-tallet. I 1884 blei delar av dagens Togo eit tysk protektorat. Dei neste åra blei det forhandla fram fleire avtalar med Frankrike og Storbritannia som definerte det eksakte grenseforløpet i den einaste tyske kolonien i Nordvest-Afrika. Kolonien omfatta også eit større område som i dag er del av Ghana.
Ved byrjinga av fyrste verdskrigen (1914) invaderte britiske troppar landet frå vest og franske troppar frå aust. Delen som blei kontrollert av britane blei til Britisk Togoland og blei ein del av Ghana etter ei folkerøysting i 1954. Den austlege delen var under fransk kontroll, og blei i 1918 eit fransk mandatområde (Fransk Togoland) og seinare til dagens Togo. Etter andre verdskrigen skifta mandatet for dei to områda frå folkeforbundsmandat til SN-mandat, men Frankrike og Storbritannia blei verande mandathaldarar. Togo oppnådde sjølvstende gradvis frå 1955 og til full uavhengighet 27. april 1960. Sylvanus Olympio vann presidentvalet i 1958 og blei den fyrste presidenten i landet.
Olympio prøvde etter kvart å undertrykke dei politiske motstandarane sine og forby konkurrerande parti. Det førte til eit kupp den 13. januar 1963 der Olympio blei drepen. Opposisjonspolitikaren Nicolas Grunitzky vende tilbake frå eksil og overtok regjeringsansvaret som statsminister (eit verv han også hadde hatt frå 1956 til 1958); han blei vald til president i mai 1963. Han støtta seg på militæret, men maktbasisen hans blei etterkvart svekka, og eit nytt kupp 13. januar 1967 førte til at oberstløytnant Étienne Eyadéma (seinare general Gnassingbé Eyadéma)]] blei president. Han grunnla eit militærdiktatur og blei verande president dei neste 38 åra.
I ein periode mellom 1990 og 1993 måtte Eyadéma gå med på at ein «nasjonalkonferanse» skulle laga ein overgangsgrunnlov som kunne ha ført til ein demokratisk stat. I maktspelet som gjekk føre seg i denne perioden greide Eyadéma etterkvart å få overtaket. I dei neste åra måtte han gje opposisjonen nokre rettar, men klarte å halda på makta til han døydde 5. februar 2005. Militæret utnemnde sonen hans Faure Gnassingbé til ny president. Dette blei bekrefta i eit svært omstridd val i april 2005.
Samfunn
endreFolkesetnad
endreVed folketeljinga i 2010 hadde Togo 6 191 155 innbyggjarar.[1]
Største byar
endreAdministrativ inndeling
endreTogo er delt opp i fem regionar, frå nord til sør Savanes, Kara, Centrale, Plateaux og Maritime.
Kjelder
endre- ↑ Recensement Général de la Population et de l'Habitat (06 au 21 novembre 2010). Résultats définitifs Arkivert 2012-04-21 ved Wayback Machine., Direction Générale de la Statistique et de la Comptabilité Nationale, 2011, s. 3.
- Denne artikkelen bygger på «Togo» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2022.