Tres Hombres
Studioalbum av ZZ Top
Språk engelsk
Utgjeve 26. juli 1973
Studio Brian Studios & Ardent Studios i Memphis i Tennessee
Sjanger
Lengd 33:32
Selskap London
Produsent Bill Ham
ZZ Top-kronologi 
Rio Grande Mud
(1972)
Tres Hombres Fandango!
(1975)


Singlar frå Tres Hombres
  1. «La Grange»
    Utgjeve: 1973

Tres Hombres (spansk for «tre menn») er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det kom ut i juli 1973. Det var første gongen bandet arbeidde med Terry Manning som lydteknikar. Denne kombinasjonen vart ein suksess og albumet vart gjennombrotet for bandet. I USA gjekk albumet inn på topp 10, medan singelen «La Grange» nådde 41. plassen på singellista.

Remiksa versjon endre

Då ZZ Top var på sitt mest populære i midten av 1980-åra, vart ein digital, remiksa versjon av innspelinga gjeven ut på CD, og den originale miksen frå 1973 vart ikkje lenger gjeven ut. Denne remiksa versjonen skapte kontroversar blant fansen, fordi han i stor grad endra lyden på instrumenta, særleg trommene. Den remiksa versjonen vart nytta på alle tidlege CD-eksemplar og var den einaste tilgjengelege versjonen i over 20 år. Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut 28. februar 2006, med tre konsertopptak som bonusspor. Dette var den første CD-utgåva med den originale miksen frå 1973. Seinare utgjevinga på digitale plattformer som iTunes har òg nytta den originale miksen.

Mottaking endre

Albumet kom ut i juli 1973 til lunken mottaking. Steve Apple skreiv i september 1973 for Rolling Stone at sjølv om «Southern rock & roll » var blitt populær, var ZZ Top berre «eitt av fleire kompetente Southern rock-band», men dei hadde ein «fordel over dei fleste kvite rockeartistane» fordi dei høyrdest «svarte ut».[1]

Ettermæle endre

I 2003 vart albumet rangert på 498. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[2] I 2012 vart albumet rangert på 490. plassen på ei revidert liste. Albumet nådde åttandeplassen på Billboard 200.

Singlar endre

Den einaste singelen frå albumet var «La Grange» (med «Just Got Paid» frå det andre albumet til bandet, Rio Grande Mud) som nådde 41. plassen på Billboard Hot 100.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Waitin' for the Bus»Billy Gibbons, Dusty Hill2:59
2.«Jesus Just Left Chicago»Gibbons, Hill, Frank Beard3:30
3.«Beer Drinkers & Hell Raisers»Gibbons, Hill, Beard3:23
4.«Master of Sparks»Gibbons3:33
5.«Hot, Blue and Righteous»Gibbons3:14
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Move Me on Down the Line»Gibbons, Hill2:32
7.«Precious and Grace»Gibbons, Hill, Beard3:09
8.«La Grange»Gibbons, Hill, Beard3:52
9.«Shiek»Gibbons, Hill4:05
10.«Have You Heard?»Gibbons, Hill3:15
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Waitin' for the Bus» (live)Gibbons, Hill2:42
12.«Jesus Just Left Chicago» (live)Gibbons, Hill, Beard4:03
13.«La Grange» (live)Gibbons, Hill, Beard4:44

Medverkande endre

Produksjon endre

Salslister endre

Album endre

År Liste Plassering
1974 Billboard Pop Albums 8

Singlar endre

År Singel Liste Plassering
1974 «La Grange» Billboard Pop Singles 41 (Also debuted #33 on American Top 40. juni 29, 1974)

Kjelder endre

  1. [1] Arkivert 2. oktober 2007 ved Wayback Machine.
  2. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 30. september 2018.