«Treskreppa» er ein norsk springar som for det meste funnen i Telemark, men slåtten har og vore nytta i Numedal, der han er kalla «Ramsen». Rikard Berge gissa på at dette var ein slått Myllarguten skulle ha etter Nils Rekve. Det er og truleg at slåtten kjem frå Olav Napper. Tonematerialet i slåtten er lett attkjenneleg og durprega.

Slåtten er kalla «Treskreppa» etter eit møte mellom Myllarguten og ein kar som for med treskreppe på ryggen:

Myllargyten kom av Kongsberg-marknaden, og Millom Kongsberg og Vollane raaka han ein mann som gjekk bar på ei treskreppe. Han fór og selde dropar og andre lækjeraadir. Myllaren bar på feleskrine sitt. Dei kom til røds med einannan vonums meir. «Du er visst spelemann du?», sa mannen med treskreppa. «Aa nei da, nei da!» sa Myllaren. «Dettin e’ bare ett fillebraat eg har handla ti meg.» Dei sette seg i vegbrauti og rødde. Myllaren fekk noko dropar av honom som skulde vera gode for all ting til kalle. Men vilde ikkje mannen tulle ein slaatt, sa Myllaren, so skulde han spela. Nei, de kunde han ikkje; hadde aldri i verdi kunna tulla, han ikkje. Men Myllaren hadde daa aldri raaka nokon som ikkje hadde kunna ein einaste slaatt, lét han til. Og so vart de til de at mannen tulla noko av ein slaatt, de vesle han kunde. Den kunde Myllaren vel, og mykje lenger og heilare. Han spela den og mange andre for mannen. De var «Treskreppa», de. Og sidan kalla Myllaren aldri den slaatten noko anna. (Berge: Myllarguten-Gibøen).

Rikard Berge skriv og at slåtten var mykje nytta av Håvard Gibøen, og kallar slåtten «ein glad og lett springar».

Talleiv Røysland nytta slåtten som tone for visa «No æ det joli au», som seinare vart spela inn av Øyonn Groven Myhren.

Variantgruppa endre

Slåttegruppa har katalognummer 507 i Hardingfeleverket. Slåtten er og skriven ned av Gregar Nordbø, og det finst ein variant etter Olav Midtbø (Ho Kjersti sjøl). Desse formene er ikkje med i lista.

  • d: Kjempa, etter Olav Flåto, Hovin. Nedskrift Eivind Groven 1960 etter opptak i NRK (G 1172, NRK Magn. 1768).
  • e: Ramsen, etter Olav Løndal, Tuddal. Nedskrift Eivind Groven 1964 etter opptak i NRK (G 1468, NRK magn. 1969).