Trouble in Mind
Trouble in Mind Song av Thelma La Vizzo med Richard M. Jones | ||
Utgjeve | 1924 | |
Innspelt | 15. mai 1924 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 2:56 | |
Selskap | Paramount | |
Låtskrivar(ar) | Richard M. Jones |
---|
«Trouble in Mind» er ein langsam 8-taktsbluessong skriven av jazzpianisten Richard M. Jones. Den første kjende innspelinga av songen var i 1925 av songaren Thelma La Vizzo med Jones på pianoakkompagnement. Songen vart ein tidleg bluesstandard med mange utgåver av forskjellige artistar.[1] Ofte vart det òg lagt til ny eller endra tekst. Dei fleste av dei byrjar likevel med opningsverset:
Trouble in mind, I’m blue
But I won’t be blue always
'Cause I know the sun's gonna shine in my back door someday
Tidlege innspelingar av «Trouble in Mind» vart mellom anna gjort av Bertha «Chippie» Hill (1926, OKeh 8312 med Louis Armstrong på kornett og Jones på piano og 1928, Vocalion 1248), Georgia White (1936, Decca 7192), Victoria Spivey (som Jane Lucas) (1936, Vocalion 3346) og Bob Wills and His Texas Playboys (1936, Vocalion 3343). Seinare vart «Trouble in Mind» ein hit på Billboard R&B-lista for Dinah Washington (fjerdeplass i 1952) og Nina Simone (11. plass i 1961 og 92. plass på poplista).[2]
Innspelingar av andre artistar
endre«Trouble in Mind» har blitt spelt av mange artistar, som:[3]
- 1941 – Sister Rosetta Tharpe med Lucky Millinder & His Orchestra på singel (Decca 48053)
- 1944 – Jay McShann's Kansas City Stompers med Julia Lee på singel (Capitol 10030)
- 1952 – Amos Milburn and His Aladdin Chickenshackers på singel (Aladdin 3124) og Cisco Houston på «Cowboy Ballads»[4]
- 1955 – Eddy Arnold på singel (RCA 47-6365)
- 1957 – Mose Allison på albumet hans Local Color
- 1959 – Duane Eddy på albumet Especially for You
- 1961 – Sam Cooke på My Kind of Blues
- 1962 – Cannonball Adderley på Cannonball in Europe!
- 1962 – The Everly Brothers på Instant Party
- 1962 – George Jones på George Jones Sings Bob Wills
- 1963 – Ella Fitzgerald på These Are the Blues
- 1963 – Jeff Beck som ein demo med The Tridents på Beckology (utgjeve 1991)
- 1963 – Janis Joplin som ein demo på Janis (utgjeve 1975)
- 1963 – Jimmy Smith på Bucket!
- 1965 – Hank Snow på singel (RCA 47-8548)
- 1965 – Aretha Franklin på Yeah!!!
- 1965 – Nina Simone på Pastel Blues
- 1970 – Led Zeppelin i ein medley med «Key to the Highway» på den utvida utgåva av Led Zeppelin III (2014)
- 1970 - Merle Haggard på Down Every Road 1962-1994 (1996)
- 1973 – Jerry Lee Lewis på The Session...Recorded in London with Great Artists
- 1975 – Tennessee Ernie Ford og Glen Campbell frå Ernie Sings & Glen Picks
- 1985 – Marianne Faithfull på filmmusikkalbumet Trouble in Mind
- 1987 – Hank Williams, Jr. på Hank Live
- 1987 – Jerry Garcia Acoustic Band på Ragged but Right (2010)
- 1992 – Hot Tuna på Live at Sweetwater
- 1995 – Bert Jansch på Live at the 12 Bar: An Authorised Bootleg (1996)
- 1998 – A.J. Croce på Fit to Serve
- 2003 – Elkie Brooks og Humphrey Lyttelton på Trouble in Mind
- 2003 – Johnny Cash på Unearthed
- 2003 – James Blood Ulmer på No Escape from the Blues: The Electric Lady Sessions
- 2004 – Shearwater på Sham Wedding/Hoax Funeral (delt album med Okkervil River)
- 2006 – Jerry Lee Lewis med Eric Clapton på Last Man Standing. Ein konsertversjon av Ron Wood på Last Man Standing Live
- 2007 – Magnolia Electric Co. på Sojourner
- 2009 – Jorma Kaukonen på River of Time
- 2009 – John Gorka på So Dark You See
- 2015 – Lee Ann Womack på Trouble in Mind
- 2017 – Andra Day på filmmusikkalbumet for Marshall[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trouble in Mind» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Herzhaft, Gerard (1992). «Trouble in Mind». Encyclopedia of the Blues. Fayetteville, Arkansas: University of Arkansas Press. s. 476. ISBN 1-55728-252-8.
- ↑ Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 433, 375. ISBN 0-89820-068-7.
- ↑ «Trouble in Mind – Song Search Results». AllMusic. Henta 25. februar 2018.
- ↑ https://www.discogs.com/Cisco-Houston-Cowboy-Ballads/master/636503
- ↑ «Marshall [Original Motion Picture Soundtrack] - Marcus Miller | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 25. februar 2018.