The Session...Recorded in London with Great Artists

The Session...Recorded in London with Great Artists
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1973
Innspelt London, England
Sjanger country, rock and roll, blues
Selskap Mercury
Produsent Steve Rowland
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Who's Gonna Play This Old Piano?
(1972)
The Session...Recorded in London with Great Artists Sometimes a Memory Ain't Enough

(1973)


The Session...Recorded in London with Great Artists er eit dobbeltalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1973. Det vart spelt inn i London i lag med britiske artistar som Peter Frampton og Albert Lee.

Bakgrunn

endre

Etter ei rekkje countryhitar sidan 1968 og ei ny interesse for gammal rock and roll, vart Mercury inspirert til å fly Lewis til London for at han kunne få spele inn musikk med dugande britiske og irske musikarar, som Rory Gallagher, Kenney Jones, Albert Lee, Alvin Lee, Peter Frampton, Gary Wright og Klaus Voormann. Konseptet var ikkje nytt og Chuck Berry, Howlin' Wolf og B.B. King hadde alt gjort det same.

Innspeling

endre

Innspelinga skal ha vore spent. Lewis hadde sjeldan spelt inn musikk utanfor Tennessee, og her kjende han seg utanfor komfortsona si med ei rekkje langhåra musikarar som stod rundt og såg på han medan han spelte. Albumet vart produsert av Steve Rowland og bestod hovudsakleg av nyinnspelingar av femtitals rock and roll-songar og somme nyare songar, som Creedence Clearwater Revival sin «Bad Moon Rising» og Gordon Lightfoot sin «Early Morning Rain». Ein versjon av den gamle Lewis-songen «Drinking Wine Spo-Dee-O-Dee» vart hitsingelen frå albumet. Denne nådde 20. plassen på countrylista til Billboard og 41. plassen på poplista.

Lewis innrømde seinare at han var imponert av dei britiske musikarane og kor profesjonelle dei var, og sa i A Half Century of Hits, «Eg sat ned ved pianoet, sette hovudtelefonane på og byrja å spele. Ingen av desse gutane røykte dop, tok piller eller drakk. Dei var reine. Verkeleg flott, og dei var dei beste musikarane eg har høyrt.»

The Session vart det høgast plasserte albumet til Lewis på poplista sidan 1964 og Golden Hits of Jerry Lee Lewis. Albumet nådde 37. plassen. På countryalbumlista klatra det heilt til fjerdeplassen.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Drinking Wine, Spo-Dee O'Dee»McGhee, Williams 
2.«Music to the Man»  
3.«Baby What You Want Me to Do»Jimmy Reed 
4.«Bad Moon Rising»John Fogerty 
5.«Sea Cruise»Huey Piano Smith 
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Jukebox»Colton, Hodges, Lee 
7.«No Headstone on My Grave»Charlie Rich 
8.«Big Boss Man»Dixon, Smith 
9.«Pledging My Love»Robey, Washington 
10.«Memphis»Chuck Berry 
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Trouble in Mind»Richard M. Jones 
12.«Johnny B. Goode»Chuck Berry 
13.«High School Confidential»Ron Redgrave, Jerry Lee Lewis 
14.«Early Morning Rain»Gordon Lightfoot 
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
15.«Whole Lotta Shakin' Going On»David, Williams 
16.«Sixty-Minute Man»Billy Ward, Rose Marks 
17.«Movin' On Down The Line»Roy Orbison, Sam Phillips 
18.«What'd I Say»Ray Charles 
19.«Rock & Roll Medley: Good Golly Miss Molly/Long Tall Sally/Jenny, Jenny/Tutti Frutti/Whole Lotta Shakin' Going On»Marascalo, Johnson, Blackwell, Penniman, LaBostrie0

Medverkande

endre
Teknisk

Kjelder

endre