Tull, tøys, vrøvl, vås, vas eller nonsens er noko som ikkje gjev meining. Omgrepa kan mellom anna visa til dumskap, feil eller skjemt i ord eller handling. Dei blir ofte brukt nedsetjande, til dømes om utsegner, handlingar eller idear, men ulike former for tøys kan også vera verkemiddel innan felt som humor, kommunikasjon, litteratur og kunst, og som ein motsats til alvor.

Vitseteikning med Albert Einstein og tøyseform av den kjende formelen E=mc².
Illustrasjon og dikt frå Edward Lear si Book of Nonsense frå 1846. Tøyseversa og limerickane hans danna mønster for ein hel sjanger.
Illustrasjon til «Jabberwocky» av Lewis Carroll, eit dikt som i stor grad er laga av nonsensord.

Ordsoge endre

Orda «tull» og «tulle» kan ha mange ulike tydingar og avleidingar. Ei avleiing er tville (engelsk twirl) som viser til røring, tvinning eller spinning. Grunntydinga av «tull» er knytt til kvervel eller krins (å gange i tull). Frå dette kjem òg nemninga «nøstetull», eller «tulle saman til ein ball», difor òg 'bylt' eller noko som er krølla saman. «Tull» kan visa til eit lite barn, liknande «pjokk», medan «tulle» og «tulla» kan vera kjælenamn for ei lita jente.

Tydinga av verbet «tulle» som har med å svinge, kvervle, krinse (tulle seg ikring), rulle bortetter, krølle seg ihop eller tumle seg kan også gje det tydinga 'å danse'. I tillegg kan tulling òg tyde tralling. Å «ramle i tull» er om lag det same som å "dette i koll".

Om ein går og tullar, tyder det og at ein går lett forvirra ikring utan mål og meining. Å «vera tullut» eller «tullat» heng og saman med å vera frå vit og sans, å 'rote' eller 'røre'. Ei anna tyding av substantivet «tull» eller «tulling» er 'tosk' eller 'fåviting' (tulling eller tull). «Tulling» var før i tida nemning på ein person med psykiske vanskar, ein som ikkje høvde i samfunnet, ein «galning».

Kultur endre

Tull eller nonsens kan vera eit verkemiddel i visse former for litteratur, som vitsar, regler, vers og lengre verk. Tullet kan ta ulike former, til dømes ved bruk av tøyseord, ordspel, absurditet og anna.

Den britiske teiknaren og forfattaren Edward Lear gav ut Book of Nonsense i 1846. Boka inneheld tøysevers og limerickar som minner om barneregler, og er rekna som opphavet til nonsenssjangeren i engelsk litteratur. Viktige arvtakarar var Lewis Carroll, som særleg er kjend for Alice i Eventyrland, E.C. Bentley og Hilaire Belloc.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tull