UEFA-cupfinalen i fotball 1996
UEFA-cupfinalen i fotball 1996 stod mellom tyske Bayern München og franske Girondins Bordeaux og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 1. mai på Olympiastadion i München med 63 000 på tribunane, returkampen vart avvikla 15. mai på Parc Lescure i Bordeaux framfor 36 000 tilskodarar. FC Bayern sigra i finalen med 5 mot 1, klubbens einaste triumf i UEFA-cupen.
Kampane
endrePå heimebane vann FC Bayern med 2-0, etter skåringar av Thomas Helmer i det 34. og Mehmet Scholl i det 60. minutt. På bortebane tok gjestene leiinga i det 53. minutt ved nemnde Scholl, Emil Kostadinov la på til 2-0 i det 65. minutt. 15 minuttar før full tid reduserte midtbanespelaren Daniel Dutuel for Bordeaux, nokså omgåande la Jürgen Klinsmann på til 3-1 for det tyske laget. Med samanlagt 5-1 vann Bayern München turneringspokalen.
Laga
endreVinnarlaget til Bayern München bestod av: Oliver Kahn, Markus Babbel, Oliver Kreuzer, Lothar Matthäus, Thomas Helmer, Christian Ziege, Dietmar Hamann, Mehmet Scholl, Ciriaco Sforza, Jürgen Klinsmann, Jean-Pierre Papin, Dieter Frey, Thomas Strunz, Emil Kostadinov, Marcel Witeczek, Alexander Zickler.
Bourdeaux-mannskapet: Gaëtan Huard, François Grenet, Jakob Friis-Hansen, Jean-Luc Dogon, Bixente Lizarazu, Laurent Croci, Phillippe Lucas, Daniel Dutuel, Richard Witschge, Didier Tholot, Anthony Bancarel, Cédric Anselin, Zinedine Zidane, Christophe Dugarry.
Domarar
endreSerge Mumenthaler frå Sveits dømde kampen i München, Vadim Zjuk frå Kviterussland i Bordeaux.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1996 UEFA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2019.