Veksaren
Veksaren eller Veksarslåtten er ein kjend vandreslått som er nytta i mange tradisjonsområde innanfor hardingfelemusikken. Dette er ein tvibeitslått med fast oppbygde vek, meir eller mindre storfelt i forma. Slåtten går under mange namn, Vesle-Dekken i Hallingdal, eller Juvsrunningen i Numedal. Namnet Veksaren er nytta i Valdres. I Telemark er slåtten og kjend som Spelemannsprøva. Slåtten har vore spela av Gudbrand Skjellerud, som sytte for at han vart spreidd opp gjennom Hallingdal. Det er og skrive ned ein variant etter Johan Kleven (ikkje teken med her).
I Valdres byrjar tradisjonslina for slåtten med Ulrik Jensestogun, i Hallingdal med Gudbrand Skjellerud.
Variantgruppa Endra
I hardingfeleverket har gruppa nr 519 (ni variantar). Seks av desse byrjar med "tvibeitveket" på grannstrengen (kvinten) Dette kan ein kalle "Valdres-opninga". To av formene byrjar på kvarten (etter Sevat Sataøen og Johannes Dale), og ei form byrjar på grovstrengene (Juvsrunningen).
- a: Sandbekkens minne, etter Hellik Ranvik frå Flesberg [1][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Utydeleg opptak gjorde transkripsjonen vanskeleg. Slåtten byrjar på same måte som Veksarlåtten frå Valdres (form etter Ulrik Jensestogun).
- b: Juvsrunningen, etter Halvor Kaasin, Nore [2][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Kaasin hadde slåtten frå Steingrim Haukjem. Namnet skal skrive seg frå spelemannen Halvor Solum frå Juvsrunningen i Eggedal, som for til Amerika i 1886. Haukjem kalla og slåtten Sandbekkens minne. Eivind Groven skreiv ned slåtten under dette namnet. Denne forma skil seg ut med ei noko annan melodisk utforming enn dei hine formene. Varianten byrjar på grunntonen.
- c: Vesle-Dekken, etter Sevat Sataøen, Ål [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1963 (G 1429). Sataøen hadde slåtten etter Vesle-Ola Dekko, yngre bror av Ola Dekko (Store-Dekken). Dekken hadde slåtten etter spelemannen Kittil Geiterygg, som hadde han frå Gudbrand Skjellerud.
- d: Springar etter Tor Grimsgard, etter Odd Bakkerud, Nes [4][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Bakkerud hadde slåtten etter Knut Bakkerud på Nes. Forma byrjar på same måte som Veksarlåtten.
- e: Veksarlått, etter Ola Fystro, Vestre Slidre [5][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1912 (B 452). Fystro hadde slåtten etter Ulrik Jensestogun frå Nord-Aurdal (lært 1890).
- f: Ein tå veksaro, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre [6][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Forma er etter Ola Fystro. Bolstad meinte Fystro hadde laga det siste veket i slåtten. Dette er ikkje med i nedskrifta etter Fystro sjølv.
- g: Springar, etter Ånund Tveiten, Lårdal [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven (G 440). Melodiføringa skil seg noko ut.
- h: Springar etter Tor Rønningen, etter Johannes Dale, Tinn [8][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1253). Forma er påverka av Torkjell Haugerud si, men byrjar på kvarten.
- i: Liten Vritestubb, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [9][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1387). I 1898 var Haugerud innlagd på Tonsåsen Sanatorium, og der fekk han slåtten frå ein Valdres-spelemann. Haugerud lærte slåtten snøgt vidare av di han var lett å hugse. Med tida gjekk Haugerud lei av slåtten av di han vart så populær, og bygde han om slik at han vart meir vrang å hugse. Difor vart slåtten heitande ”Vritestubb” (Vanskeleg stubb).