Agder og Telemark bispedømme
Agder og Telemark bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfattar Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder fylke. Sidan 2013 har Stein Reinertsen vore biskop i Agder og Telemark. Biskopen har sete i Kristiansand med Kristiansand domkyrkje.
Historie
endreI 1125 vart Stavanger bispedømme utskilt frå Bjørgvin. Dette nye bispedømmet strekte seg langs kysten frå Haugesund i vest til Gjernestangen mellom Risør og Kragerø, seinare til og med Eidanger, i aust. I 1682 gav kongen ordre om at biskop og stiftamtmann skulle flytte frå Stavanger til Kristiansand.
Agder bispedømme med Telemark og dei to Agder-fylka som sitt område vart oppretta i 1925, ved at Stavanger og Rogaland vart utskilt som eit eige bispedømme. Frå 1. januar 2005 vart namnet endra til Agder og Telemark bispedømme.
Biskop Olav Skjevesland markerte seg språkpolitisk i 2006 då han reiste til Oslo for å søkje departementet om å sleppe pålegget om å nytte nynorsk som administrasjonsspråk i Agder og Telemark bispedømme.
Biskopar
endreProsti
endreAgder og Telemark bispedømme har følgjande prosti:
Kristiansand domprosti |
Otredal prosti |
Fellesråd
endreBispedømmet har har følgjande fellesråd: