Verdscupen i langrenn 1984/Menn
(Omdirigert frå Verdscupen i langrenn 1984 for menn)
Verdscupen i langrenn for menn i 1984-sesongen omfatta 10 individuelle tevlingar og 4 stafettar. Tevlingane tok til 10. desember 1983 og vart avslutta 23. mars 1984. Dei 10 indviduelle renna bestod av fem tevlingar over 15 kilometer, tre over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Ramsau (2) i Austerrike, Sarajevo (4) i Jugoslavia, Falun (2) i Sverige, Lahti i Finland, Oslo i Noreg, Fairbanks (2) i USA og Murmansk i Sovjetunionen.
Gunde Svan frå Sverige sigra i fire tevlingar og vann FIS-pokalen med suveren margin. Nikolaj Zimjatov frå Sovjetunionen vann to tevlingar, medan Thomas Wassberg, Lars Erik Eriksen, Tor Håkon Holte og Mikhail T. Devjatjarov vann kvar sitt verdscuprenn.
Individuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
1 | Gunde Svan | Sverige | 145 |
2 | Thomas Wassberg | Sverige | 96 |
3 | Harri Kirvesniemi | Finland | 93 |
4 | Tor Håkon Holte | Noreg | 86 |
5 | Vladimir Sakhnov | Sovjetunionen | 85 |
6 | Nikolaj Zimjatov | Sovjetunionen | 84 |
7 | Andi Grünenfelder | Sveits | 73 |
8 | Lars Erik Eriksen | Noreg | 70 |
9 | Jan Ottosson | Sverige | 65 |
10 | Jan Lindvall | Noreg | 60 |
11 | Aki Karvonen | Finland | 58 |
12 | Ove Aunli | Noreg | 55 |
13 | Giachem Guidon | Sveits | 55 |
14 | Jurij Burlakov | Sovjetunionen | 54 |
15 | Oddvar Brå | Noreg | 48 |
16 | Aleksandr Zavjalov | Sovjetunionen | 48 |
17 | Mikhail T. Devjatjarov | Sovjetunionen | 47 |
18 | Juha Mieto | Finland | 45 |
19 | Torgny Mogren | Sverige | 45 |
20 | Geir Holte | Noreg | 44 |
21 | Jim Galanes | USA | 42 |
22 | Maurilio De Zolt | Italia | 38 |
23 | Konrad Hallenbarter | Sveits | 35 |
24 | Kari Ristanen | Finland | 33 |
25 | Jochen Behle | Vest-Tyskland | 33 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1983/84» frå Wikipedia på tysk, den 2. november 2020.