Viktoriansk litteratur
Viktoriansk litteratur er engelskspråkleg litteratur som vart skapt under styret til dronning Victoria av Storbritannia (1837–1901), det som vert kalla viktoriatid. Denne litteraturen dannar eit samband og overgang mellom forfattarane i den romantiske perioden og den særs vesenforskjellige litteraturen på 1900-talet.
I løpet av 1800-talet vart romanen den leiande forma for skjønnlitteratur på engelsk. Verka til førviktorianske forfattarar som Jane Austen og Walter Scott hadde perfeksjonert både nærgåande sosial satire og spennande forteljingar. Populære bøker opna opp for romanen hos det lesande publikummet. 1800-talet er ofte framheva som eit høgdepunkt i britisk litteratur forutan òg i land som Frankrike, USA og Russland. Bøker, og særleg romanar, vart vanlege og tilgjengelege overalt. Viktorianske romanforfattarar la grunnlaget for ein litterær arv som enno er gyldig og til stede i særleg britisk litteratur.
Romanar
endreIt was the best of times, it was the worst of times, it was the age of wisdom, it was the age of foolishness, it was the epoch of belief, it was the epoch of incredulity, it was the season of Light, it was the season of Darkness, it was the spring of hope, it was the winter of despair, we had everything before us, we had nothing before us, we were all going direct to Heaven, we were all going direct the other way – in short, the period was so far like the present period, that some of its noisiest authorities insisted on its being received, for good or for evil, in the superlative degree of comparison only.
Det var i løpet av viktoriatida (1837–1901) at romanen blei den leiande litterære sjangeren i England. Det best kjende verket frå denne tida er mellom anna dei emosjonelle og mektige verka til systrene Brontë, den satiriske Forgjengelighetens marked (Vanity Fair) av William Makepeace Thackeray, dei realistiske romanene til George Eliot, og Anthony Trollope sine innsiktsfulle portrett av liva til jordeigarane. Ei interesse for landsbygda og den endra sosiale og økonomiske situasjonen utanfor byane kan ein lesa i romanane til Trollope, Thomas Hardy, Elizabeth Cleghorn Gaskell og andre.
Charles Dickens dukka opp på den litterære scena i 1830-åra, og stadfesta trenden med føljetongromanar. Dickens skreiv levande og fargerikt om livet og fattigdommen i London og omland, men på ein venleg og humoristisk måte som var akseptabelt for lesarar i alle samfunnslag. Tidlege verk som Pickwick-papirene (1836–1837) er komiske meisterstykke. Dei seinare verka hans var mørkare, som David Copperfield (1849–1850), men uten å tapa geniet for treffende og minneverdige karikaturar, mellom anna i avslørande replikkar.
Lyrikk
endreLeiande lyrikarar i den viktorianske tidsalderen var skikkelsar som Alfred Tennyson, Robert Browning, Elizabeth Barrett Browning, Matthew Arnold, Dante Gabriel Rossetti og Christina Rossetti.
Barnelitteratur
endrePå denne tida blei det gjeve ut litteratur skriven spesielt for barn, og ein del av denne blei kjend verda over. Lewis Carroll blei kjend for Alice i eventyrland, og skreiv også tullevers, noko også Edward Lear gjorde. Robert Louis Stevenson var ein representant for den engelske nyromantikken. Han skreiv eventyrlege bøker lesne både av barn og vaksne, som Dr. Jekyll and Mr. Hyde, Kidnapped og Skatten på sjørøverøya (Treasure Island).
Samfunn
endreDronning Viktoria representerer ikkje berre det verdsomspennande britiske imperiet, men blei også symbolet på ein samfunnstype og eit kultursyn. I daglegtale har «viktoriansk» fått ein negativ klang, brukt om noko sneversynt og hyklersk, særleg seksuelt. Konfliktane i samfunnet blir gjort tydelege i irskfødde Oscar Wilde, ein estetikar, essayist og dramatikar. Hans talent for den kvikke, andfulle replikken og konversasjon prega hans vittige komediar. Som lyrikar og eventyrforfattar var Wilde ein prerafaelitt, som essayist var han personleg og levande. Samstundes kunne han visa ei anna side, som i det mørke bibelske dramaet Salomé (1896), og romanen Portrettet av Dorian Grey (1891), om tilhøvet mellom ungdom, venleik og tid. Wilde sitt eige liv ende i tragedie då han blei dømd og send i fengsel for homofili, og døydde få år seinare. Men også fengselsopphaldet gav næring til litteratur Balladen om fengselet i Reading (The Ballad of Reading Gaol, 1898).
Bakgrunnsstoff
endre- The Victorian Web, det viktorianske nettet
- Victorian Women Writers ProjectArkivert 2010-09-11 ved Wayback Machine. 11. september 2010 hos ., prosjekt for viktorianske kvinneforfattarar
- Victorian Studie sin Bibliography Arkivert 2011-05-10 ved Library of Congress Web Archives, viktorianske studiar
- Victorian Link sin, viktorianske lenkjar
- Victorian Short Fiction ProjectArkivert 2011-07-25 ved Wayback Machine. 25. juli 2011 hos ., prosjekt for viktoriansk korttekster
- Mostly-Victorian.com, viktoriansk litteratur frå magasin
- Pocket Guide, lommeguide til viktorianske forfattarar og poetar