Yttrotantalitt-(Y)
Yttrotantalitt-(Y) er eit svart, radioaktivt mineral som hovudsakleg er eit oksid av tantal og yttrium. Det opptrer i metamikt tilstand, og er eit sjeldant mineral som finst i ein del granittpegmatittar i Sør-Noreg. Samarskitt er eit mineral som er i slekt med yttrotantalitt og som inneheld meir niob i staden for tantal. Namnet «yttrotantalitt» er sett saman av «yttrium» og «tantalitt».[2]
Yttrotantalitt-(Y) | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineral | ||
Kjemisk formel | (Y,Ca,U4+,Fe2+)2(Ta,Nb)2O8 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Brunsvart til svart | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | Dårleg/uklår på {010}. | ||
Brot | Muslig | ||
Glans | Glasaktig, sleip, nær-metallisk | ||
Strekfarge | Grå | ||
Tettleik | 5.5 - 5.9 g/cm3 (målt) | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | isotrop | ||
Andre eigenskapar | Radioaktivt | ||
Kjelder | [1] |
Mineralet finst mellom anna ved Ytterby på Resarö i Vaxholm i Sverige.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Yttrotantalite-(Y)». Mindat.org.
- ↑ «yttrotantalitt-(Y)». Store Norske Leksikon. 15. februar 2009.