Samarskitt
Samarskitt er eit svart, bekaktig, radioaktivt mineral som finst på granittiske pegmatittgangar, ofte saman med columbitt. Den kjemiske samansetjinga er særs komplisert, mineralet er i hovudsak eit oksid av niob, tantal, yttrium, lantanoidar, uran med fleire. Mineralet opptrer i metamikt tilstand. Yttrotantalitt er eit nærskyldt mineral der tantalinnhaldet er høgare enn niobinnhaldet.
Samarskitt-(Y) | |||
Samarskitt-(Y) krystallgruppe, Yancey County i Nord-Carolina (storleik: 3.3 x 2.8 x 1.7 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | (YFe3+Fe2+U,Th,Ca)2(Nb,Ta)2O8 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DB.25 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk dipyramidal (2/m 2/m 2/m) | ||
Einingscelle | a = 5,687 Å, b = 4,925 Å, c = 5,21 Å; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Svart, kan ha ein brunaktig tone, brun til gulbrun på grunn av endring, lys til mørkebrun i transmittert lys | ||
Krystallform | krystallar langstrekte med pyramidal endingar; vanlegvis korna til massive | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | {010}, utydeleg | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5–6 | ||
Glans | glasaktig - harpiksaktig | ||
Strekfarge | raudbrun | ||
Transparens | Ugjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment | ||
Tettleik | 5,6–5,8, snitt = 5,69 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Verkar isotrop | ||
Brytingsindeks | n = 2,1–2,2 | ||
Endrar seg til | Metamikt | ||
Andre eigenskapar | Radioaktiv (meir enn 70 Bq / gram) | ||
Kjelder | [1] |
I Noreg finst det særleg i Østfold, ved Spro på Nesodden og i Iveland.
Samarskitt vart først skildra i 1847 etter ein førekomst i Miass i Ilmenfjella sør i Uralfjella i Russland.[1] Grunnstoffet samarium vart først isolert frå ein prøve av samarskitt i 1879. Samarium vart kalla opp etter samarskitt som igjen vart kalla opp etter den russiske gruvedirektøren Vasilij Samarskij-Bykhovets (1803–1870).[1]
Kjelder
endre- Samarskitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://webmineral.com/data/Samarskite-(Y).shtml Webminerals