Zerynthia rumina
Zerynthia rumina er ein dagaktiv sommarfugl i svalestjertfamilien.
Zerynthia rumina | |
Zerynthia rumina | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Zerynthia rumina | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Sommarfuglar Lepidoptera |
Familie: | Papilionidae |
Slekt: | Zerynthia |
Art: | Z. rumina |
Vitskapleg namn | |
Zerynthia rumina |
Utsjånad
endreKroppen har eit ytre skjelett (hudplater) som held dei mjuke indre organa på plass. Det ytre hudskjelettet er for det meste bygd opp av kitin.
Dei indre organa i bakkroppen er meltingsorgan, kjønnsorgan og andredrett. Andedretten hos sommarfuglar foregår ikkje med lunger, men ved at luft hentast inn og ut av kroppen gjennom små hol i hudskjelettet (spiraklar). I kroppen er der eit svært finmaska system av trakéar som leiar oksygen til kroppen sine vitale delar. Ei blodvæske som sirkulerar i kroppen vert pumpa rundt av eit avlangt røyrforma hjarte. Ein stor del av brystpartiet er vengene sin muskulatur. Sanseorgan for syn, smak og lukt er stort sett plassert i hovudet. Nervesystemet er sett saman av ein bukmarg med to nervestrengar og ein nerveknute (ganglion) i kvart kroppssegment. Den fyrste nerveknuten, som ligg framfor munnopninga, er særskilt stor og vert kalla hjernen.
-
♂
-
♂ △
-
♀
-
♀ △
Utbreiing
endreZerynthia rumina finst sørvest i den palearktiske regionen, på nesten heile Den iberiske halvøya, sør i Frankrike, vest i Italia og nord i Atlasfjella aust til Tunisia.[1] Arten lever i dei fleste biotopar, men er truleg vanlegast i kystnære fjellområde.[2] Han finst i høgder opp til 2100 moh., avhengig av område.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Tolman Tom och Lewingtion Richard: Collins Butterfly Guide, HarperCollins Publishers, London 2008. ISBN 9780007279777. . Referanse frå Svensk Wikpedia.
- ↑ Higgins Lionel G. och Riley Norman D.: Europas fjärilar, Almqvist & Wiksell Förlag AB, Stockholm 1971, Hargreaves Brian. . Referanse frå Svensk Wikpedia.
- Denne artikkelen bygger på «Zerynthia rumina» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Spansk hålrotsfjäril» frå Wikipedia på svensk, den 9. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Zerynthia rumina i Encyclopedia of Life
- (en) Zerynthia rumina i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Zerynthia rumina hos Fauna Europaea
- (en) Zerynthia rumina hos NCBI
- (en) Kategori:Zerynthia rumina – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Zerynthia rumina – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Zerynthia (Zerynthia) rumina – detaljert informasjon på Wikispecies
- Bilete og skildring ved eurobutterflies.com
- Bilete og skildring Arkivert 2012-10-21 ved Wayback Machine. ved tolweb.org
- Bilete Arkivert 2012-10-04 ved Wayback Machine. ved lepidoptera.pl
- Bilete ved leps.it