«ongul» omdirigerer hit. For øya i Antarktis, sjå Ongul i Antarktis.

Ein ongel, angel eller ein fiskekrok (før 2012 også ongul) er ein meir eller mindre bøygd gjenstand som er festa til eit snøre for å fange fisk. Han er laga av eit relativt hardt materiale og er spiss i den eine enden. I andre enden vert det til vanleg festa eit snøre. Spissen har ofte mothake som vert kalla agnhald eller agnor. Menneska har laga fiskekrokar av materiale dei har rådd over. Ein finn dei av tre, bein, skjel, stein og ulike metall. Onglane har over lang tid hatt same grunnforma. Ein heller lang legg med eit auge, eller ei plate, til å feste snøre i. Så har ongelen ein bøy opp mot spissen.

Vanlege nemningar på ein ongel.
Forskjellige onglar

Det finst enkle onglar laga for linefiske, doble for til dømes flugefiske og tredoble onglar laga for pilkar og fiskeslukar.

For å få fisken til å bite, kan fiskaren egne ongelen med eit agn, kle han med ein gummimark, træ på ein ulltråd eller feste han til ein sluk eller ein pilk.

Onglar av ulikt materiale endre

Treonglar endre

Dei første onglane menneska laga, var truleg av tre. Ein finn restar av gamle trekrokar mange stader på jorda. Fordi tre lett rotnar og går i oppløysing, er det vanskeleg å seie når dei vart tekne i bruk. Treonglane vart laga av eit hardt treslag, til dømes einer. Dei vart tørka på sterk varme, eller spissen vart brend så han skulle verte hard. Slike onglar måtte sjåast over kvar dag. Dei vart lett skada og måtte skiftast. Dei måtte og tørkast var dag for å vera harde. Dei var større enn jarnonglar, og hadde mothake av tre eller ein jarnsplint.[1]

Slike onglar var i bruk i Lofoten til slutten av 1800-talet. Dei som brukte desse onglane, meinte dei hadde klare fordelar. Mellom anna la dei seg ikkje heilt i botnen, slik tyngre krokar ville gjere. Agnet vart då ikkje så lett øydelagd av smådyr på botnen. Gamle treonglar er ofte samansette av fleire delar. Ei surring held dei ulike delane på plass. Spissen er ofte av eit særleg hardt materiale.

Beinonglar endre

Krokar av bein og horn har og vorte mykje brukt. I Mähren i Tsjekkia har ein funne opp mot 20 000 år gamle beinonglar. I Danmark er dei eldste funna om lag 8000 år gamle. I VisteholaJæren er det gjort funn frå om lag same tid. Onglane av bein er ofte runde i forma. Det kan kome av at den naturlege rundinga på beinet eller hornet har varte brukt når ein skulle forme ongelen. Dei eldste er ofte enkle og manglar til dømes agnor. Liksom treonglane er dei av bein ofte samansette av fleire deler. Grunnen til dette er truleg at dei då vil verte sterkare. Beinkrokar vart og brukte lenge etter metallonglane kom i bruk.

Onglar av metall endre

Det vart tidleg laga onglar av metall, både kopar og bronse. Det er mellom anna gjort rike funn av bronseonglar på Kreta. Like eins har ein funne svært forseggjorde eksemplar i Pompei og Herculaneum. Gamle jarnonglar er oftast skada eller øydelagde av rust. Dei eldste ein har funne i Noreg er frå om lag år 400. Særleg er eit eksemplar frå Bykle godt bevart.

Etter den tid har ein fleire funn av gamle jarnkrokar, mellom anna frå Gokstadskipet. Utover i mellomalderen fekk ein handverkarar som spesialiserte seg på å lage onglar og nåler. Det var ikkje uvanleg at ongelen vart laga av ei nål. Dei som laga onglar vart kalla ongelmakarar på Vestlandet og i Nord-Noreg, og nålemakarar på Austlandet. Heimesmidde krokar kjenner ein ofte på ei kantete form. Utviklinga av sportsfiske, særleg i England, var med på å betre kvaliteten på onglane. Dei engelske onglane fekk ry på seg for å vere dei beste.

linefisket vart ein vanleg fangstmåte vart etterspørselen stor. Produksjonen i Noreg auka. I 1731 kjenner ein til at det vart eksportert eit større kvantum lange- og hyseonglar til Shetland frå Bergen. I utlandet, særleg i England, prøvde ein med industriell framstilling av onglar. Lenge måtte produksjonen foregå i fleire prosessar. Dei første som klarde å lage ein ferdig ongel i ein maskin var O. Mustad & SønGjøvik. Dei engelske krokane hadde så godt omdøme og fiskarane var vane å bruke dei. Difor gjekk det lang tid før Mustad sine onglar fekk noko større avsetnad. No er dei av dei største produsentane i verda.

Andre metodar for snørefiske endre

Fisking med fiskestikke har vorte brukt heil til våre dagar. Ein festar då snøret midt på ein pinne som er tilspissa i båe endane. Når fisken sluker pinnen og fiskaren rykkjer i snøret, set stikka seg ofte fast, og fisken kan dragast inn. På fiskestikka har det ofte vorte brukt levande agn. Fiskaren stikk henne då gjennom kjøtet på den levande agnfisken for å feste han. Fiskestikka kan vere laga av tre, bein, stein eller metall. Ho har og vorte brukt til fuglefangst.

Fiskaren kan og prøve å fange fisk ved at tennene på fisken skal setje seg fast. Det kan vere ved at ein klump edderkoppspinn har vorte fest til snøret. Ein kjenner og til at silke, plantefibrar og menneskehår har vore brukt slik.

Biletdøme endre

Onglar i kommunevåpen

Fotnotar endre

  1. Audun Dybdahl (2018). Med angel og not. Trondheim: Museums Forlaget. s. 78-81. ISBN 9788283050684. 

Kjelder endre

  • Helge Sørheim: «Borgund og Borgundfjordfisket». Årbok for Sunnmøre 2008.
  • Hans Jørgen Hurum: Med all verden på fiskekroken. Grøndahl 1976

Bakgrunnsstoff endre