‘Amidá
(Omdirigert frå ʿAmidá)
ʿAmidá (hebraisk עֲמִידָה [ʿămīdā]), òg kalla shmone-esre (gjennom jiddisch shmoine-esre frå hebr. שְׁמונֶה עֶשְׂרֶה [šəmōne ʿesre], ‘atten’) er den ståande, stille bøna som dannar høgdepunktet i minhá (ettermiddagsgudstenesta) og musáf (tilleggsgudstenesta etter morgongudstenesta på sjabbát, rosj hódesj (nymåne) og høgtidsdagar); og eitt av høgdepunkta i sjaharít (morgongudstenesta).