Komponisten Alexander Mackenzie
Alexander Campbell Mackenzie (22. august 1847–28. april 1935) var ein skotsk komponist. Saman med Hubert Parry og Charles Villiers Stanford blir han sett på som ein opphavsmann til den britiske musikalske renessansen seint på 1800-talet.
Alexander Mackenzie | |||
| |||
Fødd | 22. august 1847 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Død | 28. april 1935 (87 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | opera | ||
Verka som | komponist, musikkpedagog, universitetslærar, dirigent | ||
Prisar | Knight Commander of the Royal Victorian Order, Royal Philharmonic Societys gullmedalje |
Mackenzie var 1888-1924 direktør for Royal Academy of Music i London og 1892-99 leiar for Royal Philharmonic conserts. Mackenzie har skrive operaer og korverk og har i fleire komposisjonar tatt opp og omarbeidd skotske motiv, som skotske rapsodiar for orkester og skotsk konsert for piano og orkester.
Bakgrunn
endreMackenzie var fødd i Edinburgh som den eldste sonen til Alexander Mackenzie og kona hans, Jessie Watson, fødd Campbell.[1] Han var den fjerde musikaren i familien. Oldefar hans spelte i militærkorps, bestefaren John Mackenzie var fiolinist i Edinburgh og Aberdeen, og faren var også fiolinist, i tillegg til å dirigerar orkesteret ved Theatre Royal i Edinburgh og redigera The National Dance Music of Scotland.[2] Det musikalske talentet til Mackenzie kom tidleg til syne. Som åtteåring spelte han dagleg med orkesteret til faren.[2] Han blei send til Tyskland for å få ei musikalsk utdanning. Han budde hjå læraren sin, Stadtmusiker August Bartel, i Schwarzburg-Sondershausen i Thüringen, der han studerte ved konservatoriet under K.W. Ulrich og Eduard Stein. Her var han frå 1857 til 1861, då han gjekk inn i det fyrstelege orkesteret som fiolinist.[2]
Mackenzie ønskte å fortsetja fiolinstudia sine hjå læraren Prosper Sainton, som hadde undervist far hans, og i 1862 blei han teken opp ved Royal Academy of Music i London, der Sainton underviste. Dei andre lærarane hans var rektoren, Charles Lucas (harmoni), og Frederick Bowen Jewson (piano).[3] Kort tid etter å ha byrja ved akademiet blei han tildet eit stipend, King's Scholarship. Mackenzie supplerte inntekta ved å spela i orkester på teater og music halls, og på klassiske konsertar under dirigenten Michael Costa.[4] Dette gjorde at han av og til ikkje førebudde seg til timane ved akademiet. Ved eit høve hadde han ikkje førebudd eit stykke av ein klassisk komponist til ein pianoeksamen, og improviserte i staden eit stykke «starting off in A minor and taking care to end in the same key» som han klarte overtyda eksaminatørane om at var eit ukjent verk av Schubert. Nokre av dei tidlege komposisjonane til Mackenzie blei framførte ved akademiet.[3]
Tidleg karriere
endreI 1865 vende Mackenzie tilbake til Edinburgh. Han tok på seg ei stor arbeidsmengd der han underviste, både privat og på lokale skular. Frå 1870 fekk han ansvaret for musikk ved St George's-kyrkja ved Charlotte Square. I 1873 blei han dirigent for Scottish Vocal Association. Han spelte også fiolin i orkesterkonsertar både lokalt og ved Birmingham-festivalen frå 1864 til 1873, der han møtte vitjande musikarar som dirigenten Hans von Bülow, som blei ein god venn.[3] I 1874 gifta Mackenzie seg med ei lokal kvinne, Mary Malina Burnside (d. 1925). Dei fekk ei dotter,Mary.[5] Mackenzie byrja å komponera orkestermusikk med suksess. Bülow dirigerte overturen hans Cervantes i 1879,[4] og to av dei skotske rapsodiane hans hadde premiere med August Manns i 1880 og 1881.[5] Den tunge arbeidsbøra til Mackenzie som lærar og utøvar hadde byrja å tæra på helsa hans.[5] To av Bülow sine elevar i Firenze, Giuseppe Buonamici og George F. Hatton, introduserte Mackenzie for dei musikalske filantropane Carl og Jessie Hillebrand. Etter nokre månaders kvile med deira hjelp blei Mackenzie komponist på fulltid.[2] Bortsett frå eit år i England (1885), heldt han til i Firenze fram til 1888. I denne tida var han mykje saman med Franz Liszt. Han byrja komponera større verk, som instrumental, orkester- og kormusikk og to operaer.[5] Kantatene hans The Bride og Jason hadde suksess, og Carl Rosa Company tinga den fyrste operaen hans, Colomba, med libretto av Francis Hueffer, ein musikkmeldar i The Times. Denne vellykka operaen hadde premiere i 1883. Ein andre opera, The Troubadour, blei sett opp av same kompani i 1886. Denne hadde mindre suksess, men Liszt likte stykket godt nok til å byrja arbeid på ein pianofantasi som bygde på tema frå det. Pablo de Sarasate urframførte ein fiolinkonsert av Mackenzie ved Birmingham Festival i 1885. For sesongen 1885–86 blei Mackenzie utnemnd til dirigent for Novello sine oratoriumkonsertar i London. Liszt vitja England for siste gong hovudsakleg for å høyra verket sitt Saint Elisabeth framført under Mackenzie sin direksjon i 1886.[5]
På høgden
endreI oktober 1887 døydde leiaren for Royal Academy of Music, sir George Macfarren, og tidleg i 1888 blei Mackenzie utpeikt som etterfølgjaren hans.[5] Han hadde stillinga i 36 år, til han trekte seg tilbake i 1924. På denne tida var Academy overskugga av den nyare rivalen sin, Royal College of Music, og Mackenzie sette i gang med å fornya omdømet. Han var heldig nok i å ha vennlege tilhøve til begge leiarane der som var samtidige med han, fyrst George Grove og så, frå 1895, Hubert Parry, og dei to institusjonane danna eit nært samarbeid som begge tente på. I tillegg til å overhala læreplanen og omorganisera fakultetet, engasjerte Mackenzie seg personleg med studentane sine ved å undervisa i komposisjon og ved å dirigera studentorkesteret. I 1912 flytta akademiet frå dei gamle bygningane sine i Mayfair til spesialbygde lokale i Marylebone.[3] I sine seinare år som rektor blei Mackenzie tydeleg konservativ, og la ned forbod mot at studentane hans skulle spela kammermusikken til Ravel, som han rekna som ein dårleg påverknad («a pernicious influence»).[6]
Mackenzie dirigerte Royal Choral Society og Philharmonic Society Orchestra frå 1892 til 1899,[2] og stod bak dei britiske uroppføringane av fleire verk, mellom anna symfoniar av Tsjajkovskij og Borodin.[5]
Mackenzie var rekna som ein kosmopolitisk musikat. Han snakka flytande tysk og italiensk, og blei vald til leiar for International Musical Society der han sat frå 1908 til 1912. Frå sine tidlege dagar då han spelte med orkester Edinburgh og Birmingham hadde han møtt og knytta vennskap med fleire leiande internasjonale musikarar, som Clara Schumann, Joseph Joachim, Charles Gounod og Antonín Dvořák.[3][5] Vennskapen hans med Liszt byrja medan Mackenzie studerte i Sondershausen, og varte til Liszt døydde.
Mackenzie komponerte ei stor mengd verk som hadde offentleg suksess, men som Arthur Sullivan hadde funne ut før han og Parry på same tid gjorde drifta av eit stor musikkonservatorium av han hadde mindre tid til å komponera.[3][7] Både på akademiet og andre stader var han ein populær førelesar. Blant emna hans var Verdi sin opera Falstaff, der teksten til førelesinga hans seinare blei omsett og gjeven ut i Italua.[3] Etter å ha overlevd Sullivan og Parry gav han minneførelesingar om liva og verka deira. På eit tidspunkt då omdømet til Sullivan i akademiske musikalske sirklar ikkje var høgt, var Mackenzie sin omtale generøs og entusiastisk.[8]
På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet førte den framståande profesjonelle stillinga til Mackenzie til at han fekk ei rekkje ærestilvisingar frå universitet og akademi i Storbritannia og utlandet. Han blei slått til riddar i 1895, og utnemnd til Knight Commander of the Royal Victorian Order (KCVO) i 1922, året då ein feira hundreårsjubileet til Royal Academy. 15. oktober 1923 kringkasta BBC eit av dei fyrste døma på eit enkeltkomponistprogram, der dei spelte verk av Mackenzie i ein time og 45 minutt, dirigert av komponisten.[9] Då han fylte 86 blei han gjeven eit sølvfat av over førti kjende musikararar med faksimiler av namnetrekka deira, mellom anna Elgar, Delius, Ethel Smyth, Edward German, Henry Wood og Landon Ronald.
Mackenzie trekte seg tilbake frå akademiet og offentleg liv i 1924.[2] Han døydde i London i 1935, 87 år gammal.[4]
Verk
endreOxford Dictionary of National Biography skildrar musikken til Mackenzie som «cosmopolitan in style and somewhat old-fashioned for its period, displaying influences of French and German composers, including Bizet, Gounod, Schumann, and Wagner.»[5] Grove's Dictionary of Music and Musicians skriv at sjølv om musikken hans blei forbigått av verka til seinare komponistar, «he and his contemporaries may be regarded as having laid the foundations of the musical renaissance in 19th- and early 20th-century Britain».[3]
I tida si som lærar Edinburgh skreiv Mackenzie fleire verk, mellom anna ein pianotrio, ein strengekvartett og ein pianokvartett, og han fortsette ei omfattande komponering, trass i eit fullt tidsskjem både då og seinare. The Times lista opp 90 komposisjonar, der 20 var tydeleg skotske i natur.[4]
Orkesterverk av han omfattar ouverturen Cervantes, framført ved Schwarzburg-Sondershausen i 1877, tre Scottish Rhapsodies, ein fiolinkonsert urframført av Pablo de Sarasate ved Birmingham Festival i 1885,[10] ein «skotsk» pianokonsert (1897), ein suite, London Day by Day (1902),[11] og ein Canadian Rhapsody (1905).[12] Han skreiv teatermusikk til seks stykke, mellom anna Ravenswood og eit stykke av J.M. Barrie, The Little Minister.[13] Gravferdsmarsjen hans skreiv til Henry Irving si oppsetjing av Coriolanus blei spelt ved Irving si gravferd i 1905 og ved minnegudstenesta for Mackenzie ved St Paul's Cathedral i 1935. Han skreiv på ein symfoni, men fullførte han ikkje.[3]
Det var som komponist av vokalmusikk at Mackenzie først oppnådde nasjonalt ry. Kantaten hans The Bride var ein suksess ved Three Choirs Festival i 1881.[14] Edward Elgar spelte med fiolinane ved premieren, og sa seinare at møtet med Mackenzie var «the event of my musical life».[3] Ein andre kantate, Jason, for Bristol festival i 1882, blei også godt motteken.[15] Det best kjende korverket hans var oratoriet The Rose of Sharon, skrive for Norwich festival i 1884.[16] Teksten var omarbeidd frå Høgsongen (engelsk Song of Solomon) av Joseph Bennett, ein musikkmeldar ved The Daily Telegraph, som seinare skreiv librettoen til Sullivan sin The Golden Legend. The Dream of Jubal (1889) er ein uvanleg kombinasjon av resitasjon og korseksjonar som blei skriven for jubileet til Liverpool Philharmonic Society i 1889.[17]
Mackenzie skreiv sin fyrste opera i 1883. Colomba blei fyrst sett opp av Carl Rosa Company. Han var ein suksess, men den andre operaen hans The Troubadour (1886) var mindre vellukka.[18] Francis Hueffer sine librettoar for begge operaene var skrivne i ein forelda stil som vekte mykje kritikk. Mackenzie skreiv også ein einaktsopera, The Cricket on the Hearth, fyrst oppført i 1914, The Eve of St John (1924) og to nær fullførte operaer, The Cornish Opera og Le luthier.[3]
Kritikarar meinte at Mackenzie sin opera- og kormusikk generelt blei trekt ned av librettistane hans: «Much of his best work ... is neglected, partly because unlike his contemporaries, Parry and Stanford, Mackenzie went for the texts of his larger vocal works to such librettists as Joseph Bennett and Hueffer, instead of to the vital things of English poetry and literature.»[4] «[He] was content with librettos written by hacks according to the current operatic conventions.»[19] Dette gjaldt også det einaste forsøket hans på å skriva komisk opera, His Majesty, i ein stil liknande den til Gilbert and Sullivan. Operaen hadde libretto av F.C. Burnand og R.C. Lehmann med ekstra tekst av Adrian Ross, og hadde premiere ved Savoy Theatre i 1897.[20] The Times skreiv: «Mr Burnand's experience as a librettist of comic opera, and Sir Alexander Mackenzie's inexperience in this class of composition might lead the public to expect a brilliant book weighed down by music of too serious and ambitious a type. The exact opposite is the case.» Librettoen til Burnand blei omtalt som keisam og forvirra, men musikken til Mackenzie var «marked by distinction as well as humour.»[21]
Mackenzie skreiv også bøker om Giuseppe Verdi (1913) og Franz Liszt (1920). I memoara sine A Musician's Narrative (1927) omtalte han «a lifetime spent, boy and man, in the service of British music».[22]
Kjelder
endre- ↑ "Mackenzie, Sir Alexander Campbell", Who Was Who, A & C Black, 1920–2008; online edition, Oxford University Press, 2007, accessed 28 September 2009
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 "Alexander Campbell Mackenzie, August 22, 1847 – April 28, 1935", obituary, The Musical Times, Vol. 76, No. 1108, juni 1935, pp. 497–502.
- ↑ 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 Barker, Duncan J. "Mackenzie, Sir Alexander Campbell", Grove Music Online (requires subscription), accessed 27 September 2009
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 The Times obituary, 29 April 1935, p. 16
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 Carnegie, Moir, rev. Rosemary Firman. "Mackenzie, Sir Alexander Campbell (1847–1935)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004, accessed 28 September 2009
- ↑ Rothwell, s. 19
- ↑ Wright, David. "The South Kensington Music Schools and the Development of the British Conservatoire in the Late Nineteenth Century", Journal of the Royal Musical Association, 130 no. 2, ps 236–82; and Dibble, Jeremy. "Parry, Sir (Charles) Hubert Hastings, baronet (1848–1918)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004, vitja 30. september 2009
- ↑ Mackenzie, Alexander. "The Life-Work of Arthur Sullivan", Sammelbände der Internationalen Musikgesellschaft, May 1902, Franz Steiner Verlag, s. 539–64
- ↑ Radio Times, Issue 3, 14 October 1923, p. 9
- ↑ The Times , 28. august 1885, s. 5
- ↑ The Times, 24. februar 1902, s. 12
- ↑ The Times, 16. mars 1905, p. 11
- ↑ The Times, 8. november 1897, p. 6
- ↑ The Times, 10 September 1881, p. 6
- ↑ The Times, 20. oktober 1882, s. 5
- ↑ The Times, 23. mars 1885, s. 6
- ↑ The Times, 14. desember 1928, s. 16
- ↑ The Times, 9. juni 1886, p. 9
- ↑ "Alexander Mackenzie: A Neglected Generation", The Times, 15. august 1947, p. 6
- ↑ His Majesty homepage [daud lenkje], Gilbert and Sullivan Archive, vitja 30. september 2009
- ↑ The Times, 22. februar 1897, s. 7
- ↑ Sitert i The Musical Times-nekrologen.
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Mackenzie (composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Mackenzie (tonsättare)» frå Wikipedia på svensk, den 6. august 2022.
- Carlquist, Gunnar, red (1937). Svensk uppslagsbok. Bd 17. Malmö: Svensk Uppslagsbok AB. sid. 1140-41