Alliansen - Alternativ For Norge

norsk politisk parti

Alliansen - Alternativ for Norge, tidlegare Alliansen, er eit norsk høgreradikalt politisk parti.[1][2] Partileiaren Hans Jørgen Lysglimt Johansen har ved fleire høve stått fram med rasistiske og andre ekstremistiske haldningar. Partiet nominerte i 2021 dessutan fleire listekandidatar med forankring i nynazistiske miljø.[3]

Alliansen - Alternativ For Norge
LandNoreg
Partileiar(ar)Hans Jørgen Lysglimt Johansen
GrunnleggjararHans Jørgen Lysglimt Johansen
Grunnlagt22. november 2016
HovudkvarterOslo
Ideologinasjonalisme, nynazisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonBlokkuavhengig
Farge     Oransje
Slagord«Norge først!»

Alliansen blei skipa i 2016, og har hatt låg oppslutning ved val.[4][5] Ved stortingsvalet 2021 fekk partiet 2 489 røyster, som svarar til 0,1 % av gjevne røyster.[4] Alliansen mista partistønaden i oktober 2023 fordi det ikkje oppfylte minstekrava for slik stønad, ifølge partilovnemnda.[6]

Alliansenungdommen er ungdomslaget til partiet.[7]

Partiet er kritisert for å fremme høgreekstreme interesser. Ei rekkje framståande politikarar frå Framstegspartiet og Raudt har offentleg teke avstand frå Alliansen.[8][9][10][11]

Program og ideologi

endre

Einmannsparti

endre

Partiet er karakterisert av at det dels har berre ein tillitsvald, Hans Jørgen Lysglimt Johansen, og dels ikkje har medlemmar. Mest sentralt er at partiet ikkje har partiprogram. I staden er alle kandidatane fristilte kvar for seg og svarar ikkje for andre enn seg sjølv. Alle kan nominere kandidatar til Alliansen sine lister. Ein kan også nominere seg sjølv. Nominasjonar blir behandla i forumet til partiet. Lysglimt Johansen bestemmer åleine kven som skal stå på listene til partiet, ifølgje han sjølv basert på kriteria «sanndruelighet» og «mot».[12]

Ideologi

endre

Alliansen har koplingar til det nynazistiske miljøet i Noreg.[13] Leiaren for partiet er kjend for ei rekkje antisemittiske utsegner.[14]

Hovudsaka til Alliansen er ifølgje Lysglimt Johansen å få Noreg ut av EØS- og Schengen-avtalane med EU. Partiet er også oppteke av å stanse innvandring i tillegg til endringar i det demokratiske systemet.[15][8][9]

Alliansen har blitt kritisert for gjentekne gongar å ha gjeve uttrykk for framandfiendslege og rasistiske haldningar. På grunn av dette har ei rekkje politikarar frå Framstegspartiet og Raudt offentleg teke avstand frå Alliansen.[8][9][10][11]

Statsvitaren Hilmar Mjelde har skildra Alliansen som høgrepopulistisk og -radikalt og ein variant av den politiske stilen og plattforma til Donald Trump. Lysglimt Johansen markerte seg under valkampen i 2016 som ein uttalt Trump-tilhengjar i Noreg. Mjelde skildra partiet som Lysglimt Johansen sitt private foretak og eit personalistisk parti på same måten som Mogens Glistrup sitt parti, Fremskridtspartiet, i Danmark, Anders Langes parti i Noreg og Silvio Berlusconi sitt Forza Italia i Italia. Lysglimt Johansen har sagt tydeleg at Alliansen var basert på den politiske suksessen til Trump, og at han særleg er fornøgd med Trump som eit maskulint førebilete som står for forandring og imot fake news.[16][17][18]

Alliansen har ikkje eit tradisjonelt partiprogram. Partiet baserer seg på nasjonalistiske idéar og slagord som «Norge først!». Innvandringsmotstand går fram av partiutsegner som vesentleg ved sidan av nasjonal suverenitet.[16] Carline Tromp skriv at ordbruken til Alliansen minner om alt-right.[19]

Ein listetopp i Kongsberg ved 2023-valet erklærte seg som nazist med hat mot jødar, «negrar» og «sodomittar».[20]

Historikk

endre

Alliansen - Alternativ for Noreg blei stifta 22. november 2016 som «Alliansen» og registrert i Partiregisteret av Hans Jørgen Lysglimt Johansen den 5. januar 2017.[21] Partiet blei sletta i februar 2021, og eit nytt parti med namnet Alliansen - Alternativ for Norge blei registrert.[22]

I 2016 profilerte Hans Jørgen Lysglimt Johansen seg som Donald Trump-supportar.[23] Eit partiinitiativ med same namn blei tidlegare same haust initiert av Mikkel Dobloug der Christian Tybring-Gjedde var tiltenkt som leiar.[24][25]

Forsøk på etablering i Rogaland

endre

Hausten 2020 kjøpte ein mann, som var oppført som førstekandidat på Alliansen si liste i Rogaland, eit hus i Sola kommune for å etablere eit hovudkvarter for Alliansen der.[26] Dette førte til ein tverrpolitisk motstand så vel i kommunen som i Rogaland fylke mot nærværet og ideologien til Alliansen.[10][11] I desember 2020 blei det kjend at huseigaren hadde selt huset vidare, og trekt seg frå Alliansen si liste i Rogaland.[27]

Nytt parti 2021

endre

Partinamnet «Alliansen» blei sletta frå partiregisteret 16. februar 2021. Same dag blei det nye partiet «Alliansen – alternativ for Norge» nyregistrert. Partilovnemnda avgjorde at partistøtta til det fjerna partiet skulle opphøyre, og at det nye partiet ikkje hadde rett til å overta denne stønaden. Partileiinga grunngav nyopprettinga med at det ville vere enklare å samle inn 5 000 underskrifter nasjonalt enn 500 underskrifter i kvar valkrins.[28]

Valresultat

endre

Stortingsvalet 2017

endre

Partileiar Lysglimt Johansen gjekk i august 2017 ut og sa at «han tror flere partifeller er med i Den nordiske motstandsbevegelsen».[9]

Partiet stilte lister riksdekkjande i alle fylke ved stortingsvalet 2017 og fekk ei oppslutning på 0,11 prosent, i alt 3 308 røyster.[29]

I skulevalet 2017 fekk Alliansen 0,9 % av røystene. Ved Sam Eyde videregåande skule i Aust-Agder, den einaste skuledebatten der Lysglimt Johansen kunne stille, fekk Alliansen 8 %.[30] Valler videregåande skule i Bærum hadde den høgaste oppslutninga for Alliansen med 9,7 %, sjølv om legitimiteten rundt denne oppslutninga er omdiskutert.[31]

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

endre

Alliansen blei våren 2019 nekta åtgang til Arendalsuka, blant anna fordi Alliansen blei sett på som hatefull og Arbeidarpartiet truga med boikott.[32][33]

På Oslolista førte partileiaren Lysglimt Johansen opp fleire framståande FrP-politikarar, blant anna Jøran Kallmyr, som på det tidspunktet var justisminister i koalisjonsregjeringa til Erna Solberg, og Carl I. Hagen.[34]

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 stilte partiet liste i to kommunar, og fekk totalt 639 røyster.[treng kjelde]

Stortingsvalet 2021

endre

Fredriksstad Blad og Drammens Tidende rapporterte i desember 2020 at partiet verva underskrifter til valet under slagordet «Nei til bompenger.»[35][36] Dette blei kritisert av lokale «bomringlister» som Nei til bomring i Drammen[35] og Folkeaksjonen Nei til mer bompenger i Fredrikstad og Sarpsborg.[37]

Kommunaldepartementet påla partiet å tilbakebetale tre fjerdedelar av partistønaden det hadde fått for 2021, sidan det hadde sletta seg sjølv frå Partiregisteret og oppretta ei ny registrering under det nye namnet «Alliansen – alternativ for Norge», sidan nyregistrerte parti treng færre underskrifter for å kunne stille til stortingsval.[38]

Under valkampen i 2021 dukka Alliansen opp på Valler videregåande skule med plakatar der det stod «stopp døds-kvaksinen», og tilbaud 500 kroner for å ikkje ta coronavaksine.[39][40]

Alliansen fekk 1,4 % (1 747 røyster) på landsbasis i skulevalet i Noreg 2021.[41]

Partiet stilte lister riksdekkjande i alle fylke ved stortingsvalet 2021 og fekk ei oppslutning på 0,1 prosent, i alt 2 489 røyster.[42]

Kommunestyrevalget 2023

endre

Alliansen si liste til kommunevalet i Oslo inneheldt komikarar, personar frå ulike politiske parti, med fleire.[43] Johan Golden var oppført som fyrstekandidat. Han blei mot sin vilje ført opp også på liste ved kommunevalet for Alliansen i 2019. Golden heldt då ein pressekonferanse om forholdet og uttrykte at han var fullstendig ueinig med Lysglimt Johansen.[44]

Ved fylkestingsvalet i 2023 fekk partiet 0,1 % for Noreg som heilskap.[45]

Alliansenungdommen

endre

I 2018 gjorde ungdomsorganisasjonen seg merka ved å dele ut falske laupesetlar i Oslo; laupesetlane var tilsynelatande frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), med påstand om at MDG forsvarte barneekteskap.[46] MDG melde Alliansen til politiet for urettkomen bruk av andres identitet, som er straffbart etter straffelova § 202 og kan medføre opptil 2 års fengsel.[47]

Kjelder

endre
  1. «Kontakt». Alliansen (på norsk bokmål). Henta 5. januar 2023. 
  2. Krokfjord, Torgeir P. (6. august 2017). «Kritiserer «negre» og jøder og tror partifeller er med i fryktet nazigruppe». dagbladet.no (på norsk). Henta 12. oktober 2023. 
  3. Garvik, Olav (1. august 2023). «Alliansen - Alternativ for Norge». Store norske leksikon (på norsk). Henta 12. oktober 2023. «Hans Jørgen Lysglimt Johansen er leder i Alliansen – Alternativ for Norge. Han har ved flere anledninger stått fram med rasistiske og andre ekstremistiske holdninger. Partiet nominerte i 2021 dessuten flere listekandidater med forankring i nynazistiske miljøer.» 
  4. 4,0 4,1 «Valgresultat.no». valgresultat.no. Henta 5. januar 2023. 
  5. «Valgresultat.no». valgresultat.no. Henta 5. januar 2023. 
  6. NRK (6. oktober 2023). «Alliansen mister statsstøtten». NRK (på norsk bokmål). Henta 6. oktober 2023. 
  7. «Alliansenungdommen». Alliansen (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 5. januar 2023. Henta 5. januar 2023. 
  8. 8,0 8,1 8,2 NRK (22. november 2016). «– Dette er nasjonalisme med et smil». NRK (på norsk). Henta 16. juni 2017. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Krokfjord, Torgeir (6. august 2017). «Han tror flere partifeller er med i Den nordiske motstandsbevegelsen.». Dagbladet. «Hans Jørgen Lysglimt Johansen raser på nettet mot «negre», jøder og masseinnvandring. Han tror flere partifeller er med i Den nordiske motstandsbevegelsen.» 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Rødt-Mímir ber partiene stå sammen mot Alliansen». www.dagsavisen.no (på norsk). 20. oktober 2020. Henta 23. januar 2021. «Mímir Kristjánsson (Rødt) håper alle partier, fra hans eget til Frp, kan stå samlet mot Alliansen. Sola kommune ser på bruken av Alliansenhuset på Hellestø. | I går skrev RA om nasjonalistpartiet Alliansen, som prøver å få fotfeste i Rogaland. På Hellestø i Sola har partiet fått et hovedkvarter. Ifølge partileder, Hans Jørgen Lysglimt Johansen, har partiet fått nok stemmer til å stille liste i Rogaland ved neste års valg. Det bekymrer Mímir Kristjánsson i Rødt Stavanger. | – Det er trist at de etablerer seg. De er ikke ønsket i fylket. Rødt strekker ut hånden til Frp, og alle andre partier.(---) Sola-ordfører Tom Henning Slethei (Frp) er enig med Kristjánsson. | – Det er ikke et parti jeg ønsker velkommen til Sola, sier Slethei. | – Jeg kjente ikke mye til Alliansen og Lysglimt før, men jeg har lest meg opp. Noen av uttalelsene tilbake i tid står for et verdisyn som jeg ikke deler, sier Slethei. | Solabladet har tidligere snakket med gruppelederne i Sola kommune. Ingen av dem var begeistret for etableringen av Alliansen i kommunen.» 
  11. 11,0 11,1 11,2 sjefredaktør Bjørn G. Sæbø (20. oktober 2020). «Leder «Alliansen er uønsket»». www.dagsavisen.no (på norsk). Henta 23. januar 2021. «Det som gjør Alliansen til et element som fortjener å bli vist ryggen til, er Hans Jørgen Lysglimt Johansens Holocaust-fornektelse, antisemittisme og rasisme. Både på Twitter og i avisintervjuer har Alliansen-lederen framført avskyelig hatpolitikk. (---) Det er klokt av ordfører Tom Henning Slethei (Frp) i Sola å erklære Alliansen for uønsket i kommunen der Hans Jørgen Lysglimt Johansen har etablert sitt «hovedkvarter». Andre ledende Sola-politikere tar også avstand fra etableringen i kommunen, og til RA har Rødts stortingskandidat Mímir Kristjánsson oppfordret alle politikere om å stå sammen i motstanden mot Lysglimt Johansen og Alliansen.» 
  12. «Alliansens konspirasjonsproblem», John Færseth, innlegg hos Antirasistisk Senter, 22. mai 2017
  13. Skybakmoen, av Harald S. Klungtveit og Jonas (6. mai 2021). «FILTER AVSLØRER: Slik kobler Alliansen tenåringer med nynazister i valgkampen». Filter Nyheter (på norsk bokmål). Henta 18. mai 2021. 
  14. Nordgaard, Tor-Bjørn (19. desember 2018). «Politiet undersøker Holocaust-fornekting». Norge IDAG (på norsk). Henta 18. mai 2021. 
  15. «Nytt politisk parti vil ha Norge ut av EØS». ABC Nyheter. 22. november 2016. Henta 16. juni 2017. 
  16. 16,0 16,1 Mjelde, Hilmar (2020). ««Gjør Norge storslått igjen»». Norsk medietidsskrift (på norsk) 27: 1–17. ISSN 0805-9535. doi:10.18261/ISSN.0805-9535-2020-04-04. Henta 7. mai 2021. 
  17. Mjelde, Hilmar (2020). ««The Grand Old Party» i Trumps tid: Det republikanske partiet som personalistisk parti». Norsk statsvitenskapelig tidsskrift (på norsk) 36: 44–51. ISSN 1504-2936. doi:10.18261/issn.1504-2936-2020-01-04. Henta 7. mai 2021. 
  18. Mjelde, Hilmar (2020). ««The Grand Old Party» i Trumps tid: Det republikanske partiet som personalistisk parti». Norsk statsvitenskapelig tidsskrift (på norsk) 36: 44–51. ISSN 1504-2936. doi:10.18261/issn.1504-2936-2020-01-04. Henta 7. mai 2021. 
  19. Tromp, Carline (2018). «Trollene som ikke sprakk». Nytt Norsk Tidsskrift (på norsk) 35: 178–189. ISSN 1504-3053. doi:10.18261/issn.1504-3053-2018-02-07. Henta 7. mai 2021. 
  20. Klungtveit, Harald S. (7. september 2023). «Listetopp i valget erklærte seg som nazist i fjor: Joachim (32) dyrker hat mot jøder, «negre» og «sodomitter»». Filter Nyheter (på norsk bokmål). Henta 12. oktober 2023. 
  21. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret». Henta 19. juni 2017. 
  22. Se oppdaterte opplysninger i Partiregisteret; besøkt 7. mai 2021.
  23. «Nytt parti vil ha Norge ut av EØS». Fri Fagbevegelse. 23. november 2016. 
  24. «Norsk mangemillionær og frimurer åpner opp om nytt parti og middagen med Frp-toppene:- Dette er fjæra som ble til ti høns». Dagbladet.no (på norsk). 7. november 2016. Henta 13. juli 2017. 
  25. NTB, Heidi Schei Lilleås (23. november 2016). «Dobloug: Må gi opp nytt parti». Nettavisen (på norsk). Henta 21. desember 2020. 
  26. «Dette er det ytterliggående partiet Alliansen sitt nye «hovedkvarter»». www.dagsavisen.no (på norsk). 19. oktober 2020. Henta 23. januar 2021. 
  27. «Alliansenhuset på Tjelta er solgt - Gimre trekker seg som førstekandidat». www.dagsavisen.no (på norsk). 16. desember 2020. Henta 23. januar 2021. «Huseier og toppkandidat til Alliansen Rogaland, Arvid Gimre, har solgt huset som partiet disponerte på Hellestø, Sola.» 
  28. «Det høyreradikale partiet Alliansen må tilbakebetale statsstøtte». VG. 5. juni 2021. 
  29. «Resultater fra Stortingsvalget 2017». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 23. januar 2021. 
  30. «På denne skolen i Arendal ble Alliansen fjerde største parti». Agderposten (på norsk). 10. september 2017. Henta 2. mai 2018. [daud lenkje]
  31. «Valler videregående skole - Skolevalg - Samfunnsveven». www.samfunnsveven.no (på norsk). Arkivert frå originalen 30. april 2018. Henta 30. april 2018. 
  32. «VG, Arbeiderpartiet truer med boikott». VG. 29. mai 2019. Henta 6. juni 2019. 
  33. Mogen, Trym (30. mai 2019). «Alliansen får ikke delta på Arendalsuka». Dagbladet. Henta 6. juni 2019. 
  34. «Alliansen-leder satte uvitende Frp-topper på lokalvalgsliste». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 3. april 2019. Henta 23. januar 2021. «Hans Lysglimt Johansen vil stille liste til høstens valg for partiet Alliansen. På listen står justisminister Jøran Kallmyr og Carl I. Hagen, mot sin vilje. (---) Listen ble oppdaget mandag, da Johansen forsøkte å samle inn de siste av 300 underskrifter som må til for å kunne stille liste. Da var det bare timer før fristen gikk ut, skriver Dagbladet. | På listen til minipartiet sto blant annet en rekke Frp-topper, inkludert justisminister Jøran Kallmyr, tidligere partileder Carl I. Hagen, stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde og Oslo-leder Tone Ims Larssen. Justisministerens politiske rådgiver sier at Kallmyr ikke har samtykket til å stå på listen og at han dessuten står ført opp for Frp i Frogn.» 
  35. 35,0 35,1 Moen, Borgvald (19. desember 2020). «(+) «Alliansen» samler inn underskrifter mot bomring i Drammen, men hjertesaken er kamp mot innvandring». Drammens Tidende (på norsk). Henta 22. april 2021. 
  36. Lian, Truls (9. desember 2020). «(+) Her samler de underskrifter til høyreradikalt parti: – Jeg ante ikke hva jeg skrev under på». Fredriksstad Blad (på norsk). Henta 22. april 2021. 
  37. Andersen, Svein; Smerud, Terje (14. desember 2020). «Folkeaksjonen nei til mer Bompenger vil ikke forveksles med Alliansen». Fredriksstad Blad (på norsk). Henta 22. april 2021. 
  38. Martin Lægland (5. juni 2021). «Det høyreradikale partiet Alliansen må tilbakebetale statsstøtte» (på norsk bokmål). VG. Arkivert frå originalen 9. juni 2021. Henta 17. juli 2021. 
  39. «Alliansen anmeldes etter stunt på videregående skole». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 8. september 2021. 
  40. Stoksvik, Marthe (6. september 2021). «Hans Jørgen Lysglimt Johansen fra Alliansen delte ut penger til elever under skolevalget». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. september 2021. 
  41. «Skolevalg 2021». skolevalg.nsd.no (på engelsk). Henta 8. september 2021. 
  42. «Valgresultat.no». valgresultater.no. Henta 22. september 2021. 
  43. «Alliansen - Alternativ for Norge Kommunestyrevalg 2023 i Oslo», Valgdirektoratet, 2023
  44. «Provoserer med Pride-liste», Dagbladet, 29. mars 2023
  45. «Valgresultat for Norge – Valg 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 6. oktober 2023. 
  46. «Delte ut falske MDG-løpesedler i Oslo». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 6. juni 2018. Henta 23. januar 2021. «Mens standen ble gjort klar, fikk en journalist i Aftenposten en løpeseddel som tilsynelatende er fra Miljøpartiet de Grønne (MDG) i hånden. | Ved siden av en avbildet barnebrud står det: | «Hva jeg og min ektemann gjør på soverommet er vår avgjørelse. | Det er uakseptabelt at etnisitet, alder, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, seksuell orientering eller funksjonsevne begrenser individers deltagelse, innflytelse og livskvalitet». | Flyvebladet henviser til MDGs arbeidsprogram for 2017–2021, og bruker emneknaggen #respektforallekulturer. | Partilederen kaller det rampestreker : Lysglimt Johansen bekrefter at det er Allianseungdommen, Alliansens ungdomsorganisasjon, som delte ut flyvebladene.» 
  47. «MDG anmelder Alliansen etter at det ble delt ut falske løpesedler på stand». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 17. juni 2018. Henta 23. januar 2021. «Brukte MDGs logo for å feilaktig hevde at partiet var for barneekteskap.» 

Bakgrunnsstoff

endre