Anette Trettebergstuen
Anette Trettebergstuen (fødd 25. mai 1981 i Hamar i Hedmark) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005, og vart på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2009 vald inn i sentralstyret til partiet. I 2019 ble hun valt til leiar i Arbeiderpartiets kvinnenettverk.[1]
Anette Trettebergstuen | |
![]() | |
Fødd | 25. mai 1981 (41 år) Hamar |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Høgskolen i Oslo Hamar katedralskole |
Ho har vore kultur- og likestillingsminister i Regjeringa Støre siden 2021.
Trettebergstuen voks opp på Ridabu i Hamar, og har bakgrunn frå AUF i Hedmark, der ho var leiar 2002–2004. Ho sat i kommunestyret og formannskapet i Hamar frå 1999 til ho vart vald inn på Stortinget i 2005. Trettebergstuen vann 3. plassen på stortingsvalslista til Hedmark Arbeidarparti etter kampvotering mot sitjande stortingsrepresentant Eirin Faldet. Trettebergstuen, som var AUF sin kandidat, vann voteringa med 71 mot 70 stemmer. Trettebergstuen vart vald på nytt til Stortinget i 2009. Ho sat frå 2005-2009 i Utanrikskomiteen og vart etter valet i 2009 Arbeids og Sosialpolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet og nestleiar i Arbeids og Sosialkomiteen. Trettebergstuen sit i gruppestyre til Arbeidarpartiet i Stortingsgruppa.
Trettebergstuen har vore fylkesleiar, sentralstyremedlem og politisk nestleiar i Europeisk Ungdom, og arbeidde som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet med saksfelt justis, samferdsle, energi og miljø. Ho har studert statsvitskap, psykologi og public management ved Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Hedmark og Universitetet i Oslo. Trettebergstuen er nestleiar i Hedmark Arbeidarparti. Frå 2004 til 2006 var ho også sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking. I perioden 2005–2006 sat ho i styret i Homofile og lesbiske sosialdemokratar. Sidan 2007 har Trettebergstuen vore sentralstyremedlem i Europarørsla. Trettebergstuen sit også som den yngste i sentralstyret til Arbeidarpartiet, der ho vart vald inn i 2009.
På fritida har Trettebergstuen jobba som disc jockey på forskjellige utestader i Oslo.
Nettstaden Gaysir kåra i 2009 og i 2010 Trettebergstuen til «Noregs mektigaste lesbiske kvinne».[2] I 2008 kom ho på andreplass i same kåring, bak sjefredaktøren i Dagbladet, Anne Aasheim.
StortingskomitearEndra
- 2005–2009: Medlem av Den utvida utanrikskomiteen
- 2009–2013: Medlem av Arbeids- og sosialkomiteen
- 2005–2009: Medlem av Utanrikskomiteen
ReferansarEndra
- ↑ «Trettebergstuen ble valgt». nrk.no. Henta 7. mars 2019.
- ↑ «Lesbetoppen 2010». Gaysir.no. 7. januar 2010. Henta 13. juni 2010.
BakgrunnsstoffEndra
- Arbeidarpartiet – Biografi Arkivert 2013-07-03 ved Archive.is