Lubna Jaffery
Lubna Boby Jaffery (fødd 2. april 1980)[1] er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Etter stortingsvalet i 2021 er ho fast møtande vararepresentant på Stortinget for Hordaland for statsråd Marte Mjøs Persen, og fyrste nestleiar i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Frå 29. oktober 2019 var ho byråd for arbeid, sosial og bolig i Bergen kommune. Jaffery har vore kultur- og likestillingsminister sidan 28. juni 2023.[2]
Lubna Jaffery | |||
| |||
Fødd | 2. april 1980 (44 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bergen | ||
Alle verv |
|
Bakgrunn
endreOppvekst og familie
endreJaffery er barn av arbeidsinnvandrarar frå Pakistan.[3] Faren hennar kom til Noreg i 1971 som 28-åring og fekk i 1979 familiegjensameining med mora til Jaffery. Jaffery vaks opp på Flaktveit i Åsane bydel i Bergen. Ho gjekk på Li og Marikollen skule. Då ho var 15 år melde ho seg inn i AUF.[4] Jaffery har ei dotter.
Utdanning
endreJaffrey har mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen fra 2007. Ho har på same universitet grunnfag og mellomfag i samanliknande politikk. Ho har også grunnfag frå Universitetet i Bergen innan offentleg rett og grunnfag i sosiologi.
Politiske karriere
endreJaffery har hatt diverse verv i sin ungdom i AUF, deriblant leiar av Hordaland AUF i perioden 1998–1999 og medlem av sentralstyret i AUF i perioden 2000–2004.[5]
Byråd
endreJaffery vart utnemnd til byråd for arbeid, sosial og bolig i Bergen kommune den 29. oktober 2019.[6][7] Ho har elles vore medlem i Bergen bystyre i periodane 1999–2003 og 2015–2019, og vart gjenvald for perioden 2019 til 2023, men ho har permisjon frå bystyrevervet så lenge ho er byråd. I perioden 2003–2007 var ho medlem av kommunestyret i Fjell kommune.[5]
Politisk rådgjevar og sekretær
endreFrå 2008 var Jaffery politisk rådgjevar fyrst for arbeidsminister Bjarne Håkon Hanssen, deretter for Dag Terje Andersen. Frå mars 2009 var ho rådgjevar for helseminister Bjarne Håkon Hanssen. Jaffery var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i to periodar 2009–2013. Då Anniken Huitfeldt vart kulturminister 20. oktober 2009, peika ho ut Jaffery som statssekretær med ansvar for kultursakene, ei stilling ho hadde fram til mars 2012.[8]
Jaffery var frå då ho vart utnemnd til politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i mars 2008 til ho gjekk av som statssekretær i Kulturdepartementet i september 2012 den einaste i Stoltenberg II-regjeringa med minoritetsbakgrunn.[4]
Statsråd
endreDen 28. juni 2023 overtok Jaffery statsrådposten som kultur- og likestillingsminister i Regjeringa Støre etter at Anette Trettebergstuen gjekk av på grunn av brot på habilitetsreglane.[2]
Andre verv
endreFør Jaffery vart utnemnd som politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i Stoltenberg II-regjeringa, jobba ho som rådgjevar i SINTEF. Etter ho gjekk av som statssekretær i Kulturdepartementet i 2012, har ho jobba som spesialrådgjevar i arbeidsgjevarforeininga Spekter, rådgjevar i Geelmuyden Kiese, kommunikasjonssjef i Tide og seniorrådgjevar i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.[5][7]
Jaffrey er styreleiar i Riksscenen. Ho var i perioden 2015 til 2019 nestleiar i styret til Festspillene i Bergen. Ho har hatt ei rekkje andre organisatoriske verv, blant anna juryleiar av mangfaldsprisen i Bergen, styreleiar for BIT 20 ensemble, styremedlem i Litteraturhuset i Bergen, BIT Teatergarasjen og Fargespill.[9]
Kjelder
endre- ↑ «Curriculum Vitae» (PDF). Bergen Kommune (på norsk). Arkivert frå originalen (PDF) 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Amund Rotbakken-Gundersen & Kirsti Haga Honningsøy. «Lubna Jaffery er ny kultur- og likestillingsminister» (på norsk bokmål). NRK. Henta 28. juni 2023.
- ↑ «Hvordan kan det ha seg at jeg, barn av arbeidsinnvandrere, har et sånt lidenskapelig forhold til denne dagen?». Bergens Tidende (på norsk bokmål). Henta 1. februar 2020.
- ↑ 4,0 4,1 «Den nye stjerna». Dagbladet (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2020.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Tvedt, Knut Are (26. februar 2020). «Lubna Jaffrey». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2020.
- ↑ Adrian Nyhammer Olsen; Even Norheim Johansen & Valentina Baisotti. «Her er Bergens nye byråd» (på norsk bokmål). NRK. Henta 28. juni 2023.
- ↑ 7,0 7,1 «Lubna Boby Jaffery (Ap)». Bergen Kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Endringar blant statssekretærane». Regjeringen.no. Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Om Riksscenen». Rikssscenen.no (på norsk). Henta 1. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Lubna Jaffery» frå Wikipedia på bokmål, den 26. november 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Lubna Jaffery hos regjeringen.no.