Bypost og lokalpost er lokal postombering utført av private firma i konkurranse med det statlege postvesenet, eller før det fanst ei tilfredsstillande offentleg postombering.

Tromsø hadde bypost 1881-89

Frå Postvesenet vart oppretta i 1647 var brevformidling eit statleg monopol i Danmark-Noreg. Eineretten omfatta imidlertid ikkje lokal postformidling i byane. Med aukande postmengder opna dette for privat bypost i mange byar. Postloven av 1888 utvida Postvesenets einerett til brevformidling (lukka sendingar) i heile landet, dvs også lokalt i byane. Nokre av bypostane fekk likevel halde fram. Den siste – Trondhjems Bypost – vart avvikla først i 1913 då eigaren døydde.

Slike bypostfirma har hatt liten betydning samferdsleshistorisk, men fleire har gjeve ut eigne frimerke, og desse frimerka er eit eige samlerområde for filatelistar.[1]

I Noreg har det eksistert bypost i fleire byar:

Kjelder endre

  1. Sanness, Stian (1944). Norges bypostmerker. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. mars 2005, henta 20. mai 2009 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. mars 2005, henta 20. mai 2009 
  4. http://home.c2i.net/vardofk/BYPOST.htm
  5. Håndbok over norske filatelistika 1969

Bakgrunnsstoff endre