Carl-Gustaf Rossby
Carl-Gustaf Arvid Rossby (fødd 28. desember 1898 i Stockholm, død 19. august 1957 i Stockholm) var ein svensk-amerikansk meteorolog som først forklarte dei storskala rørslene i jordatmosfæren ved hjelp av væskemekanikk.
Rossby kom inn i meteorologi og oseanografi medan han studerte under Vilhelm Bjerknes i Bergensskulen i meteorologi i 1919, der gruppa til Bjerknes utvikla eit konsept for polarfronten og på Universitetet i Leipzig. han studerte òg ved Lindenberg observatorium i Brandenburg der det vart forska på målingar i høgda med drakar og ballongar. I 1921 kom han attende til Stockholm for å arbeide ved SMHI som meteorolog på forskjellige oseanografiske ekspedisjonar. Medan han var heime mellom ekspedisjonane studerte han matematisk fysikk ved Universitetet i Stockholm.
I 1925 fekk Rossby medlemskap i Den svensk-amerikanske stiftinga for å studere «korleis polarfrontteorien påverka amerikansk vêr». I U.S. Weather Bureau i Washington, DC kombinerte han det teoretiske arbeidet på atmosfærisk turbulens med opprettinga av den første vêrtenesta for luftfart.
I 1928 vart han professor i Luftfartsdepartementet i Massachusetts Institute of Technology. Kort tid etter vart dette det første amerikanske meteorologidepartementet. I 1931 vart han òg forskar på Woods Hole Oceanographic Institution. Interessa hans på denne tida varierte frå atmosfærisk termodynamikk, miksing og turbulens og vekselverknaden mellom hav og atmosfære.
I 1938 vart han amerikansk statsborgar og året etter assisterande direktør for forskinga ved U.S. Weather Bureau. Frå 1940 leia han meteorologiavdelinga på University of Chicago der han starta å fokusere på storskala atmosfæriske rørsler. Han identifiserte og karakteriserte både jetstraumen og rossbybølgjer i atmosfæren.
Under den andre verdskrigen organiserte Rossby opplæring av miliære meteorologar, og rekrutterte mange av dei til avdelinga si i Chicago etter krigen. Her starta han den matematiske skildringa av dynamikken i atmosfæren som vart brukt i dei første datamaskinane som vart nytta i vêrvarsling. I 1947 grunnla han det svenske meteorologiske instituttet i Stockholm, og var delvis her, i Chicago og Woods Hole.
Mellom 1954 til han døydde i Stockholm i 1958 utvikla han feltet atmosfærisk kjemi. Bidraga hans til meteorologien vart minna i Time Magazine i 1956 og biletet av han var på framsida av magasinet.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carl-Gustav Rossby» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2009.