Christian Birch-Reichenwald

Christian Birch-Reichenwald (4. januar 18148. juli 1891) var ein norsk embetsmann, statsråd og stortingsmann. Peter Birch-Reichenwald var sonen hans.

Christian Birch-Reichenwald

Fødd4. januar 1814
Sørum kommune
Død8. juli 1891 (77 år)
Statsborgar avNoreg
Partipartilaus
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarPaul Hansen Birch
BarnPeter Birch-Reichenwald
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1848–1850)
  • ordførar i Oslo (1846–1846)
  • ordførar i Oslo (1862–1862)
  • ordførar i Oslo (1864–1865)
  • stortingsrepresentant (1854–1856)
  • stortingsrepresentant (1862–1864)
  • stortingsrepresentant (1865–1867)
  • Norsk justisminister (1860–1861)
  • Norges revisjonsminister (1858–1859)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1859–1860)
  • fylkesmann i Oslo og Akershus (1855–1858)
  • fylkesmann i Østfold (1847–1855) Sjå dette på Wikidata

Birch-Reichenwald var fødd på Blaker skanse i Aurskog, der far hans var offiser. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1830, studerte 1831 i Uppsala, deretter cand. jur. 1834 frå universitetet i Christiania. Atten år gammal vart han leiar for Studentersamfundet. Etter kvass debatt braut han og vel 50 andre medlemer ut av samfunnet og danna ei ny studentforeining som gav ut tidsskriftet Vidar. Johan Sebastian Welhaven, Anton Martin Schweigaard og Bernhard Dunker var mellom studentvennene hans.

I 1835 byrja Birch-Reichenwald å arbeide i Justisdepartementet. Byråsjef 1839 i Kyrkjedepartementet, ekspedisjonssjef 1841. År 1847 vart han amtmann i Smaalenenes amt, frå 1852 hadde han tilsvarande embete i Akershus. Til sist sorenskrivar i Aker 1869-89.

Han var medlem av bystyret i hovudstaden 1843-46 og 1861-66, varaordførar 1845, ordførar 1846 og 1862-66. I 1855 var han eit halvt års tid direktør i Hovudjarnbanen og 1854 formann i ein kongeleg kommisjon om verneplikt og utskriving.

1848 og 1854 var Birch-Reichenwald stortingsrepresentant for Moss og Drøbak. På 1848-tinget var han formann i justiskomite nr 1, 1854 formann i vegkomiteen og komiteen om vegskatten, samt medlem av Lagtinget. Då han møtte på Stortinget 1862-66, representerte han Christiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var 1862-64 medlem av Lagtinget og 1865-66 president i same. Formann i kyrkjekomite nr 2 i 1862-63 og i gasje- og pensjonskomiteen 1865-66.

Birch-Reichenwald vart statsråd i desember 1858, då han tok over leiinga i Justisdepartementet. Han var ein nær venn av kong Karl IV, og ettersom kongen oftast rådførte seg med han før regjeringa tok avgjerd i sakene, var han «de facto» regjeringssjef i tre år.[1] Dette tok slutt då han gjekk imot kongen i ein konflikt om Noregs rettar. Han gjekk då, i desember 1861, ut av regjeringa i protest mot kongen si avgjerd.

Birch-Reichenwald døydde i Kristiania i 1891.

Kjelder endre

Notar endre

  1. Her hviler…, Oslo kommune 1999 (PDF)