Christian H. Grosch

norsk arkitekt
(Omdirigert frå Christian Grosch)

Christian Heinrich Grosch (fødd 21. januar 1801 i København, død 4. mai 1865 i Christiania) var ein norsk arkitekt. Han vart den fremste og mest produktive arkitekten i Noreg i første del av 1800-talet, og han teikna flesteparten av dei offentlege byggverka i den nye hovudstaden Christiania.[1]

Christian Heinrich Grosch

Christian Grosch. Bilete tilhøyrer Oslo Museum
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 21. januar 1801
København i Danmark
Død

4. mai 1865 (64 år)
Christiania i Noreg

Utdanning Elev av faren ved Den kongelege Tegneskole i Christiania
Det Kongelige Danske Kunstakademi
Murerlære
Yrke Arkitekt og stadskonduktør
Språk norsk
Far Heinrich August Grosch
Christian H. Grosch på Commons
Universitetsbygningane (1854)
Foto: Mahlum

Grosch var son av den tyske koparstikkaren Heinrich August Grosch som budde i København med familien. Da Christian Grosch var 10 år gamal flytta familien til Noreg og busette seg i Fredrikshald (Halden).[2] Etter nokre år flytta dei til Christiania kor faren fekk arbeidd som lærar ved Den kgl. Tegneskole.

Christian H. Grosch fekk si grunnleggjande utdanning ved Tegneskolen, der han òg sjølv underviste. I 1824 fullførte han studia ved Akademiet i København. Attende i Noreg vart han assistent for arkitekt Linstow under prosjekteringa av Slottet. I 1827 blei han stadskonduktør – byplansjef og bygningssjef – i Christiania. Samstundes kunne han driva ein utstrekt privat praksis.

Valbergtårnet i Stavanger
Foto: Ranveig Thattai

Mellom dei viktigaste arbeida som arkitekt er Børsen frå 1828, Norges Bank si Christiania-avdeling 1830, Observatoriet i Oslo 1834, Christiania Theater 1837, Universitetsbygningane ved Karl Johans gate 1838-1854, Basarhallane og Brannvakta ved Vår Frelsers kyrkje 1840-1859, og Krohgstøtten Sykehus 1859. I tillegg til desse og andre offentlege bygg i hovudstaden teikna han ei lang rad bygardar, landstader og industribygg. Utanfor Oslo har han mellom anna teikna Latinskolen og Rådhuset i Halden og Tollboden i Stavanger. Som arkitekt for kyrkjer sette han spor etter seg over heile landet – kring 80 kyrkjer frå Halden til Kirkenes. Omkring ti åttekantkyrkjer vart oppført etter teikning av Grosch.

Dei tidlege arbeida til Grosch syner sterk innflyting frå dansk klassisisme og læraren C. F. Hansen. Etter at han byrja arbeidet med Universitetsbygga, vart han sterkt påverka av den preussiske arkitekten Schinkel. Han gjorde endringar på fasadeteikningane til dette hovudverket av Grosch. Etter 1840 byrja Grosch å arbeida i nyromansk og nygotisk stil, med fasadar vesentleg i upussa tegl. Grosch teikna òg også ei rad bustader og kyrkjebygg i tre, i sveitserstil med innslag av nygotikk og element frå norske stavkyrkjer.

Kjende byggverk endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Christian H. Grosch