Conquistador av Procol Harum

Conquistador
Song av Procol Harum
frå albumet Procol Harum
Utgjeve September 1967
Innspelt Juni 1967
Sjanger psykedelisk rock
Lengd 2:42
Selskap Regal Zonophone (Storbritannia)
Deram (USA)
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Keith Reid
Produsent Denny Cordell
Conquistador
Singel av Procol Harum
frå albumet Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra
Utgjeve 1972
Innspelt 18. november 1971
Spelestad Northern Alberta Jubilee Auditorium i Edmonton
Sjanger psykedelisk rock, symfonisk rock
Lengd 5:02
4:16 (singel)
Selskap Chrysalis
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Keith Reid
Produsent Chris Thomas
Procol Harum-kronologi
«A Salty Dog»
(1969)
Conquistador «Grand Hotel»
(1973)


«Conquistador» er ein song av det britiske rockebandet Procol Harum. Han var skriven av Gary Brooker og Keith Reid og ført gjeven ut i 1967 på debutalbumet deira. Han vart sidan gjeven ut på singel frå konsertalbumet deira Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra i 1972. Det er ein av dei mest kjende og populære songane deira og den tredje topp 40-hitten deira på den amerikanske Billboard Hot 100 (etter «A Whiter Shade of Pale» og «Homburg» frå 1967), som nådde 16. plassen.

Bakgrunn og komposisjonEndra

Teksten til songen var skriven av Keith Reid med musikk komponert av Gary Brooker, som òg var vokalist. Songen kom ut i 1967 på albumet Procol Harum.[1] Musikken vart skriven før teksten, noko som var uvanleg for Procol Harum. Reid fortalte at Brooker hadde skrive eit spanskklingande musikkstykke før bandet vart offisielt skipa, og Reid valte å skrive ein tekst om ein conquistador.[2] I august 1971 vart Procol Harum invitert til å spele med Edmonton Symphony Orchestra i Edmonton i Alberta. «Conquistador» vart lagt til settet med lita tid til overs, og orkesteret hadde ikkje tid til å øvre. Likevel byrja dei konserten med songen og konserten vart gjeven ut på albumet Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra, der «Conquistador» vart den første singelen.[3]

Utgjeving og mottakingEndra

Etter «A Whiter Shade of Pale» er «Conquistador» den singelen av bandet som gjorde det best. Han nådde 16. plassen på Billboard Hot 100 den 29. juli 1972, nøyaktig fem år etter «A Whiter Shade of Pale» klatra til femteplassen. Dette var med å skyte albumet opp til topp fem på albumlista.[3] «Conquistador» nådde 22. plassen på UK Singles Chart.[4] Songen vart godt motteken av musikkpressa. Bruce Eder frå Allmusic omtalte songen som «den mest lyttarvennlege» på Procol Harum Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra, og la til at «ingenting anna på albumet er like spanande som denne.»[3] Songen var oppført i Dave Thompson sin 1000 Songs that Rock Your World.[5]

MedverkandeEndra

1967

1972

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1968) Plassering
Australia (Go-Set)[6] 33
Liste (1972) Plassering
Australia KMR[7] 4
Canada RPM Top Singles 7
Nederland 8
New Zealand (Listener)[8] 3
UK Singles Chart[4] 22
U.S. Billboard Hot 100[3] 16
U.S. Cash Box Top 100[9] 18

ÅrslisterEndra

Liste (1972) Plassering
Australia [7] 45
Canada [10] 81
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[11] 141

Andre utgåverEndra

  • Progrockbandet Transatlantic spelte denne songen i 2014 på albumet deira Kaleidoscope.
  • Ein versjon av Killdozer kom ut på 7"-singelen «Michael Gerald's Party Machine presents...»
  • Percy Faith and His Orchestra and Chorus spelte inn songen i 1972 på albumet deira Day by Day.

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce. «Procol Harum review». Allmusic. Macrovision Corporation. Henta 2. september 2019. 
  2. «Conquistador by Procol Harum». Songfacts. Henta 2. september 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Eder, Bruce. «Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra review». Allmusic. Macrovision Corporation. Henta 2. september 2019. 
  4. 4,0 4,1 Roberts 2006, p. 440
  5. Thompson 2011, p. 138.
  6. Go-Set National Top 40, 31. januar 1968
  7. 7,0 7,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (doc). Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. Flavour of New Zealand, 16. oktober 1972
  9. Cash Box Top 100 Singles, 29. juli 1972[daud lenkje]
  10. «Best of Songar frå 1972 and music, on». Musicandyears.com. 12. november 2010. Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 13. juli 2017. 
  11. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

BakgrunnsstoffEndra